mandag 18. januar 2016

Denne helga altså!

Eg har berre eit ord å seie: Perfekt! Vi har hatt snø og sol både laurdag og søndag! Nydleg! Vi har gått kjempelangt på ski, så det kjennes neste som om vi har vore på treningshelg! Eller som at vi har hytte på fjellet!

For 1 minutt unna huset vårt såg det slik ut på laurdag:
Heilt nydleg! Vi lagde løyper med tre bakker i ulike nivå, liten bakke, mellombakke og monsterbakke - og her susa vi rundt i timesvis! Lillesøster vart ferdig litt fortare enn oss, men da var det raskt å hente akebrettet heime. Vi ville vere lengst mogleg ute, så lenge det var lys i alle fall!
Vi bestemte oss på laurdag at vi skulle køyre til Alvøskogen å gå på ski på søndag. Storebror hadde turdag med skulen tidlegare i veka, så vi hadde nokre grillpølser som burde bli spist. Vi gjekk på ski frå Storavatnterminalen til Vassenden der det var sol og grue som vi kunne tenne bål i.
Kakao og bjørneteppe!
Vi fikk ein liten vekker på at vi faktisk har med oss forholdsvis små barn. Eg veit ikkje om vi gløymer det innimellom, men det hender på enkelte turar vi tar at eg tenkjer at no har vi strekt strikken for langt. Lillesøster var alt sliten etter ein aktiv dag i snøen på laurdag, og hadde tradisjonen tru hatt ei natt der ho har vore voken utan at vi viste om det. Storebror fann ho sovande på sofaen da han stod opp kl.08:00. Så ho var godt trøtt. Skiskoene var litt for små, så rundt halvvegs til grillplassen fikk ho nok og skreik så heile alle som var på fredleg skogstur fikk seg ein overraskelse. Sidan ho var blitt kald på beina dagen før også hadde vi med vintersko til ho som ho fikk skifte til. Men ho vart liksom ikkje varm igjen. Det var minus 11 grader, så kaldt at vi opplevde at den varme suppa vi hadde med oss ganske fort vart til slush. Da ho la seg ned i snøen og sa at ho ville sove var det faktisk litt ekkelt å vere den som har tatt ho med seg ut. Men vi fikk varmen i ho igjen, og da ho gjekk vedsidan av oss utan ski på beina tilbake til bilen var ho varm og glad igjen. Og ikkje minst verdens søtaste i bjørneteppe som eg hadde pakka med til bålkosen.
Her er utstikta frå grillplassen vår! Ved vatnet var det fleire svaner med svanebarn, heilt nydleg! Sett vekk ifrå at eg ei lita stund trudde at vi måtte køyre til Haukeland med ein unge med kroppstemperatur langt under den anbefalte - var dette heilt fantastisk!
Her er vi på veg tilbake. Tre av fire på ski, og ein liten bjørn på varme føtter. Eg og mannen hadde ganske tunge sekker, så dette var skikkelig trening! Nydleg var det i Alvøskogen! Og storebror som hadde store nok skisko har blitt knallgod å gå på ski i helga! I går susa han avgårde ned store bakker utan å dette, og han fikk også etter kvart god teknikk oppover! Han er skikkelig god på ski, eg er heilt imponert over kor fort han har tatt det! No følgjer vi med på finn.no for å finne store nok skisko til lillesøster også.
Nederst til venstre ser du snømannen vi lagde på fredags kveld. Da var snøen kram, og vi lagde ein kjempestor snømann som no heller meir og meir mot høgre. Hahah, den er veldig morsom og fin!

For ei flott helg! Det skal vere snø og sol de neste dagane også, men da får vi dessverre ikkje utnytta den så veldig. Ungane er masse ute på skulen og i barnehagen, så de får heldigvis kose seg i vinterværet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...