onsdag 13. januar 2016

Kontrastar


Etter eit døgn i flotte omgivelser med massevis av god mat, timar i basseng både ute og inne, pentøy og høge helar, masse vin og dansing - var det ein stor kontrast å komme heim til kvardagslivet igjen.
Det hadde nok ikkje vore det om alt var som vanleg heime, men det var det ikkje. Huset var rotete, lillesøster kom heim frå barnehagen med feber, og storebror hadde ein del ting på gang han også.
Mannen skulle i møte, så det var berre å brette opp armane og ta i eit tak eller førti.
Litt sånn dagen derpå. Litt sånn overstappmett. Litt sånn full i hovudet. Meir enn litt trøtt etter ein sein kveld og eit varmeapparat på full guffe på hotellrommet. Da var det fint å vere litt uthungra på tid med ungane, så det gjekk fint. Berre veldig stor kontrast!
I dag er ting på stell igjen. Huset vart rydda mellom slaga i går. Mannen er heime med lillesøster, og storebror har med seg det han trengte til turdagen i dag. Det går seg til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...