mandag 6. mars 2023

Februarkarusell

Februar starta deilig - med overraskelsesbursdagsfest i heimen! Huset fullt av folk og god stemning! Det kan ikkje bli mykje betre! Det var berre å nyte viste det seg - da veka etter kom med tre positive covid-testar.


Det var berre å vente på at det gjekk over. Det hjelper å ha ein fluffete venn som held ein med selskap.
Kalenderen var full for månaden, og halvanna veke med sjukdom gjorde at eg eller vi gjekk glipp av fleire gøye ting vi hadde gleda oss til. Nokon billettar fikk vi gitt vekk; det er i det minste hyggelig!

Men når formen var tilbake var det berre å glede seg over byens tilbud! Her er eg på akttegning på KODE. To intense timar! Veldig gøy og faktisk vart teikningane betre etterkvart!
Eg prøvde meg på aeroyoga der vi hang i disse i to timar. Det var heilt nydelig og absolutt noko eg skal gjøre fleire gongar!
Ute var det vinter og sol som varma midt i fleisen!
Eg var med på symaskinkurs og sydde meg den søtaste lille posen! 
Denne vart eg så fornøyd med at den framleis står på utstilling i stua! For fin til å brukast!
Er ein frisk så er ein frisk. Ein stormfull ettermiddag besøkte eg Nordnes sjøbad for første gong - og bada i Puddefjorden når eg først var i badetøy. I fjorden var det visst minus 1.5 grader, men det var veldig godt og varmt i bassenget etterpå. Eg har bada ein del i kaldt vatn, men dette var noko litt anna; med varmt basseng like ved, så dette skal eg også gjøre igjen!
Etter ein sein kveld på byn møtte eg avlyste bussar heimover, og måtte ringe heim for å ordne meg skyss sjølv. Eg gjekk over Høyden for å letne hentinga, og musehagen var så roleg med snø og lys.
Ein fredagskveld i Grieghallen med filharmonien på scena. Deilig stemning, akkurat passe langt og - som alltid - flinke musikarar!

Svanesjøen avdeling Bergen (Lille Lungegårdsvannet). 
Ungane reiste på vinterferie og vi lagde vår eigen lille kinofestival etterfulgt av middag.
Tilbake i Grieghallen nokre dagar seinare og såg Michael McIntyre i ein fullsatt sal.
Februar vart avslutta med filmquiz og programslipp på USF Verftet. Dagen etter var vi på Cinemateket sin kinovisning, men akkurat denne kvelden tok vi det ansvaret det er å se til at ingen kjem på sisteplass i quiz.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...