Epletreet vårt hadde 7 overlevande epler i år; og de var ifølge eplespisere svært gode!
Eldstebarnet lander førarkort - og vi feirer med bobler frå ulike flasker og kveldssnacks.Eg er på ein spanande todagerskonferanse i byn, og mellom dagprogrammet og kveldsprogrammet gjekk eg og ein kollega på eit av byens kjente vannhull - der du før kunne fuktes utvendig kan du nå fuktes innvendig. Men vi åt suppe. Forsåvidt fuktig det også.
Kveldsprogrammet var på slottet, som dette bygget vart kalla i middelalderen,
og sidan dette var gjesteliste og raud løpar var valget om sko lett. Også fikk eg brukt det nye skjørtet som eg kjøpte second hand i Bratislava tidlegare i månaden. Det var også fri flyt av vin, og sidan eg har ein son som kan køyre bil utan L; vart eg også henta når dei begynte å blinke med lysa for å få oss ut. Prinsesseliv for ein kveld! :D
Morgonstemning i Bergen - Festplassen med ein heil måkeflokk, og Ulriken med skydott.
Sist eg var i Danmark kjøpte eg eit veldig fint sokkegarn som eg nå snart har skrikka eit sokkepar av. Toulouse er skummelt interessert i garnet.
Ein regnfull laurdag var vi på avduking av nytt monument på Bryggen. Våte og kalde etter to timar ute i regnet var det fint å gå inn på nærmaste bakeri og kjøpe noko varmt å drikke. Det er deilig med regn - og det er deilig å bli tørr igjen!
Eg var heldig og fikk vere gjest på festkonsert - og hadde ein skikkelig fin kveld i møte med musikken og livet til ein artist eg ikkje kjenner så godt frå før. Eit klart og noko uventa høgdepunkt!
Sistemann i familien fikk jobb; og vi skåla i sitronbrus sidan vi alle skulle ut av huset rett etterpå. Også fordi den alt var nedkjølt. Skål og hurra!
Septemberoutfit yogalærarstyle; kort bukse og strikkasokkar i sandaler idet eg syklar bort. Det er fint å bu så nær ettermiddagsjobben. Berliouz er sjeldan langt unna ein av oss. Her var det meg.
Årets varmaste dag i Bergen falt i år på ein av merkedagane i årsplanen vår på jobb. Det brukar å vere stor stas, men i varmen vart det ikkje det -
- så eg sneik meg ut bakdøra og bussa heim igjen. Værmeldinga på bussholdeplassen bekrefta heten. Dette var også heilårsbadingdag, og det var 14 grader i vatnet; ein grad meir enn veka før.












