Januar var lang, men god. Vi starta året med ei periode med vintervær og sol! For eit hell! Bilete frå første tur i 2025.
Vi køyrte til Løvstien for å gå på ski med urban utsikt.Også gjekk vi på ski i vår eigen skog med sti. Tenk at vi har dette berre 5 minutter unna huset vårt!
I stadenfor å reise heim og spise middag, går eg på kino etter jobb med medbrakt mat. Snap til venninne som synas det er veldig rart når eg spiser alternativt på kino:D
Eg er heldig på og sitter heilt tett på eit kulturelt ikon da ho besøkte Grieghallen.
Det er uvær og farevarsel, og eg har avtale for å smake persetorsk på Bien Basar. Sidan folk skulle holde seg heime fikk vi nesten heile restauranten for oss sjølve. Og maten? Heilt fabelaktig! Vi bestemte oss raskt for at dette måtte bli ein tradisjon!
Universitetet fyller år og feirer med lysshow på Naturhistorisk museum. Skikkelig, skikkelig gøy!
Yoga i ein av middelalderkyrkjene - alltid noko heilt for seg sjølv.
Det siste halve året har eg blitt betre på å gå ut av kontoret og spise lunch på cafe saman med kolleger, eller tidlegare kollegaer. Nokon får hjarte i moccaen sin.
Eg fullførte ein strikkavest i varmt garn, og flotta meg med den (sjølvsagt)!
Ein cafe i byn inviterte på frukost, og kan ein det seier ein jo ja! Det er ein finfin måte å starte arbeidsdagen på!
Vinterbading også i januar. Ein dag gjekk eg direkte frå jobb,til Nordnes sjøbad, og rett i Puddefjorden, som holdt nesten 4.8 grader den dagen. Men det var 32 grader i bassenget, så det gjekk veldig fint! Solnedgangen denne ettermiddagen var magisk, men da var eg mobilfri i bassenget.
































































