tirsdag 27. august 2013

Halvsjukt barn

Eg elsker fargane lillesøster brukte på denne Kitty'en!
I dag er vi heime - kven skulle tru det? I går kveld kasta lillesøster opp - kun slim - men likevel. Ho var utrøystleg resten av kvelden, så eg låg i senga saman med ho heilt til eg gjekk og la meg i eiga seng. Rett frå Bodybalance med avspenningsøvelsar til senga til lillesøster til mi eiga seng - det er kanskje ikkje rart at eg føler meg som ein zombie i dag.

I natt kom ho krypande opp i senga til oss, og kor koselig det enn er med mjuke barnehender i håret, så er det ikkje min favorittnattesyssel, så eg tok med meg dyna og la med på sofaen i stua. Så kunne mann og barn ha heile 200 x 220 senga for seg sjølv. Da ho vokna ALTFORTIDLEG (men framleis etter storebror - gjesp) hadde ho feber og var utanfor og trist. I går hadde ho augekatarr også, så vi skylla med sterilt vatn i påvente av lege i dag. Men iløpet av natta er augekatarren vekke (og det går vist ann ifølge apotekdamen), så vi går ikkje til legen i dag likevel. Storebror ville også vere heime, så da er vi her da. Alle utanom mannen som har dag to på ny jobb. I skrivande stund sitter de to små i sofaen med Vennebyen på TV og varme lunchvaffler med byggryn, cottage cheese og havregryn på fat (lillesøster med dårleg matlyst) og i munnen (storebror med god matlyst). Lillesøster er IKKJE for sjuk til å krangle med storebror, så i morgon er ho nok frisk til barnehage igjen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...