Viser innlegg med etiketten banan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten banan. Vis alle innlegg

tirsdag 8. august 2023

Juli og to liv

 Sidan bileta la seg omvendt, viser bileta juli frå slutt til begynnelse. Vi avslutta månaden på flott hotell i Düsseldorf, og med kveldsmat kjøpt i Litle Tokyo. 

Dagstur til Berlin med fleire highlights pressa inn. For ein fin by! Med ein historieinteressert unge er dette eit stort høgdepunkt!
Vi såg mange togstasjonar og tok enda fleire togturar sidan vi brukte dei første 10 dagene av ferien vår på ein liten mini-interrail. Tog altså! Luksus! Vi skulle gjerne ha holdt på lenger!
Hamburg var ny by for meg - og hadde mykje flott! Den historiske delen var skikkelig stilig! Eg har sletta mange nesten heilt like bileter, men det var så fint overalt!
Sidan vi går bakover- vi hadde eit av suitene framme på Danskebåten, så dette var usikta frå lugaren vår.  
Vi starta ferien med heimeferie ei veke. Vi feira bursdag, og rydda mykje i huset! Også var vi på klatresenter og fant ut at det liker vi jo skikkelig godt alle fire! Den ferske tenåringen var best av oss alle!
Lykken er raud løper! Vi er på kinoførpremiere på Barbie-filmen. Med rosa gensere og hårstrikker!
Noko lei av å trakke i samme skog, vandra eg noko alternativt i starten av juli. Her speglar Lyderhorn seg i vatnet. At dette er samme månad som Danmark og Tyskland er rart. Dette er kvardagsliv med ein rolegare kvardag sidan ungane har ferie.
Ny, og mogleg favorittsti, opp på Damsgårdsfjellet. 

Badetur uten unger, og vi ser at vi må begynne å finne nye favorittar når vi ikkje har unger med oss. Vi prøvde ut Gamlehaugen, og det freista til gjentagelse! Fine bokmerker hadde de også!
 Det var ikkje mange finværsdagane, men det som kom av sol vart nytt i lange drag! Forresten ei skikkelig bra bok!!
Lyderhorn i tropehete og med ny veg ned. Da kom eg på baksida av fjellet i forhold til kvar eg bur, så det vart ein forferdelig lang og kjedelig gåtur heim etterpå. 
Liatårnet i øs og pøs regn heile vegen opp og heile vegen ned.



torsdag 9. juni 2016

Banankjeks

Det går ein del i banan. Men ikkje nok i forhold til kor mykje vi kjøper inn, så eg lagar ofte rettar som har banan i seg. Sjå under fana "Banan" på sida til høgre, der er nokon av favorittane!
Eg har mange oppskrifter på banankjeks og bananmuffins. Sist lagde eg banankjeks med denne oppskrifta:
3 godt modne bananer
0.6 dl nøytral olje
3.5 dl havregryn
2 dl revet kokos
1/2 ts salt
1 ts kardemomme
1/4 ts knust nellik
2.5 dl grovmjøl av eit eller anna slag
evt knuste valnøtter

Miks saman og form ca 15 kjeks. Steik på 175 grader i ca.30 min. Følg med. Lukt og gled deg!
Strø gjerne litt havsalt på toppen!
Desse var nydlege! Mannen likte de ekstra godt fordi de ikkje smakte så masse banan :)

søndag 17. januar 2016

Sjokoladebananbrød utan sukker

Brune og flekkete bananer er utgangspunkt for veldig mykje godt! Vi har slike bananer nesten kvar veke, og det vi lagar ofte med desse er bananisgrove vaffler og bananmilkshake. Sist søndag lagde eg sjokoladebananbrød for også å bruke nokon av de mange kokesjokoladeplatene mannen handla under priskrigen i desember. Bananbrødene er utan tilsatt sukker, men det er sjølvsagt litt sukker i sjokoladen.

 100 g smør
3 dl mjølk
6 dl kveitemjøl
6 ss bakepulver
3 bananer
100 g mørk sjokolade

Rør saman det tørre. Smelt smør og rør dette oppi saman med mjølk. Mos bananene og rør inn. Grovhakk sjokoladen og ha den i røra. Hell i ei brødform og steik i 180 grader til brødet (eller kaka om du vil) er gjennomsteikt.
I oppskrifta stod det 20 minutter i ovnen. Eg tok den ut og lot den stå opp-ned på ei rist. Da rant det masse utav, så eg satte den inn igjen i ovnen, skrudde opp på 200 grader og lot den stå i nesten 20 minutter til. Da var den steikt.
Dette smakar veldig mørk kakao, ikkje så søtt, så ungane likte det ikkje noko særleg. Mannen og eg derimot synas den var deilig! Og nesten enda betre etter som dagane gjekk. Den var veldig saftig heilt til siste bit var oppspist på fredag.

onsdag 14. oktober 2015

Bananis

Vi har oppdaga ein knallgod dessert som vi kan spise akkurat på kva dag vi vil! Åjada!
Utgangspunktet er veldig modne bananer. Dette er utgangspunktet til masse god mat - dette er noko av det enklaste de kan brukast til! Skrell og kutt i biter.
Hiv i frysaren. Når dette er fryst (eller når du kjem på at du hadde nokre fryste bananer som kan brukast) tar du de opp og lar de småtine litt. Eg tar de opp før vi skal spise middag. Da blir de litt enklare for den stakkars maskina som skal jobbe med de etterpå.

Legg de i eigna burk, og hell oppi ein skvett med mjølk. Vi tar også oppi litt kakaopulver for å lage banansjokoladeis. Det er også lurt om ein ikkje er så glad i banansmaken. La stavmiksaren gå seg god og varm, og vips har du deilig, mjuk, sukkerfri iskrem!
Vi bruker litt kakepynt på den også - det er alltid godt med litt "krønsj"! Vel bekomme!

torsdag 13. august 2015

Monsterpannekaker

Oppskrifta på monsterpannekaker fann eg på denne bloggen.
Desse blir nok laga igjen! De er enkle å hive ihop - ingredienser rett i blenderen og surr til røra er rørt!
Steik lubne, amerikanske pannekaker på middels varme. Mmmmmm!
Alle fire like de kjempegodt; i alle fall tre av oss. Lillesøster har eit eller anna mot flat mat. Men det betyr berre meir på oss andre! Vi fikk 7 pannekaker utav røra, og vi var mette resten av kvelden! Kjempegode med ost på! Anbefalast!

torsdag 27. november 2014

Banan- og havrecookies

For nokre veker sidan var eg på kurs med jobben og fikk lære ei enkel oppskrift på supersunne banan- og havrecookies!

Mos tre godt modne bananer og rør inn ein miks av havregryn og sammalt hvete, samt nokre ss smelta smør. Dette er basen - frå no kan du tilsette det du vil. Det vi gjorde på mi gruppe på kurset var å røre inn hakka aprikoser og dadler, samt sesamfrø og kokos. Alt som smaker godt. Etter å ha forma kjeksaktige sirklar på bakebrettet strødde vi litt havsalt over.

Nydelig godt altså! Steik på 175 grader i ca.20 minutter. De blir ikkje sprø, men mjuke og søte og veldig gode! Salt på toppen - tommel opp!

torsdag 10. juli 2014

Supermatvaffler

Eg er ikkje supermatfrelst, men eg har jo fått med meg noko av det som er regna for å vere supermat. Sidan eg hadde ei lita krukke med cocosa klipte eg ut ei oppskrift på supermatvaffler frå eit blad - eller bananvafler som de kalte de.

Til ca.5 vaffelplater trenger du
2 modne bananer
3 egg
2 ss raw kakaopulver (eller regia slik eg brukte;))
1 ts kanel
1 klype havsalt
1 klype kardemomme
1 ss kokosolje (eller cocosa som eg brukte)

Miks saman med stavmikser, og smør vaffeljernet med kokosolje.

Vi åt dette til dessert etter midddag, og da var det akkurat nok til oss fire. Eg likte de veldig godt, særleg kokossmaken som kom frå cocosa! Oppskrifter på lett mat utan sukker er tipptopp, denne bruker vi nok igjen!

Nytast på verandaen i sola :)

søndag 8. juni 2014

Masse vil ha meir!

Eg veit ikkje heilt om denne ferie-i-mai er noko for oss. Vi vil jo berre ha meir, meir, meir!

Dagleg spør lillesøster om vi kan reise tilbake "på Mallokka". "Vææææj så sniiilll!"
Storebror sukker på veg til bilen om morgonen og seier "Åh, eg skulle ønske vi hadde sommarferie slik at eg kunne bade i Angry Birds-bassenget heile dagen!"
Der eg rett etter ferien sa "godt det kun er 6 veker til sommarferien" freser eg no "4 veker igjen til ferien? WHAT? Korleis skal vi gidde å komme oss igjennom det!"#¤%" (dette seier eg til mannen, ikkje til ungane - det må da vere måte på.)

Mannen på sin side er framleis høg på livet etter å ha gjennomført 3 år med etterutdanning med gode karakterer, og ikkje minst happy for å endelig vere tilbake på yndlingsarbeidsplassen of all times. Derfor trur eg ikkje han kan kjenne noko anna enn glede akkurat no :)

Vi andre - vi må vente i fire veker til. Godt at eg er happy igjen alt i morgon da - bonusfri! :D
Ja takk. Meir av dette!

søndag 11. mai 2014

Enkel dessert med banan

I påska prøvde vi oss på ein ny dessert. Ny og ny fru Blom; men ny for oss. Veldig barnevennlig - ikkje så hakkande gale usunn, og få ingredienser.

La ungane skrelle sin eigen banan og leggje den fin på fatet sitt. Hell over smelta kokesjokolade, og la de pynte med ønska (mengde) kakepynt. Smell på ein dæsj med iskrem også hiver de innpå før sjokoladen har smelta.

Nam, nam for voksne og barn!

lørdag 22. februar 2014

Grove vaffler

Vi liker å lage grove vaffler til kveldsmat i ny og ne. Det tørre i røra tar eg alltid på ein slump. Kveitemjøl, kva-eg-no-enn-har-av-grovmjøl og havregryn. Av og til tar eg i litt kardemomme, men det er ikkje alltid den karakteristiske kardemommesmaken er det er har aller mest lyst på. Tre egg, to-tre mosa bananer (gjør vaflane søte utan bruk av sukker) og mjølk nok til at røra er slik den skal vere. Har eg tid lagar eg røra etter middag slik at den får satt seg. Dette merkar vi hovedsakleg på havregyn, som om eg steiker med ein gong er litt harde.
Denne gongen hadde eg nokre blåbær som eg la på de to siste vafflane. Godt nok, men ikkje verdt vaskejobben på jernet etterpå. Her prøvde eg meg på ein vaskevaffel, noko som fungerte utmerka!
Mange gode og sunne kveldsmatvafflar - nam nam!

onsdag 27. november 2013

Kreolsk wokgryte

Dette er sunn og GOD mat!
Vi har ein vegetarmiddag som vi lager igjen og igjen - Kreolsk wokgryte, etter oppskrift frå dinmat.no. Her er den til 4 personer - slik vi lagar den:

1 Lauk
1 Kvitlauksfedd
1 ss Olje
1 Rød paprika
1 Pakke Sukkererter
3 ts Karri
2 dl Matfløte
1 Boks Ananas i boks
0.25 dl Ananasjuice
1 ts Maizena
Litt salt og litt sukker
1 banan
300g reker, rensa
0.25 Kinakål
Wok alle grønsakene i olje, rør i karri, fløyte og ananasjuice (den som er i hermetikkboksen). Tilsett ananas, bananer i biter, reker og snitta kinakål i gryta rett før servering. Vi lagar ris til. Enkel, raskt, godt, og sundt. Kan knapt bli betre :)

søndag 20. oktober 2013

Kveldsmatpannekaker

Nam!
Eit egg, ei overmoden og most banan og litt havregryn. Miks ihop og steik på middels varme. Raskt og kjempegodt. I fjord haust hadde vi dilla på sukkerfrie bananmuffins som fikk de overmodne bananene våre til å få føtter å gå på. I år er det pannekaker som er i skuddet.
Eg las i veka at graut er den nye it-maten. Så banangraut blir vel Hausthit 2014. Høyres jo unektleg godt ut:)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...