lørdag 1. april 2023

Liv på (i) Mars

Det er i mars ein virkelig merker at våren er på veg! Vi benytta ein veldig kort time med ettermiddagssol i Musehagen på Sydnes for å vere med på eit, enn så lenge, hemmeleg oppdrag. Det var iskaldt, men på biletet ser det jo nærmast lunt ut!

Kjent motiv frå turvegen eit steinkast unna huset vårt.
Ein snø- og stormfull laurdag var brukte eg på årsmøte. Dette skulle fortsette dagen etter, men da hadde eg heldigvis andre planer. For det er jo ikkje gøyt med møte. Det er jo ikkje det.
Eg fikk raska til meg ein resteplass på heklekurs. Det vart ikkje noko vakkert eg kunne skryte av, men det vart tid til øving, og eg bruker det stakkarslege resultatet som bokmerke.
Korps er gøy! Nokon liker nok pausene best, men eg liker når de spelar og eg kan høyre på fine tonesamansettingar, få oppfriska notekunnskap og flire av det eg trur må vere den beste korpsdirigenten i Bergen. 
Konsert ein fredagskveld med eit band eg har fulgt gjennom jobben min sidan før de starta - om det er mogleg! For ein gjeng!
Vi var superheldige og fikk billetter til ei TV-innspeling av eit show vi har hatt lyst til å sjå, men ikkje hadde rukket. Når det vart ekstraforestilling for å spele det inn endra vi planer så vi kunne få det med oss - og det angra vi ikkje på!
Ein søndags morgon var vi badegjestar og konsertgjestar i ei deilig symbiose! I bassenget var det varmt, men i fjorden var det 7 grader og eg var uti den to gonger. Så deilig! Konserten var (også) nydelig! 
Ein ettermiddag på biblioteket for å høyre en panelsamtale om "Stormfulle høyder". Professor-prat gjer meg gode vibber frå universitetetsåra, og eg liker den lille tidsreisa.
Ein arbeidsdag som avsluttast i Grieghallen er alltid ein god arbeidsdag!
Toulouse har fått seg hule i stua, og er for søt til å bli utelatt frå mars-i-eit-nøtteskal.
Nokon i heimen fylte år og vart vekt med donut og lys.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...