Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg

torsdag 11. juni 2026

Maidagar del 2

Hipp hurra for 17.mai! Vi hadde ulike planar alle fire, og eg brukte dagen på fjellet saman med tåke mest, men også mange andre på søndagstur. Alle med flagg i sekken!

Ulikt skotøy - men alle er klare for dagen!
Kafemorgon saman med venninne for å preppe ho til jobbintervju (på ein jobb som ho ikkje fikk, så kanskje eg ikkje skal gjøre dette om til ei vane). 
Det er utstillingsåpning på eit av byens kunstgallerier, og vi er tilstade for å sjå på kunsten og prate med folka. Det er ekstra hyggelig når vi kjenner de ansvarlege og kan fortelje de kor dyktige de er. For utstillinga var heilt fantastisk!
Nok ein regnfull, tåkete og vindfull dag, men det er fridag og eg går på Ulriken og spiser lunchen min. Godt at eg har sett utsikta før, det var tristare for turistane. 
Det er ingen unger heime, så eg og mannen stikker til byn og spiser på restauranten med den beste utsikta!
Vi bader oss igjennom mai, og det er 14 grader i vatnet. Vi ligger lenge uti, og framleis er vi relativt aleine. 
Bursdagsmånad, bursdagskaffe (i julekopp?) og lang arbeidsdag.
Superspanande foredrag på biblioteket! Og kjentsfolk i salen som hadde komme langvegs frå for å vere her. Vi kunne lett ha tatt 120 minutter, om ikkje meir!
Ein morgon alle var heime fikk vi besøk av to piggsvin! De var der ei stund, i alle fall til alle hadde reist heimfrå, men vi har ikkje sett dei sidan. Eg håper dei bur i hagen vår, og at vi berre ikkje ser dei så ofte. 
Ein av mai sine høgdepunkter på jobb kjem og går - men før vi er heilt ferdige er det samvær, stjernemat og middeladerkyrkje i nydleg treenighet!
Eg jobbar frå båt ein heil dag. Og sjølv om den låg til kai heile tida, var det stas og på grensen til maritimt. 
Meir maritimt vart det seinare den veka, med seglbåttur med ein veteranbåt. Heilt fantastisk!
Siste dag i mai, og eg er på festspillforestilling som var 10% bra og 90% uinteressant. Raud løpar derimot - alltid 100% bra!

onsdag 27. mai 2026

Maidagar del 1

Kanskje den einaste heile dagen i mai med sol (?), og eg har med meg ei venninne på ein av mine favorittskogturar. Vi prøvde å sette opp telefonen da vi åt lunch, men den velta; og vi fikk dette fine bilete av blå himmel, trær og hovudet til venninna mi. Turen var berre nokre timar, men vi tok igjen med laaang lunchpause ved vatnet.

Konfirmasjon nummer ein :)
For første gong sidan begynnelsen av 2000-talet besøker eg Stadion og ser at Brann sitt damelag knuser austlandslaget - og til og med eg kan sjå forskjellen på det gode laget, og det mindre gode. Heia, heia! Dette var faktisk gøy, så eg ventar ikkje 25 år før eg er tilbake denne gongen. Her er det også blå himmel, men det var forferdelig kaldt!
Eg inviterer med meg gode samarbeidskollegaer og spanderer byens beste is. Det har vore mykje kaldt og vått i mai, også denne dagen, så vi satt inne og fraus. Men folka er fine og den lille pausen velfortjent (og gjengen fortjener is i all slags vær).
Det snør - fleire gongar. 
Oppsida ved kulde og nedbør er at det er lite pollen. Så - sjeldan fjellturmoglegheit i mai for meg. Og med dårleg vær får ein også (nesten) fjellet for seg sjølv. Nesten. 
Eg var så heldig at eg fikk Lego til bursdagen min, og i mai drog eg ut bygginga av denne blomsterbuketten alt eg kunne. Så gøy!
Konfirmasjon nummer to :)
Konfirmasjon nummer tre :)
Og halvvegs i mai, og på veg heim til Bergen, stoppa vi ved Sognefjorden for å sise lunch, og for å bade. Det siste var berre meg. Eg er prikken i midten av bilete. 

fredag 1. mai 2026

Aprilvind

April starta i Praha med lunch på det eg trur må vere den koslegaste staden i heile byen. Vi ville nesten ikkje gå ut derfrå, og har snakka om staden, maten, glassene og folka sidan!

Også han da - Kafka - og nydleg vårlys. 
Vel heime var det tid for å skåle for å feire at eg fekk godkjent Yoga Nidra-utdanninga mi; og no er sertifisert Yoga Nidra-instruktør. Hurra :)
Tog på veg til Oslo, med termos slik at eg hadde både kaffe og te til togreisa.
I Oslo budde eg i ein del av byen eg ikkje hadde vore før, men absolutt skal tilbake. Ein fin ettermiddag, før eit foredrag med kunstnerisk påfyll på Litteraturhuset - også tid til ein morgonkaffe (med peis :)) før eg gjekk til neste hotell for å kursast. 
God morgon frå hotell nummer to, like god kaffe, fin utsikt og vårsol utanfor. 
Med litt drikketema i mars - SASte på vegen heim til Bergen seint på kvelden. 
Spanande arbeidsdag på institusjonen som utdannar folk som kan spele å denne, og anna - og eg diggar at det er heilt naturleg at denne ligger i gangen. 
Tåke, men turdag - og gammalt skilt til dit eg var på veg. 
Morgonstemning frå sykkelen på veg til jobb kl.05:40. Vakkert, men framleis under null grader om morgonen. 
Eit prosjekt eg leia er i full aktivitet, og eg er med ein dag for å sjå på det gøye og viktige eg har fått på beina; og har med meg muffins og iste til deltakarane. 
Heilårsbading - og vi bikker 10 varmegrader i vatnet!
Kaffedate med venninne på kafeen nærast jobben, kl.08 på ein onsdag. Dette kan vi godt gjøre til ein vane. 
Og det syklast - i vind og sol - og eg er glad kvar gong eg kjem fram der eg skal og framleis er i live. Buss er ein del meir komfortabelt. 
Solgløtt og søndagstur over to fjell og gjennom ein skog. 
Heilårsbading nest siste dag i april - 12 grader, og tid til te og snacks i sola etterpå. 

tirsdag 6. mai 2025

Aprilhøgdepunkt

April begynte heilt på topp med bingokorogkakekveld - og eit rom fullt av fine og glade mennesker! Bingo er gøy! La oss gjøre meir av det!

La oss også leike ute saman med venner! La oss legge inn tepauser i sola, full forvirring om kvar neste frespeegolfmål ligger og latterkramper. Og sykkeltur for å komme seg fram. Berre det å sykle saman er ei tidsreise, umiddelbart er vi 11 år alle saman!
Våren kjem - og utemøblane kjem fram. Pusen blir glad for å ha noko mjukt å ligge på, og eg blir glad for å ha fleire stader å sitte, å sjå og å drikke kaffe.
Stort sett avgjør eg 100% kva eg vil sjå på scener, men her er eg +1 saman med mannen. Heldigvis var dette ein sympatisk og artig fyr å høyre på!
Vi vinter(heilårs)bader framleis, det blir bedre og betre! Men det er mindre tid i april en i november, så det blir langt sjeldnare enn eg hadde ønskt.
Påskepynt frå eigen hage!
Vi er underbemanna og overarbeida (her er det ein heilt logisk samanheng), så eg legger opp til arbeidsdager der eg jobber 12 timer før eg belønner meg sjølv med ein tur på kino før eg busser heim. Eg sovner alltid i kinosalen, men kinobesøket er ein nydleg overgang mellom oppgåver eg ikkje vil gjøre og livet utanom. 
Påskeferien starta med ein dag på tatoveringsstudio - eller eit nytt kapittel om ein vel å sjå slik på det.
Vi køyrer til Os for å besøke Lysekloster. Sidan vi kjørte oss litt vill fikk vi også sjå ein del av Os vi ikkje hadde sett før. Og klosterruinane som nærmar seg 900 år var nydlege!
Påskeferien fortsetter og alle på 4 og 2 bein får påskeegg.
Særleg påskharen sjølv. Han feira påske her medan de han vanlegvis bur hos var vekkreist.
Kort arbeidsdag for å toge austover - 
- for å feire at det er 25 år sidan vi var russ! For ei helg!! Eg er framleis heilt varm inni meg! Tenk at eg fikk henge med så mange fine folk på 90-tallet!
Etter å ha venta i heile vår fikk eg endelig ein restplass på aerialyoga! Dette var avansertklassen, og kanskje ikkje heilt den gruppa eg burde ha vore i, men det var så gøy, så godt og ganske empowering! I den grad ein føler seg sterk og modig når ein blir kalla Tinkerbell! Men eg gjør det :)
April vart avslutta med kokosnøttkakao, kveldsmat og bålpanne på heile gjengen.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...