fredag 4. februar 2022

Hei og ha det januar!

Arbeidsåret 2022 starta med budsjetterte, digitale oppstartutfordringer - 11 måneder etter sist pålogging. Om ikkje anna var det det naudsynt å forlate heimekontoret og finne kommunalt nett i heile to dagar. 

Vi feira gjennomført første veke med skule og jobb og reiste til Solstrand og levde i sus og dus eit døgn. Vi vart til og med oppgradert til suite; det var rein luksus! Fantastisk mat, deilige timar i vatn inne og ute, og masse tid til å lese, sjå på utsikta og berre vere på ferie!



Noko som er gøy med januar og mørket er at ein kan gå på tur, eller, som her, strikke til byn på tidleg kveldstid, og få følelsen av å vere ute midt på natta. Det føltes nesten uforsvarleg å ha med seg unge til byn når det var SÅ seint! Men vi var heime før leggetid :) Fullmåne over Nykirken i halvnitida.
Vi rakk akkurat å få med oss Nikolai Astrup-utstillinga på KODE før de tok den ned. Åh, så vi lengtar etter vår og fargar! Lykken var stor da eldtemann kunne briljere med kunsthistoriekunnskap etter omvisning nokre år tidlegare saman med skulen.
Eg måtte kaste piggjoggeskoene mine i fjor og har ikkje kjøpt nye, så i januar var jogginga bytta ut med gåturar for å sleppe å skli. Skogen vart ofte besøkt; i alle fall når eg rakk ut før mørket kom.
Ikkje overraskande fekk vi smitte i hus mot slutten av månaden. I løpet av ei veke vart tre smitta, og i utgangen av månaden testa eg framleis negativt.
Med familiemedlemmer i isolasjon og ein seig forskjølelse som ikkje ville gje seg vart det rolege dagar heime. Eg fikk meg to turar ut rett etter negative testar. Her rakk eg akkurat solnedgang dagen etter den første positive testen i hus. Det var forsåvidt regn resten av tida; så eg gjekk vel ikkje glipp av så mykje.
Ein eller to i isolasjon i det som vil ende opp med å være 10 dagar betyr ein del måltider servert ned til 1.etg. Her eksemplifiser av kveldsmat til pasient 1 og 2.

Den siste dagen i januar brukte eg lunchen min til å stå i kø foran ein butikk som skulle opne. Vi fikk champagnesprett og fantastisk lunch - og eg fikk handla ei bursdagsgåve.
Samme dagen snødde det mykje, og eg gjekk derfor ut rett etter middag for å nyte snøen og siste resten av dagslys. Bilete av snødekt hage - frå ein vinkel eg sjeldan tar bilete frå.

Når biletet blir i svart-kvitt utan filter - da er det vinter da. Så vakkert! Januar - du har vore så mangt!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...