tirsdag 27. oktober 2020

Oktober part one

Når eg mot slutten av månaden ser på bileta frå begynnelsen synas eg at de er så heilt på ulike planetar at eg delar opp oktobermånaden i to.

Noko skjedde med agurkplantene og det skjedde veldig fort. Om det vart for kaldt plutselig eller om brunsneglane begynte å spise på bladene (eg held ein knapp på det første) så var de alle ein dag stygge i bladene, de små agurkane som var igjen visna inn og det såg berre veldig trist ut. Eg redda nokon små agurker, men det var mykje som forsvant. Rart. Nokre veker seinare rensa eg begge pallekarmane og de skal få stå og kvile seg til nye plantar i 2021. Eg planlegger gulrøtter og cherrytomater. 

Storebror hadde opning av kunstustilling på skulen og fikk servert brus i fine glass og ei rose. Den fikk han lov til å sette i blått vatn her heime, og ikke lenge etter var den begynt å bli blå! Den vart berre blåare og blåare - bladene også - skikkelig stilig!
Laurdagstur opp ein ny, bratt sti til Ulriken frå Bjørndalen. Vi gjekk frå 50 til 643 moh på 1.7 km. Her under Ulriksbanen opna landskapet seg og vi kunne sjå kor høgt oppe vi hadde komt! 

I haustferien var eg med på Fløyenyoga i solnedgang. Så vakkert!


Seinare i haustferien (som eg ikkje hadde) var eg på surdeigskurs. Der fikk eg ein starter som heiter Alf. Han bur i kjøleskapet og får mat ein gong i veka.

Den beste treningstemperaturen er under 10 grader synas eg, så det er ekstra deilig å jogge i oktober etter mange månader med (litt) varmare temperaturar.
Vakre teaterparken i skumringen. Når eg får lov å reise på kontoret igjen er dette eit av mine nærmaste grønne punkt. Eg og kollegaene hadde planlagt lunching her i vårsola. Kanskje vi kan gjøre det i 2021.
Vi var på DNS og såg generalprøva på Onkel Vanja og vart både inspirerte og irriterte,

Søndagstur i nabokommunen, nærmare bestemt ut til Bekhilderen. Vi var litt for seine til full fjære, men eg trossa vatten i skoene (de var jo alt gjennomvåte) og gjekk inn i hula. 
Lunch på primus etterpå. Fiskesuppe - sjølvsagt!
Toulouse trivast på toppen av boblebadet der han blir varm både under og oppå. Etter fire veker med bading så og seie kvar dag pakka vi den ned ein av de siste dagane med sol i oktober. Takk for no - og vi gler oss til å sette deg opp igjen når våren kjem!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...