Inneklemt fridag, og halvdårleg vær! Eg tok turen til Osterøy for å sjå og gå Kossdalssvingane. Sikkert sidan været ikkje var heilt bra (før første og siste gong i mai), hadde eg heile sensasjonen for meg sjølv! Og sola kom fram fleire gongar! For ein fin tur, og for nokre små og fine svingar!
Dhali feirast i byn, og eg hadde skikkelig lyst å være med! Men heller ikkje i år vart det tid til det, men andre familiemedlemmar var der og kom heim med nydlege fargar, supert humør og behov for ein dusj.Studentteateret arrangerte jubileumsfest, så for første gong sidan eg leverte mastergraden i 2005 var eg tilbake på gamle studenttrakter. Alt var likt og annleis på samme tid. Og den nye generasjonen studentteaterfolk var heilt nydlege! Vi som var aktive rundt årtusenskiftet vart kalla legender (det kan eg fort bli vandt med!) og det var gøy oppleve at studentane vart starstruck av å møte meg - det skjer ikkje så ofte! Kvelden var skikkelig, skikkelig fin - heia studentteaterne!
Når kjentsfolk spelar sexy og morderisk hovedrolle på ein av byens scener, er eg glad for at eg får solgt det inn til både voksne og barn i familien - og fikk plass på første rad. Hahaha og hjelp!
Hurra for Norge, 17. mai og olje. Og alt det derre der (hei).
Heilårsbading i mai - 15 grader og dårleg plass på parkeringen.
Etter at vi gjekk her på ski i vinter, har eg ikkje vore på Løvstien. Det er litt reiseveg til og frå - og da blir det ikkje til at eg utnyttar denne luksusturvegen så ofte. Men med nok ein inneklemt fridag og halvdårleg vær - bussa eg til og frå og gjekk store deler av stien aleine med fuglesong og fossebrus. Også denne brua som er skikkelig, skikkelig stilig!
Årets einaste Festspillforestilling vart Mozarts Requiem - og eg er så glad eg var der!
Kinoliv midt på dagen er kanskje ein av mine favorittkvardagsluksusingrediens.
Det eine epletreet vårt - som eigentlig berre er ein lang stilk etter eit besøk av ein hjort - blomstrar masse! Tenk om det blir nokre epler også! Vi håper!
Eg er på storflott festival, og får henge i denne middelalderkyrkja og få servert kunst både for auge og for ganen. Ja takk!
Nokon fyller år og inviterer til turnering med kakepause. Supergøy - også vant eg til og med!!