fredag 3. februar 2023

Januarliv 2023

Årets første dag vart delvis brukt i skogen for å nyte snø, sol og frisk luft. Dagen etter var det ubarmhjertig pån igjen med jobb og etterkvart skule.

Sjølv om jula er over kan ein framleis kose seg. Juleblomster, nyttårsservietter og pepperkakehusrester.
Og spasertur gjennom morgontrøtte Bergen for å kjøpe kaffe i sesongkopp.
I eit år har eg gått jevnlig til massasje, og i januar toppa eg det heile med to behandlingar på ei veke; også skal eg bruke velværepenger på noko anna ei stund. Eg har likevel intensjon om å finne denne duftpinneoljetingen - for den lukter FANTASTISK (og minner meg om alle massasjene eg tok i 2022).
Det tømmast i julesnacksavdelingen. Akkompagnert med artige dagboknotater frå det engelske helsesystemet. 
Kakao og minimarshmallows - og tvungen yatzi sidan våre slitne hjerner ikkje kunne handtere fri. Det tar på å starte kvardagen etter ferier!
Publikumsprøve på DNS, etterfulgt av tårer på bussen heim fordi det var så brutalt og trist og leit alt som skjedde på scena. Og litt det at eg snakka med ei dame etterpå som sa ho kjente seg igjen, og det var for stort og for nært til at ein kunne snakke meir om det, midt bland mange andre folk.
Apropos trist - denne novellesamlinga er så god og så vondt at eg må posisjonere den ut så det ikkje blir overdose. Også er det fint at den varer litt lenger. 

Nokre kalde dager med sol og lys! Her illustrert med fuglane som pyntar opp utanfor huset vårt.
Også - ikkje lenge etter - grønt og frodig i skogbunnen der sola varmer.
Humordebatt på Litteraturhuset med fermentert te i glasset og nye innsikter.
Dette er jo berre lille Bergen, men her kan ein late som om ein er i ein skikkelig stor by. Fint er det i alle fall!
Hysterisk morsomt gjensyn med Raske Menn! Her skulle ein ha hatt teknologien som kunne lagra alle minnene i hovudet og delt de med andre. Klart det var nokon som filma heile showet, men eg har berre mitt eige minne - og dette biletet av gitaren som eg tok før de begynte. Ja - også har eg litt av bæsjesongen som eg sendte til ungane. :D 
Fredagskveld på DNS med deires store musikalforestilling. Greit nok, men ikkje så mykje meir.
Dagslystur i skogen saman med andre lysglade mennesker.
På veg til møte siste måndag i januar var lyset heilt magisk, og rett over Kvarteret er det ei stripe med regnbue!
Månaden vart avslutta med yoga i Domkirken, rett under ein av de store buene. Så deilig!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...