mandag 1. desember 2025

November og litt ro

I starten av månaden jobba eg masse med eksamensoppgåva til NTNU. Her frå ein tidleg søndagsmorgon, da det var betre å stå opp og jobbe framfor å ligge å tenkje på kva eg skulle skrive. Eg er veldig glad i eksamen og sjølv om dette var mykje jobb var det skikkelig, skikkelig gøy å skrive ei oppgåve igjen!

Eg er på matinékonsert med dyktige Unni Wilhelmsen,  
før eg bytta ut venninne med familie og reiste på Diwali. Dette var ein fin laurdag alstå! 
Berlioz fikk lov å begynne å vere ute, så da måtte han til dyrelegen slik at chippen hans vart registrert på oss. Om han går seg vill. Det var ikkje noko stas å reise, sjølv om det berre er 10 minutter unna, men det er godt med det som er gjort - og no er han offisielt vår.
Vi bader, og i november gjekk vi over til å bli isbadere igjen. Det er ein når temperaturen i vatnet er under 10 grader. I begynnelsen av månaden var den 9 grader - ganske varmt til å være så seint synas eg.
God venninne flytter tilbake til byen mellom de 7 fjell etter heile 6 år vekke, og dette feirast!
Vintersol inn i stua! 
Vi kjører til Hardanger for å flotte oss på nydleg hotell, 
og bade i fjorden. Eg hugsa ikkje kva temperaturen var, men eg var uti i fleire minutter, så det var ikkje så veldig kaldt. 
Natta vi sov på hotell snødde det masse, og Kvamskogen som var bar på laurdag var dekka av snø på søndag. Vi stoppa i sola litt for å få lys inn i augene (og drikke opp kaffe frå hotellet).
Eg reiser på konferanse og tar morgonbåten. Det er lenge sidan eg har båta nordover, så det var berre stas; fint vær og enda finare kollegaer.
Snødryss også i lavlandet - og det blir så mykje lysare. Utsikt frå heimekontoret.
I midten av månaden måtte vi for første gong knuse is for å nå vatten. No var vi nede i 4 grader. Etter eit år med bading kjennes ikkje 4 grader like kaldt ut som i fjor, da komforgrensa mi var på 6 grader. Det er kaldt, men komfortabelt. 
Eg kasta vekk tre timar i Grieghallen og var sur i over eit døgn etterpå. For noko vræl. Men fint bygg.
Snø under føttene og te i koppen. 
Julekaffe etter eit travelt og sutrete jobbmøte (eg trur fleire er klar for ferie). Denne fortjente eg.
Eg får være med på filmlansering der eg har vore i innspelsgruppa til prosjektet - og vi får popcorn og kanelbolle i døra. Koselig!
Eg har endelig tid til kino-midt-på-dagen igjen og trudde eit augeblikk at eg skulle ha heile salen for meg sjølv. Det fikk eg ikkje, for to pratedamer kom og satte seg bak meg. Eg måtte til slutt be de om å vere stille, og eg tenkjer at eg er litt juleferieklar eg også. 
For andre gong i haust hadde eg moglegheit til å gå tur ein helgemorgon for å fylle på med frisk luft og lys. Hausten har vore full av berre gode ting, men enormt masse, så eg er glad for at det mot slutten av november har blitt tid til meir vanlege aktiviteter som gjer energipåfyll.
Vi er på julebord og legger oss inn på hotell for å berre kunne spasere heim igjen når festen var over.
Den siste dagen av november er vi med på det tradisjonsrike julelotteriet. Vi vant ingenting denne gongen heller, men var ganske så nær!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...