Viser innlegg med etiketten Kreative barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kreative barn. Vis alle innlegg

torsdag 3. september 2026

Augusthalvdel

 Kanskje sommarens beste fjelltur gjekk til Telleviksfjellet. Dessverre var det tåke, så eg fikk ikkje sjå den nydlege utsikta som alle lovar er frå toppen, men turen var så bra at eg gladleg går den fleire gonger. Med eller utan tåke. (det var ikkje tåke da eg hadde komt meg litt lågare, gjekk litt feil og tok bilete av dette grønne treet.)

Kvardagen er i gang og koret på jobb er i gang igjen! Det gledast STORT!
Etter fleire år med sylting, lagde eg i år saft av stikkelsbær og den lille ripsavlinga vi fikk. Det vart 2.5 liter saft; det er eksklusivt med kortreist mat.
Strikkekveld hos ei venninne i nabolaget, og eg kan komme meg dit utan buss. Kortreiste venner :)
Inspirert av ein ny favorittur vart eg grådig og ville finne ein til. Turen gjekk til Brattlandsfjellet. Her var det fint, og eg kunne til og med sjå langt; men dette var ikkje noko ny favorittur! Ikkje ein gong blåbærene smakte godt her. Rart. Men det var da nokre fine bileter. Om ikkje anna.
Etter ein lang arbeidsdag vart vegen heim stengt, så eg kjøpte med meg noko middagsaktig og i alle fall ein dessert og gjekk på kino. Det var heilt korrekt. Når kinoen var ferdig var vegen open, og alle kilometerne med kø var løst opp. 
God morgon Bergen, 27.08.26.
Jobben er på befaring og vi øvar oss på sveving. Nokon av oss, deriblandt meg.  
Vi er på premiere av nytt humorshow, men kunne like gjerne ha vore igjen heime.
Ei av kyrkjene i nabolaget fyller 100 år, og barn er med på programmet, medan voksen er med for å filme til sosiale medier (og ta bilete av vakkert bygg). 
Eg fullførte sommarstrikk over alle sommarstrikk - ein bikini! Hahaha, denne er super, og eg har til og med fått brukt den ein liten time da det var sol. 
Det er landesorg, og arbeidsdagane endrar seg litt. 
Og i anledning dette lagde eg ein liten hjarteopnersekvens til yogatimen min på det som var månadens siste dag. 


onsdag 2. oktober 2024

Septemberliv med sol

Etter august med fleire regnrekkorder, var det heilt på sin plass med solrike dagar i store deler av september! I sommar fikk eg storebror til å stjele ein liten kabeltromme til meg som eg grunna og måla med restemåling frå den gongen eg måla den gamle ytterdøra vår. Mannen satte på nokre gamle hjul der tre av fire kan svinge - og vipps - eit nytt gjenbruksbord til morgonkaffeen! Står i stil med kaffekanna gjør den også. Og litt med teppet ser eg no!

I sommar stoppa vi innom nokre stavkyrkjer på veg heim frå austlandet, og lillesøster i baksetet vart synas det var var rart at vi ikkje hadde nokre i Bergen. Det har vi jo - så ein søndag tok vi turen til den vi har for å sjå (og lukte).
Vi er sjeldan på Aboretet, men i september var vi der for å vere med på omvisning i Japan-hagen. Slike lykter skulle vi gjerne ha hatt i vår hage også!
Også denne brua - som er svingete sidan onde demoner kun kan gå rett fram!
Ei heilt unødvendig natt på hotell. Men åhh, så deilig!
Lillesøster feira bursdag og laga tiktok-hit'ten crumbl cookies. Vi fikk smake ein restekjeks og det var skikkelig godt! 
Gåte er i Grieghallen - og det er vi også!
Fuktige netter og varme dagar! Heimekontor er alltid deilig - og denne månaden har det også vore riktig vakkert. Utsikt frå verandaen.
Ein annan trend, men denne kanskje på instagram, er pumkin spice latte. Det er eit mas å forlate kontoret for å hente kaffe, men når det først er gjort angrar eg ikkje. Også denne hit'ten var god!
Når ein av mine favorittbøker er månadens klassiske bok på biblioteket er eg sjølvsagt på plass når folk som veit hva de snakkar om snakkar om nettopp den.
Eg fikk høyre om suntea- altså te som blir trukket i kaldt vatn i sola - og sidan månaden var så solrik som den var, er det ingen grunn til å vente med dette til neste sommar. 
Øystein Sunde besøker Grieghallen, og jammen gjør fleire andre det også. Måkje komme her og komme her!
Saman med fuktige netter kjem spindelveva tydelig fram. Veldig gøy! Edderkoppane ser eg ikkje noko til, utenom de som kjem inn i huset. 
Apropos fuktighet - herleg!
Det er sommarvarme i Bergen mot slutten av september, og etter generelt ein varm månad, blomstrar rosene igjen. Haustfargar i bakgrunnen 🙂


fredag 19. februar 2021

Iskalde og klare februardager


Februar fortsatte der januar slutta - med iskalde, klare og solfylte dagar! Kor heldige er vel ikkje vi! Joggetur på salta fortau, men også på umåka turveg med hoppande museskritt. Og frostrøyk over vattenet som no er dekka med tjukk is og tjukk snø på toppen.

Heime lagde ungane vegar i hagen som Toulouse kunne gå i. Han må ha toalett inne når det er som det er no, men med vegane får han i alle fall lufte seg litt og kanskje få litt høgst naudsynt mosjon.
Vi prøvde oss på utandørs voksenfritidsaktivitet i minus seks grader. Heldiggvis var det varmelamper under parasollen - tepper, ull og varm drikke. Utanfor den lilla, lune sirkelen lava det ned med enda meir snø! Så fantastisk (å sjå mennesker!)!
Nok eit bilete frå joggetur ei helg der eg fikk nyte varmen frå sola. Det tok nokre feilturar, men no har eg funnet den perfekte treningspåkledninga i mange minusgrader: ull under vintertights, og sjølsagt langarma genser under treningsjakka. Når det er så kaldt som no er eg nesten ikkje svett når eg er ferdig.
Mannen i huset fylte 40 år og det vart feira heime med god frukost før bursdagsbarnet ville på isen og stå på ski!
Medan vi var på isen kom det ein pressekonferanse der de sa at Bergen skulle i lockdown. Vi avbestilte reservasjonen på restaurant i byn og inviterte familien heim til bålpanne, pizza og varm drikke på verandaen. Ikkje heilt det vi hadde tenkt, men veldig hyggelig likevel!


Med to heime på heimekontor, og to unger på 50/50 skule/heimeskule vart eg umiddelbart ekstra interessert i å komme meg ut og vekk frå huset, hahaha! Her frå første dag i kvardagslockdown - eg sprang rett på Lyderhorn etter middag og rakk solnedgangen som var kl.17:11 den dagen. 
Det fine vinterværet vart utnytta så mykje som vi klarte innimellom det andre som også måtte bli gjort. Vi hadde oss fleire turar på ski i skogen og skøyteturar. I år har vi kun to par skøyter og tre par ski, så det vart ikkje ein einaste tur med alle fire. Storebror var vanlegvis frivillig heimesittar.

Ein kveld gjekk eg tur med ei venninne oppå vatnet istadenfor vedsidan av det. Her er det ei blokk som lyser i det fjerne, og på himmelen er vi Orions belte.
Det har blitt så mange turar i nærområdet det siste året at eg innimellom er skikkelig lei av å traske rundt. Ein kveld eg vart invitert med på tur foreslo eg bålpanne og raudvin hos meg i stadenfor; og det vart vel tatt i mot! I minus 12 garder vart vinen fort is, men det var jo eigentlig eksotisk det. 
Helg og moglegheit for tur i solskinn! Her går vi på ski på Småvannet ved Gullaksdalen.

Søndag 14.februar var det morsdag, og eg fikk bestemme aktivitet! Eg valgte ski- og aketur til Gullaksdalen med lunch på øya utanfor. Den øya har vi sett på så mange gongar, og no var det gøy å utforske den!
Langs øya hadde isen smelta i fleire lag. Det var skikkelig gøy å knuse is her, og det var ikkje langt ned til vatten akkurat langs kanten!
På veg tilbake til bilen gjekk eg og mannen på Storavatnet. Vi snudde på enden og gjekk tilbake ein gong også; så gøy var det!

Storebror hadde laga browniesmuffins til meg på morsdagen som vi koste oss med etter middag. Ein perfekt søndag altså!
Eg måtte på kontoret for å levere inn utstyr. Der hang kalenderen for 2020 - eg har knapt vore innom, og kun for å hente ting, sidan 12.mars 2020. No skal eg ikkje tilbake før 2022.
Etter ustyrslevering i byn køyrte eg og mannen til Tennebekk for å ha Valentinesskøytedate på isen der. Isen var veldig ujamn og ekkel å gå på, men gøy å skøyte i spor slik det var der!

15.februar begynte eg i ny jobb - framleis på heimekontor. Denne dagen snudde vinterværet også, og det gjekk fort frå minus 12 til pluss 9. Eit skifte midt i månaden der altså. Ganske så fint!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...