onsdag 16. januar 2019

Januar survivalkit

Etter ein god dose med ferie er det ein overgang å begynne med kvardag igjen! Januar kan fort bli lang, også fordi februar kjem like bak og det er liksom ikkje den store forskjellen. Derfor fokuserar eg så masse eg kan på alt som er fint og godt, og gler meg enormt til første vårdag da vi sitter på verandaen med sola i andletet og teppe over føttene fordi det strengt tatt framleis er litt for kaldt.
 Dagane er alt merkbart lengre. Det er nokon minutter i pluss kvar dag. Vi fant ei nettside som viste dagslyset, og der såg vi at i mars er dagen lang nok til at det er lyst når vi kjem på jobb, og framleis lyst utover ettermiddagen og tidleg kveld. Og det er ikkje så lenge til!
 Varm te i fin kopp. Det trenger ikkje alltid å være ei bøtte med te. Av og til er ein kopp som dette midt i blinken!
 Sjølv om eg har lyst å pynte med vårting alt no, ventar eg framleis. Denne lille Hardanger"lappen" fikk eg av ei venninne på 35-årsdagen min. I vasen står tretulipanar frå Amsterdam.
 Stearinlys kvar kveld! Det er så hyggelig! Det var nokon år eg nesten ikkje tente i, men no er det tilbake for fullt! Og sidan vi gler oss sånn til sommarferien snakkar vi masse om tidlegare ferier, som Paris <3
 Sidan eg starta nyåret med sjukdom vart nokon ærend som eg gjør delegert til andre. Mannen kjøpte ny voksduk til kjøkkenbordet etter jul og kom heim med denne som gjør at eg føler at eg er på hytte kvar helg! Det synes eg er så koselig!
 Etter ein refleksjonsrunde over 2018 konkluderte vi med at vi gjekk usedvanleg lite turar. Vi var litt leie byfjellene etter å ha trakka de opp og ned i åresvis, ungane organiserte sin eigen fritid med venner i helgene (og da er det lettare å berre bli heime) og mengden sutring har gått kraftig opp når vi først ein gong skulle ut på tur. Vi tok ungane med på råd ein søndagsmorgon - kvar skal vi gå på tur i dag? Det var lenge uenigheter mellom Lyderhorn og Gullaksdalen før storebror foreslo Fjell Festning. Da gjekk vi dit. Det blåste kraftig på toppen, og vi fikk lov å komme inn for å spise nistematen vår inne i kafeen. Vi kjøpte årets beste sveler før vi på nytt gjekk ut for å flotte oss med lys og luft.
I jakta på dagslys har eg sidan jobbstart gått av bussen på toppen av åsen som er like ved huset vårt. Da går eg gjennom fine, landlege områder - får litt lys og litt luft - også kjem eg heim omtrent samtidig med bussen. Den lille spaserturen før middagslaging gler eg med til kvar dag.

fredag 4. januar 2019

Jul 2018

Heldigvis var denne oppstartveka kort og overkommelig! 2019 er i gang og vi ser tilbake på ein lang og god juleferie!

På lillejulafta gjekk vi ut ein tur for å gå på lysjakt. Vi gjekk på nye stiar i nærmiljøet og leika med isen som så vidt hadde lagt seg.

Tredje juledag bar det ut igjen. Denne gongen i regnvær og med ingen is.

Lille nyttårsafta forlot eg mann og barn for årets siste fjelltur i ro og fred. Nokon hadde pynta tre på veg opp på Lyderhorn. Årets siste solstråler.
Årets siste tur gjekk til Gullaksdalen. Eg hadde håpt på regn og storm, men det var kun overskya, så regnklær og støvlar var heilt unødvendig. Ein liten vassetur vart tøffa gjennom - det var herlig!
Årets nyttårsdessert var enkel - gele og vaniljesaus i vinglass pynta med blåbær og sølvperler.
Tradisjonen tru knuser vi vårt eige pepperkakehus på årets siste dag. Dette året hadde vi laga ein liten landsby med tre hus og eit stearinlys-

Klokka 00:00 skåla vi det nye året inn med fruktbrus i glassene. Storebror var i partyhumør, lillesøster ville ingenting og burde eigentlig ha vore i seng.
Den første dagen i 2019 var det fint vær og litt vind. Vi gjekk vindtur i nærmaste skog og såg fleire rotvelt som nesten-og-kanskje-snart velta, noko som var veldig spanande. Dritsure unger ut døra, superhappy unger etter nokon meter i skogen.
Også denne dagen vart det vassa litt. Det er eigentlig ein fin greie denne sesongen da føttene er så veldig innpakka i varme klær og sko.
No som helga er i gang skal vi pakke ned jula, sove litt ut (igjen), få med oss enda meir dagslys og fylle på med litt sukker igjen. Lillesøster skal på lysdrypping og storebror skal få etterlengta kamerattid etter at nokon var vekkreist i heile juleferien. God helg!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...