fredag 4. januar 2019

Jul 2018

Heldigvis var denne oppstartveka kort og overkommelig! 2019 er i gang og vi ser tilbake på ein lang og god juleferie!

På lillejulafta gjekk vi ut ein tur for å gå på lysjakt. Vi gjekk på nye stiar i nærmiljøet og leika med isen som så vidt hadde lagt seg.

Tredje juledag bar det ut igjen. Denne gongen i regnvær og med ingen is.

Lille nyttårsafta forlot eg mann og barn for årets siste fjelltur i ro og fred. Nokon hadde pynta tre på veg opp på Lyderhorn. Årets siste solstråler.
Årets siste tur gjekk til Gullaksdalen. Eg hadde håpt på regn og storm, men det var kun overskya, så regnklær og støvlar var heilt unødvendig. Ein liten vassetur vart tøffa gjennom - det var herlig!
Årets nyttårsdessert var enkel - gele og vaniljesaus i vinglass pynta med blåbær og sølvperler.
Tradisjonen tru knuser vi vårt eige pepperkakehus på årets siste dag. Dette året hadde vi laga ein liten landsby med tre hus og eit stearinlys-

Klokka 00:00 skåla vi det nye året inn med fruktbrus i glassene. Storebror var i partyhumør, lillesøster ville ingenting og burde eigentlig ha vore i seng.
Den første dagen i 2019 var det fint vær og litt vind. Vi gjekk vindtur i nærmaste skog og såg fleire rotvelt som nesten-og-kanskje-snart velta, noko som var veldig spanande. Dritsure unger ut døra, superhappy unger etter nokon meter i skogen.
Også denne dagen vart det vassa litt. Det er eigentlig ein fin greie denne sesongen da føttene er så veldig innpakka i varme klær og sko.
No som helga er i gang skal vi pakke ned jula, sove litt ut (igjen), få med oss enda meir dagslys og fylle på med litt sukker igjen. Lillesøster skal på lysdrypping og storebror skal få etterlengta kamerattid etter at nokon var vekkreist i heile juleferien. God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...