onsdag 17. oktober 2012

Sommarfuglsmykke


På slutten av 80- begynnelsen av 90-talet budde vi i Volda. Skulen eg gjekk på der hadde eit fantastisk uteområde med masse trær og tau som var festa i alle retningar og vinklar. Ein kan med trygghet seie at eg har vore utan bakkekontakt mykje av de to åra eg gjekk der. Vi budde like ved skulen, derfor var eg der like gjerne utanom skuletid. Ein søndag, om hausten vil eg tru - eg hugsar at det var kaldt og at det var mykje laust på bakken - såg eg noko som låg halvegs gjømt under barnåler og rusk. Det var ein gul sommarfugl som var festa til eit kjede som var blitt hekta fast i seg sjølv slik at det var blitt ei einaste stor floke. Eg synes at sommerfuglen var så flott, og det hadde tydeligvis ligge der lenge, så eg la den i lomma. Vel heime la eg den i smykkeskrinet mitt, og der låg det i fleire år. Eg trur det var på vidaregåande at eg bestemte meg for å klare å knytte opp kjedet (det hadde eg prøvd på fleire gongar før utan å få det til). Kven som klarte å knytte det opp hugsar eg ikkje; eg tvilar på at det var meg for å seie det slik.

Men for å avslutte historia; no er det eit av yndlingssmykkene mine. Eg har det framleis på kjedet det var på, så det er heilt autentisk leikeplass-anno-1989:) Eg har brukt det på eksamener i fleire år, og tenkt på ein fjasete måte at det var "lykkesmykket" mitt. No brukar eg det mest på sommar og vår, men i helga var det så deilig vær at det var på sin plass å bruke det for siste gang i år. Det er ekstra kjekt med ting og tang i kvardagen som har ei historie! Som meir eller mindre nyetablert småbarnsfamilie har vi mykje nytt. Dette smykket er noko av det eldste vi har; også har det ein kosleg historie - og eit tydleg minne for meg.

2 kommentarer:

  1. Disse smykkene er så fine, lurer på om jeg ikke hadde noe lignende jeg også:)
    Det er rart med disse "lykketingene" vi bruker, jeg tror det ligger noe i det. For ved å tenke positivt vil det rundt en også bli oppfattet positivt, og når man har noe å minne seg på det - som for eksempel et smykke - så blir det forsterket:) Og om ikke den teorien holder vann så har du i alle fall et minne og de er gull verdt:)

    Håper dere har det godt,
    og at resten av uka blir fin.
    God klem:)

    SvarSlett
  2. Eg også trur at det er trua som er sterkast. Og det har jo gått bra da; så da virker det:) På ein eller anna måte!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...