Viser innlegg med etiketten ut på tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ut på tur. Vis alle innlegg

torsdag 3. september 2026

Augusthalvdel

 Kanskje sommarens beste fjelltur gjekk til Telleviksfjellet. Dessverre var det tåke, så eg fikk ikkje sjå den nydlege utsikta som alle lovar er frå toppen, men turen var så bra at eg gladleg går den fleire gonger. Med eller utan tåke. (det var ikkje tåke da eg hadde komt meg litt lågare, gjekk litt feil og tok bilete av dette grønne treet.)

Kvardagen er i gang og koret på jobb er i gang igjen! Det gledast STORT!
Etter fleire år med sylting, lagde eg i år saft av stikkelsbær og den lille ripsavlinga vi fikk. Det vart 2.5 liter saft; det er eksklusivt med kortreist mat.
Strikkekveld hos ei venninne i nabolaget, og eg kan komme meg dit utan buss. Kortreiste venner :)
Inspirert av ein ny favorittur vart eg grådig og ville finne ein til. Turen gjekk til Brattlandsfjellet. Her var det fint, og eg kunne til og med sjå langt; men dette var ikkje noko ny favorittur! Ikkje ein gong blåbærene smakte godt her. Rart. Men det var da nokre fine bileter. Om ikkje anna.
Etter ein lang arbeidsdag vart vegen heim stengt, så eg kjøpte med meg noko middagsaktig og i alle fall ein dessert og gjekk på kino. Det var heilt korrekt. Når kinoen var ferdig var vegen open, og alle kilometerne med kø var løst opp. 
God morgon Bergen, 27.08.26.
Jobben er på befaring og vi øvar oss på sveving. Nokon av oss, deriblandt meg.  
Vi er på premiere av nytt humorshow, men kunne like gjerne ha vore igjen heime.
Ei av kyrkjene i nabolaget fyller 100 år, og barn er med på programmet, medan voksen er med for å filme til sosiale medier (og ta bilete av vakkert bygg). 
Eg fullførte sommarstrikk over alle sommarstrikk - ein bikini! Hahaha, denne er super, og eg har til og med fått brukt den ein liten time da det var sol. 
Det er landesorg, og arbeidsdagane endrar seg litt. 
Og i anledning dette lagde eg ein liten hjarteopnersekvens til yogatimen min på det som var månadens siste dag. 


mandag 17. august 2026

Augusthalvdel

Maritim strikkestund (biletet er frå juli, men det heng saman med det ferdige produktet frå august).

Eg oppdaga plutseleg at vi for første gong har fått bebuarar i insektshotellet vårt! Heile 6 rom er lukka, og det var ei stund denne karen vurderte å flytte inn. Han bygde den innerste delen av rommet sitt, men så trur eg han regna vekk - for han fullførte ikkje. Dette er ein murveps; så det er ikke usannsyleg at de andre gjestane er av same type. Gøy! 
Tre veker med sjukdom etter tre veker med hetebølge - så aktivitetshausten måtte begynne roleg. Men tur rundt vatten er fint, og eit einsleg haustblad låg på stien.
Det er maritim festival i byen, og vi var ute i øs pøs regnvær for å besøke flotte båtar!
Etter store regnmengder laurdag gjekk eg på (nok ein) roleg tur for å sjå på vatten i meir rennande former. 
I juli satt eg med to vinterstrikkeprosjekt, så eg la dei vekk og kjøpte bomullsgarn til ein sommartopp. Av uviss årsak kjøpte eg dobbelt så masse som eg trengte, så da strikka eg to like. Eg trudde at snittet skulle vise tatoveringa mi, men som biletet beviser, gjorde den ikkje det. Men fine toppar som eg gled meg til å bruke når det ein gong blir vær til det :)
Det som no har blitt ein tradisjon - klassiske konsertar i parken - vart i år kombinert med 86% solformørkelse (men sidan det var tjukke skyer merka vi nesten ingenting) den eine dagen,
og litt regn den andre. Uansett vær og solmengde - dette er eit augusthøgdepunkt kvart år!
Skambratte fjellsider (som ikkje ser bratte ut verken på bilete eller film) midt i august - og nye turfavorittar. Eg synas ikkje det er så stas å køyre til tur, men når turen er så bra (og har så masse store blåbær) er det (nesten) verdt det!


søndag 5. juli 2026

Juniliv -sommaravslutningar og ferieskål

Etter 19 år i nabolaget oppdager vi ei maritim perle vi ikkje visste om. Dessverre er den privat, men vi fikk henge der ein kveld for å feire de flotte ungdommane våre som no gjekk ut av 10.klasse. Det er litt trist at vi ikkje skal kunne følgje gjengen meir, og litt meir enn litt trist at foreldregruppa forsvinner. 

Spasere frå jobb kl.8 for å drikke kaffe på kafé kjennes meir og meir korrekt ut. Den beste starten på dagen!
Eg fullfører eit restegarnprosjekt; eit trekantsjal som eg ikkje trenger før det har gått nokon månader. Så her er den på fuglen for bilete, og no ligger den i vinterskuffa. 
Vitnemålsutdeling er emosjonelt, så medan yngstebarnet er på restaurant med klassen sin og feirar, sitter eg heime, tenkjer på kor lenge og kort 10 år er, og nyter litt kveldssol i penkjole.
Venner på øy flytter til ny øy, og vi rekker å besøke dei i "gamlehuset" før det ikkje lenger er i vår vennekrets. Der hjalp vi med å spise noko av all maten meglar ville at de skulle ha ståande framme på visning. Ja, og det regner framleis nesten kvar dag.
Vi badar framleis - i slutten av månaden er det 19 grader, og vi kjem oss nesten ikkje ut av vatnet. Men vi hadde sommeravslutning her også!
Eg fant ein fin topp som eg ville stikke, men etter to garnnøster ferdigstrikka såg eg at den vart stygg. Bomullsgarn er vanskelig å få fint. Så eg snurra alt inn i nøster igjen, kamuflert bak ein presentasjon på eit jobbmøte der eg hadde kamera av. Det er ikkje stas å ødelegge timar med arbeid, så da er det lurt å gøyme det bak anna arbeid. 
Eg tar med meg ei lita flaske, pynter meg med falske perler, og spaserer på venninnebesøk for å skåle for ferie.
Og eg blir kjørt til venninne som bur i dette nabolaget for å skåle for at langt vennskap og sommarferiestart også her. Det fortjente champagne i stor flaske.
Siste dag i juni - eg joggar i fine temperaturer for slik aktivitet, og ferien er i gang!


tirsdag 16. juni 2026

Juniliv i haustvær

Eit av prosjektene eg leiar var delvis fullført i mai, og i juni var eg onsite for å hauste erfaringar frå dei som har gjennomført. Det ligger så stor innsats bak - og da er det så godt å høyre kor mykje dette har betydd for dei som har deltatt. Delmål bør også feirast!

Eg er i Håkonshallen på ein nydleg konsert, og kongshallen er så majestetisk og vakker i lyssettinga.
Arbeidsdag i historiske omgivelser - og uendelege mengder med smågodt!
Kosten vår har likt seg i regnværet - og hadde vokst ut ein elegant liten sopp.
Vi inviterte familie på bursdagsfeiring til begge ungane våre, som har fylt eller skal fylle dag i ferier. Dette var kanskje den første dagen med sol på vekesvis, så vi kunne finne fram puter til utemøblane. Det har ikkje vore sjølvsagt så langt i år.
Eg er i Kristiansund for å holde eit innlegg, og vere med i ein debatt. Morgonkaffe i fin kopp på hotellet før dag ein. 
Vi er heldige og får besøke Grip. For ei perle! Hadde det vore lov skulle eg gjerne ha vore der ei veke. Minst.
Vi kjenner dei rette folka og får billettar til showet til ein skotsk komikker. Eg trur han var skikkelig morsom, men det var vanskelig å skjønne kva han sa. Likevel - verdt å vere der!
Lillesøster feira 16-årsdag med venner, og vi ---
--- forlot huset for å henge med venner som har denne utsikta frå hagen. Ja, også hadde vi ei helg med sol midt i månaden! Det var nesten så sommarfølelsen kom!

torsdag 11. juni 2026

Maidagar del 2

Hipp hurra for 17.mai! Vi hadde ulike planar alle fire, og eg brukte dagen på fjellet saman med tåke mest, men også mange andre på søndagstur. Alle med flagg i sekken!

Ulikt skotøy - men alle er klare for dagen!
Kafemorgon saman med venninne for å preppe ho til jobbintervju (på ein jobb som ho ikkje fikk, så kanskje eg ikkje skal gjøre dette om til ei vane). 
Det er utstillingsåpning på eit av byens kunstgallerier, og vi er tilstade for å sjå på kunsten og prate med folka. Det er ekstra hyggelig når vi kjenner de ansvarlege og kan fortelje de kor dyktige de er. For utstillinga var heilt fantastisk!
Nok ein regnfull, tåkete og vindfull dag, men det er fridag og eg går på Ulriken og spiser lunchen min. Godt at eg har sett utsikta før, det var tristare for turistane. 
Det er ingen unger heime, så eg og mannen stikker til byn og spiser på restauranten med den beste utsikta!
Vi bader oss igjennom mai, og det er 14 grader i vatnet. Vi ligger lenge uti, og framleis er vi relativt aleine. 
Bursdagsmånad, bursdagskaffe (i julekopp?) og lang arbeidsdag.
Superspanande foredrag på biblioteket! Og kjentsfolk i salen som hadde komme langvegs frå for å vere her. Vi kunne lett ha tatt 120 minutter, om ikkje meir!
Ein morgon alle var heime fikk vi besøk av to piggsvin! De var der ei stund, i alle fall til alle hadde reist heimfrå, men vi har ikkje sett dei sidan. Eg håper dei bur i hagen vår, og at vi berre ikkje ser dei så ofte. 
Ein av mai sine høgdepunkter på jobb kjem og går - men før vi er heilt ferdige er det samvær, stjernemat og middeladerkyrkje i nydleg treenighet!
Eg jobbar frå båt ein heil dag. Og sjølv om den låg til kai heile tida, var det stas og på grensen til maritimt. 
Meir maritimt vart det seinare den veka, med seglbåttur med ein veteranbåt. Heilt fantastisk!
Siste dag i mai, og eg er på festspillforestilling som var 10% bra og 90% uinteressant. Raud løpar derimot - alltid 100% bra!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...