mandag 8. april 2019

Snart påske!

Det som er fint med sein påske er at den lar vente på seg. I fjor var vi alt ferdig med ferien på dette tidspunktet, medan vi i år framleis har den foran oss! Vi har hatt ei veldig aktiv og fin helg - og det er nok grunnen til at måndagen denne veka kjennes heilt feil! Er det ikkje (snart) ferie da? Og moglegheit for enda fleire timar i vårsola?
Kreativiteten blomstrer, energien er på topp (heilt til kvelden kjem og ein kjenner kor trøtt ein blir av sol og vind og uteliv), det er lyst ute og lyst inne, Toulouse kan endelig gå inn og ut i foretrukket intervall (altså ein gong i minuttet give or take) sidan alle dører står opne, det er vårblomar i vegkantar og blomsterbed, pollenallergimedisinen gjør at alle netter foregår i tung søvn, frysaren er full av småis slik at vi kan spise is kvar dag, vi er småsolbrende i kinnene fordi vi gjekk tom for solkrem i fjor og derfor ikkje har noko liggande for desse første virkelig varme dagane og vi vil ha meir fri, meir sol, meir god mat, meir samtalar, meir fjas og meir tid. Er det påskeferie snart?

onsdag 3. april 2019

Sidan sist: mars

Han her altså! Han har ikkje heilt klart å gjøre seg til konge over tomta vår, puslete som han er. Han er stort sett glad og fornøyd, men han hadde ei lita periode med innetissing og stressoppførsel. Det har kanskje ikkje hjelpt at vi har satt han på fransk diett - altså at vi veier opp maten hans og han får kun det han skal ha. Han spiser enormy mykje, så vi måtte berre begynne å kontrollere det.

Båttur til Sunnfjord i strålande vær for ein liten vinterferiepause!


Litt meir dagslys kvar dag! Eg lærte kva vårjevndøgn er og digger det. Med dagslyset kom også innimellom tørr asfalt og tørr veranda. Oppussingslysta kom over oss som vanleg, og samtidig ønske om å få blomster over alt!
Det har blitt få vinterturar på Lyderhorn i år, så ein laurdag det var sol og snø på toppen gjekk eg opp. Ikkje fullt så masse snø som i fjor, men bra nok!

Marsværet er alt mellom vinter og vår. Her på joggetur ein av vintermarsdagane med utsikt mot Løvstakken.
Ein ørliten forsmak på våren fikk eg på jobbreise til København. Her fullmåne like ved Tivoli.
Tre nydelige dager med faglig og sosialt påfyll var herleg!
Slike møterom er fantastiske! Sjølv om det ser varmt og godt ut var det kaldt og masse vind. Torgalmenningen.
Nok ei jobbreise, denne gongen til Oslo. Kaffe og sol over skyene, alltid fint!

I Oslo var det varme, og vi fikk sitte litt ute i pausene og nyte solstrålene. Her er eg litt tidleg ute på dag ein, så eg fikk sitte ved elva og kose meg!
Storebror sin bursdag vart feira tre heile dagar til endes, også var april kommet!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...