mandag 8. april 2019

Snart påske!

Det som er fint med sein påske er at den lar vente på seg. I fjor var vi alt ferdig med ferien på dette tidspunktet, medan vi i år framleis har den foran oss! Vi har hatt ei veldig aktiv og fin helg - og det er nok grunnen til at måndagen denne veka kjennes heilt feil! Er det ikkje (snart) ferie da? Og moglegheit for enda fleire timar i vårsola?
Kreativiteten blomstrer, energien er på topp (heilt til kvelden kjem og ein kjenner kor trøtt ein blir av sol og vind og uteliv), det er lyst ute og lyst inne, Toulouse kan endelig gå inn og ut i foretrukket intervall (altså ein gong i minuttet give or take) sidan alle dører står opne, det er vårblomar i vegkantar og blomsterbed, pollenallergimedisinen gjør at alle netter foregår i tung søvn, frysaren er full av småis slik at vi kan spise is kvar dag, vi er småsolbrende i kinnene fordi vi gjekk tom for solkrem i fjor og derfor ikkje har noko liggande for desse første virkelig varme dagane og vi vil ha meir fri, meir sol, meir god mat, meir samtalar, meir fjas og meir tid. Er det påskeferie snart?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...