tirsdag 20. desember 2022

Desember 1/2

Desember er innholdsrik - som alltid - så eg deler opp månaden i to :)

Første halvdel av desember var beinkald og sjølv om ein er født med pels er det fint å kunne kjøre på med dobbelt lag. For oss andre gjaldt det å kle seg godt, drikke varmt og holde ut.
Det er derimot ikkje noko problem å holde ut når ein fyrer i peisen for første gong sidan vinteren 2011.
På jobb flytta vi lenger ned i bygget, og sjølv om bygget er det samme faller utsikta i takt med antall færre trappetrinn. Fint bygg å sjå på da. Og blå himmel.
Ei kveldsøkt på jobb, og eg spaserte langs eit juleopplyst Bryggen med fullmånen like bak. Ganske så vakkert spør du meg!
The season of juleavslutninger er i gang! Vi trenger ikkje mykje for å skape god stemning for ei barnegruppe!
Årlig baking med gode venner er alltid eit høgdepunkt!
I år har det blitt laga 7 slag - pepperkaker, kakemenn, moccasjokoladekjeks, kolakaker, skrivefruens kaffebrød, sjakkruter og kokosmakroner. Nam!
Ute er det snø i fleire dagar i strekk. Vinterhimmel, nokon stakkars minutter med sol rett i sjela og brodder under føttene.
I vår kom vi over ledige billetter til Kurt Nilsen sin tradisjonelle (skjønte vi den kvelden) julekonsert i Grieghallen. Før han begynte såg det lenge ut som om vi skulle få ei heil seterad for oss sjølve! Konserten var fin og seterada vart fylt opp.
Med kombinert heimekontor - bykontor, var det berre flaks at eg var på bykontoret på Luciadagen. Eit Luciatok sang seg gjennom etasjane, og vi fikk utdelt deilige lussekatter!
Det lokale biblioteket inviterte til juleverkstad for oss over skulealder, og eg fikk brukt eit gammalt, flekkete og hullete kjøkkenhåndkle til å lage vokspapir. Det var kjapt og hyggelig - og lukta skikkelig godt! Og det fungerer - de tre vokspapirene eg lagde har vært i bruk kvar dag sidan!
KODE hadde monotrykkurs for oss som er medlemmer, og eg hadde ein kreativ førjulskveld i byn saman med flotte folk. 
Og utanfor KODE såg det slik ut. Snø, julemarked og julestemning!
Værvarselet viste plussgrader og regn, så siste kvelden med nordpolkulde og stjernekikkemoglegheit, vart brukt i skogen saman med venninne. Vi hadde med oss krydrete te og julekaker - og gløymde rett at det var iskaldt. Dagen etter vart eg sjuk, men det var nesten så det var verdt det!

fredag 2. desember 2022

Nuvel november

Med store deler av november i rekonvalesens teikn, var det langt mellom høgdepunktene. Likevel - det kom seg mot slutten av månaden!

Samtidig som eg kunne begynne å gå litt lengre enn kun ned til postkassa og tilbake, kom det kulde og klarvær! Det er klart det er luksus når ein er sjukmeldt og har tid på dagtid til å være ute. Her i sola kunne eg opne jakka og kjenne at sola varmer også i november!
Saman med så enormt mange andre, las eg Matthew Perry sine memoarer. Amazon braut ned da boka kom ut, og den var den mest solgte i USA og Canada - og fleire andre land. Dagen etter lanseringa var den utsolgt i Bergen, men eg fikk den tilsendt frå England - og det gjekk ganske kjapt. Fin fyr, men tung bok.  
Lys, sol og stadig lengre turer.

Sondre Lerche gjennomførte årets konsertkonsept på Kulturhuset, og mannen og eg var så heldige at vi hadde billettar. For ei oppleving! For ein artist!
"Testplassen" vart pakka ned tidlegare i år, etter at pandemien roa seg i byen, så no er endelig Bergen Julemarked på plass på Festplassen. Heile byen er pynta til jul! Heldige meg som får vandre igjennom dette kvar dag eg jobbar i byn!
Ein finværslaurdag i Edvard Griegs fotspor. Vi lærte meir eller mindre sjokkerande ting. Deriblant, men ikkje fullt så sjokkerande, er at The Griegs ikkje var her på vinteren siden huset var så vanskelig å varme opp. Men det gjekk fint å henge der berre litt for oss. Med varme klær.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...