fredag 2. desember 2022

Nuvel november

Med store deler av november i rekonvalesens teikn, var det langt mellom høgdepunktene. Likevel - det kom seg mot slutten av månaden!

Samtidig som eg kunne begynne å gå litt lengre enn kun ned til postkassa og tilbake, kom det kulde og klarvær! Det er klart det er luksus når ein er sjukmeldt og har tid på dagtid til å være ute. Her i sola kunne eg opne jakka og kjenne at sola varmer også i november!
Saman med så enormt mange andre, las eg Matthew Perry sine memoarer. Amazon braut ned da boka kom ut, og den var den mest solgte i USA og Canada - og fleire andre land. Dagen etter lanseringa var den utsolgt i Bergen, men eg fikk den tilsendt frå England - og det gjekk ganske kjapt. Fin fyr, men tung bok.  
Lys, sol og stadig lengre turer.

Sondre Lerche gjennomførte årets konsertkonsept på Kulturhuset, og mannen og eg var så heldige at vi hadde billettar. For ei oppleving! For ein artist!
"Testplassen" vart pakka ned tidlegare i år, etter at pandemien roa seg i byen, så no er endelig Bergen Julemarked på plass på Festplassen. Heile byen er pynta til jul! Heldige meg som får vandre igjennom dette kvar dag eg jobbar i byn!
Ein finværslaurdag i Edvard Griegs fotspor. Vi lærte meir eller mindre sjokkerande ting. Deriblant, men ikkje fullt så sjokkerande, er at The Griegs ikkje var her på vinteren siden huset var så vanskelig å varme opp. Men det gjekk fint å henge der berre litt for oss. Med varme klær.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...