onsdag 31. oktober 2018

Oktoberlys

På den siste dagen av oktober kjem det her nokon oktoberlysbileter. Eg er så glad i lys/skugge - eg har meir bileter av denne typen enn av ungane på mobilen. Oktober i alle fall.
Lille Lungegårdsvann

Svaner

Utsikt mot Musikkpavaljongen


Morgonlys over Ulriken

Kveldslys frå Sandviken

Morgonlys over Ulriken

Konglelys heime i stua :)

fredag 19. oktober 2018

Travel veke og helg

Oktober er ein travel månad på arbeidsfronten i år og denne veka den travlast av alle! Eg tikka inn på 52 timar når eg gjekk heim i dag, så denne helga kjem som bestilt! Veka har vore god og innholdsrik, samtidig som fleire lange prosjekter har blitt avslutta. I alle fall for denne gongen.
Helga er rydda for planer. Det betyr tid til å lese litt, bake brød, spele yatzi og sove. Det blir fint!

søndag 14. oktober 2018

Oslotur

I dag tar eg tidleg arbeidsstartveke og flyr til Oslo. Det er eigentlig ikkje noko før i morgon, men det er sosialt for de som reiser langt i kveld - derfor reiser eg tidlegare. Og ikke berre tidlegare, men for tidleg!



Eg skal på Nasjonalgalleriet før det stenger. Osloreisene er stort sett berre reiser og arbeid, men no såg eg ei sjanse for å faktisk vere der litt også. Berre nokon timar. Det blir ein deilig søndag!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...