onsdag 27. mai 2026

Maidagar del 1

Kanskje den einaste heile dagen i mai med sol (?), og eg har med meg ei venninne på ein av mine favorittskogturar. Vi prøvde å sette opp telefonen da vi åt lunch, men den velta; og vi fikk dette fine bilete av blå himmel, trær og hovudet til venninna mi. Turen var berre nokre timar, men vi tok igjen med laaang lunchpause ved vatnet.

Konfirmasjon nummer ein :)
For første gong sidan begynnelsen av 2000-talet besøker eg Stadion og ser at Brann sitt damelag knuser austlandslaget - og til og med eg kan sjå forskjellen på det gode laget, og det mindre gode. Heia, heia! Dette var faktisk gøy, så eg ventar ikkje 25 år før eg er tilbake denne gongen. Her er det også blå himmel, men det var forferdelig kaldt!
Eg inviterer med meg gode samarbeidskollegaer og spanderer byens beste is. Det har vore mykje kaldt og vått i mai, også denne dagen, så vi satt inne og fraus. Men folka er fine og den lille pausen velfortjent (og gjengen fortjener is i all slags vær).
Det snør - fleire gongar. 
Oppsida ved kulde og nedbør er at det er lite pollen. Så - sjeldan fjellturmoglegheit i mai for meg. Og med dårleg vær får ein også (nesten) fjellet for seg sjølv. Nesten. 
Eg var så heldig at eg fikk Lego til bursdagen min, og i mai drog eg ut bygginga av denne blomsterbuketten alt eg kunne. Så gøy!
Konfirmasjon nummer to :)
Konfirmasjon nummer tre :)
Og halvvegs i mai, og på veg heim til Bergen, stoppa vi ved Sognefjorden for å sise lunch, og for å bade. Det siste var berre meg. Eg er prikken i midten av bilete. 

fredag 22. mai 2026

Yogalærereittårsjubileum

Det kjennes som om det er meir enn eit år sidan, men i dag feirar eg at det er eitt år sidan eg fikk godkjent eksamen min - og vart sertifisert yogalærar innan Hatha og Yin. Utdanninga, eller kurset kanskje, var 200 timar; og med unntak av sjølve yogatreninga såg det slik ut; på kjøkkenbordet med te og notatbok, nettbrett og støttelitteratur.

Før eksamenstimen min, som var ein del av den langt større eksamensinnleveringa, inviterte eg nokre venner på besøk og laga stua om til eit lite yogastudio. Eg hadde plass til 6 yogaelevar, som var dei første eg underviste i ein heil time. 
Rett etter at eg hadde levert inn eksamen, og nokre veker før eg fikk den godkjent, fikk eg jobb som yogalærar. No - eit år etter - har eg undervist tre ulike grupper; og utdanna meg vidare innan Yoga Nidra. Eg feirar dagen med kunstutstillingsopning og champagne, og eg sender ein Namaste til Swami Satyananda, kvar han no enn er.

Namaste også til deg :)

fredag 1. mai 2026

Aprilvind

April starta i Praha med lunch på det eg trur må vere den koslegaste staden i heile byen. Vi ville nesten ikkje gå ut derfrå, og har snakka om staden, maten, glassene og folka sidan!

Også han da - Kafka - og nydleg vårlys. 
Vel heime var det tid for å skåle for å feire at eg fekk godkjent Yoga Nidra-utdanninga mi; og no er sertifisert Yoga Nidra-instruktør. Hurra :)
Tog på veg til Oslo, med termos slik at eg hadde både kaffe og te til togreisa.
I Oslo budde eg i ein del av byen eg ikkje hadde vore før, men absolutt skal tilbake. Ein fin ettermiddag, før eit foredrag med kunstnerisk påfyll på Litteraturhuset - også tid til ein morgonkaffe (med peis :)) før eg gjekk til neste hotell for å kursast. 
God morgon frå hotell nummer to, like god kaffe, fin utsikt og vårsol utanfor. 
Med litt drikketema i mars - SASte på vegen heim til Bergen seint på kvelden. 
Spanande arbeidsdag på institusjonen som utdannar folk som kan spele å denne, og anna - og eg diggar at det er heilt naturleg at denne ligger i gangen. 
Tåke, men turdag - og gammalt skilt til dit eg var på veg. 
Morgonstemning frå sykkelen på veg til jobb kl.05:40. Vakkert, men framleis under null grader om morgonen. 
Eit prosjekt eg leia er i full aktivitet, og eg er med ein dag for å sjå på det gøye og viktige eg har fått på beina; og har med meg muffins og iste til deltakarane. 
Heilårsbading - og vi bikker 10 varmegrader i vatnet!
Kaffedate med venninne på kafeen nærast jobben, kl.08 på ein onsdag. Dette kan vi godt gjøre til ein vane. 
Og det syklast - i vind og sol - og eg er glad kvar gong eg kjem fram der eg skal og framleis er i live. Buss er ein del meir komfortabelt. 
Solgløtt og søndagstur over to fjell og gjennom ein skog. 
Heilårsbading nest siste dag i april - 12 grader, og tid til te og snacks i sola etterpå. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...