Viser innlegg med etiketten helg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten helg. Vis alle innlegg

torsdag 3. juli 2025

Juniopplevelser

Ei helg med halvdårleg vær (har det ikkje vore det kvar helg i juni?) sykla eg lange turar laurdag og søndag. Søndagsturen avslutta eg på 48.6 km, og tenkte at det var bra. Men no skulle eg ønske eg hadde sykla 50 km. Så den turen må eg ta på nytt - også må eg sykle utsvingen kvar gong. Her er eg på veg gjennom sykkeltunellen - den er framleis ein favoritt!

Her er frå litt tidlegare i løypa. Ein anna favoritt :)
Det er Bergenfest og eg har den beste dagen så langt i år saman med denne rå dama, og tre andre favorittdamer.
Med eit litt mindre engasjert publikum enn Alanis, fikk eg også brølt Roxette-songar saman med i alle fall nokon originale musikarar.
Original musikar - Odd Nordstoga - spelar i nabolaget og er så god! Men ingen er så god som Alanis :)
Afternoon Tea på Opus saman med venninne er alltid heilt nydeleg!

Det er juni og feireavvikling. Det blir litt meir heimekontor, og litt fleire anledninger til å lage matcha-te i bibliotekskopp frå Oxford. 
Det er også anledning til å vere med på fagleg kino med kaffe og vaffel midt på dagen. Akkurat da er jobben min den beste i verda!
Vi reiser nordover og får med oss Kinnaklova, Kinnaspelet og mykje anna! 
Vi er så heldige at vi får vere med på statsbordarsermoni i Håkonshallen. Det var like høgtidleg og vakkert som ein kan tenkje seg. 
Skuleferien er i gong og regnet fortsetter. Her er bilete av at det fossar utav takrenna, men det viser ikkje så godt. Frodig er det i alle fall.
Lyderhornhelg med morgontur opp Lyderhorn både laurdag og søndag. Til tross for tåke, skyer, regn og vind - var eg ikkje aleine nokon av gongane. Eg lurer på om eg ein gong får heile fjellet for meg sjølv.
Byens bysegl er i heimbyen nokre få veker, og eg går innom og ser, høyrer og skriver meg inn den moderne borgarboka. Stas!

 Vi har oppretta kanincamp i hagen, det er koselig!

mandag 2. juni 2025

Mailiv

Inneklemt fridag, og halvdårleg vær! Eg tok turen til Osterøy for å sjå og gå Kossdalssvingane. Sikkert sidan været ikkje var heilt bra (før første og siste gong i mai), hadde eg heile sensasjonen for meg sjølv! Og sola kom fram fleire gongar! For ein fin tur, og for nokre små og fine svingar!

Dhali feirast i byn, og eg hadde skikkelig lyst å være med! Men heller ikkje i år vart det tid til det, men andre familiemedlemmar var der og kom heim med nydlege fargar, supert humør og behov for ein dusj.
Studentteateret arrangerte jubileumsfest, så for første gong sidan eg leverte mastergraden i 2005 var eg tilbake på gamle studenttrakter. Alt var likt og annleis på samme tid. Og den nye generasjonen studentteaterfolk var heilt nydlege! Vi som var aktive rundt årtusenskiftet vart kalla legender (det kan eg fort bli vandt med!) og det var gøy oppleve at studentane vart starstruck av å møte meg - det skjer ikkje så ofte! Kvelden var skikkelig, skikkelig fin - heia studentteaterne!
Når kjentsfolk spelar sexy og morderisk hovedrolle på ein av byens scener, er eg glad for at eg får solgt det inn til både voksne og barn i familien - og fikk plass på første rad. Hahaha og hjelp!

Hurra for Norge, 17. mai og olje. Og alt det derre der (hei). 
Hurra for folkehav, flagg, hurrarop og kjentsfolk i hovedprosesjonen!
Heilårsbading i mai - 15 grader og dårleg plass på parkeringen. 

Nokon har arbeidsveke på skulen, og kjenner for første gong på 14-knekken. Eg bakar havrekjeks som ho kan ha med seg - og nokre ekstra som eg tar med til kollegaer som må på eit kjedelig møte på jobb.

Kjølige morgoner og varme dagar. I mangel på sommarjakker som passar dagens humør - introduserer rosa strikkagenser og prikkete skjørt.
Kinoen inviterte til førpremiere i Widerøe sin flyhangar - og saman med 800 andre satt vi og såg film med både fly- og helikopterlyder rundt oss. Skikkelig gøy!
Eg låner ei bok på biblioteket der dette "bokmerket" falt ut. Det var så koselig at eg putta det tilbake før eg leverte inn boka; så nokon andre kan få ein hyggelig overraskelse.
Yngstebarnet er konfirmant, og eg stikker nåler i ein heilt ny bergensbunad. Det var ubehagelig ei stund, også vart eg berre tøffare og tøffare. De som sydde bunaden for oss hadde lagt inn hjelpetråd - så det skulle eigentlig godt gjørast å bomme. 
Etter at vi gjekk her på ski i vinter, har eg ikkje vore på Løvstien. Det er litt reiseveg til og frå - og da blir det ikkje til at eg utnyttar denne luksusturvegen så ofte. Men med nok ein inneklemt fridag og halvdårleg vær - bussa eg til og frå og gjekk store deler av stien aleine med fuglesong og fossebrus. Også denne brua som er skikkelig, skikkelig stilig! 
På veg mellom Grieghallen og bilen blomstrar dette! Det ser nesten giftig ut - de er store - men så fine!
Årets einaste Festspillforestilling vart Mozarts Requiem - og eg er så glad eg var der!
Kinoliv midt på dagen er kanskje ein av mine favorittkvardagsluksusingrediens.
Det eine epletreet vårt - som eigentlig berre er ein lang stilk etter eit besøk av ein hjort - blomstrar masse! Tenk om det blir nokre epler også! Vi håper!
Eg er på storflott festival, og får henge i denne middelalderkyrkja og få servert kunst både for auge og for ganen. Ja takk!
Nokon fyller år og inviterer til turnering med kakepause. Supergøy - også vant eg til og med!!

tirsdag 6. mai 2025

Aprilhøgdepunkt

April begynte heilt på topp med bingokorogkakekveld - og eit rom fullt av fine og glade mennesker! Bingo er gøy! La oss gjøre meir av det!

La oss også leike ute saman med venner! La oss legge inn tepauser i sola, full forvirring om kvar neste frespeegolfmål ligger og latterkramper. Og sykkeltur for å komme seg fram. Berre det å sykle saman er ei tidsreise, umiddelbart er vi 11 år alle saman!
Våren kjem - og utemøblane kjem fram. Pusen blir glad for å ha noko mjukt å ligge på, og eg blir glad for å ha fleire stader å sitte, å sjå og å drikke kaffe.
Stort sett avgjør eg 100% kva eg vil sjå på scener, men her er eg +1 saman med mannen. Heldigvis var dette ein sympatisk og artig fyr å høyre på!
Vi vinter(heilårs)bader framleis, det blir bedre og betre! Men det er mindre tid i april en i november, så det blir langt sjeldnare enn eg hadde ønskt.
Påskepynt frå eigen hage!
Vi er underbemanna og overarbeida (her er det ein heilt logisk samanheng), så eg legger opp til arbeidsdager der eg jobber 12 timer før eg belønner meg sjølv med ein tur på kino før eg busser heim. Eg sovner alltid i kinosalen, men kinobesøket er ein nydleg overgang mellom oppgåver eg ikkje vil gjøre og livet utanom. 
Påskeferien starta med ein dag på tatoveringsstudio - eller eit nytt kapittel om ein vel å sjå slik på det.
Vi køyrer til Os for å besøke Lysekloster. Sidan vi kjørte oss litt vill fikk vi også sjå ein del av Os vi ikkje hadde sett før. Og klosterruinane som nærmar seg 900 år var nydlege!
Påskeferien fortsetter og alle på 4 og 2 bein får påskeegg.
Særleg påskharen sjølv. Han feira påske her medan de han vanlegvis bur hos var vekkreist.
Kort arbeidsdag for å toge austover - 
- for å feire at det er 25 år sidan vi var russ! For ei helg!! Eg er framleis heilt varm inni meg! Tenk at eg fikk henge med så mange fine folk på 90-tallet!
Etter å ha venta i heile vår fikk eg endelig ein restplass på aerialyoga! Dette var avansertklassen, og kanskje ikkje heilt den gruppa eg burde ha vore i, men det var så gøy, så godt og ganske empowering! I den grad ein føler seg sterk og modig når ein blir kalla Tinkerbell! Men eg gjør det :)
April vart avslutta med kokosnøttkakao, kveldsmat og bålpanne på heile gjengen.

onsdag 5. februar 2025

Velkommen 2025 og januarliv

Januar var lang, men god. Vi starta året med ei periode med vintervær og sol! For eit hell! Bilete frå første tur i 2025.

Vi køyrte til Løvstien for å gå på ski med urban utsikt. 
Også gjekk vi på ski i vår eigen skog med sti. Tenk at vi har dette berre 5 minutter unna huset vårt!
Vi inviterte naboar, venner og familie på kvardagsmiddag på ein måndag. Huset vart fullt av fine folk og gode samtaler, leik og latter. Slik kan ein gjøre ein mørk januarmåndag til ein skikkelig fin dag!
Ibsen blir spelt på DNS og eg er på plass - og synas mangt og mykje om det som vart vist. Men Ibsen er god!
I stadenfor å reise heim og spise middag, går eg på kino etter jobb med medbrakt mat. Snap til venninne som synas det er veldig rart når eg spiser alternativt på kino:D
Eg er heldig på og sitter heilt tett på eit kulturelt ikon da ho besøkte Grieghallen. 
Det er uvær og farevarsel, og eg har avtale for å smake persetorsk på Bien Basar. Sidan folk skulle holde seg heime fikk vi nesten heile restauranten for oss sjølve. Og maten? Heilt fabelaktig! Vi bestemte oss raskt for at dette måtte bli ein tradisjon!
Universitetet fyller år og feirer med lysshow på Naturhistorisk museum. Skikkelig, skikkelig gøy!
Yoga i ein av middelalderkyrkjene - alltid noko heilt for seg sjølv.
Det siste halve året har eg blitt betre på å gå ut av kontoret og spise lunch på cafe saman med kolleger, eller tidlegare kollegaer. Nokon får hjarte i moccaen sin. 
Eg fullførte ein strikkavest i varmt garn, og flotta meg med den (sjølvsagt)!
Ein cafe i byn inviterte på frukost, og kan ein det seier ein jo ja! Det er ein finfin måte å starte arbeidsdagen på!
Vinterbading også i januar. Ein dag gjekk eg direkte frå jobb,til Nordnes sjøbad, og rett i Puddefjorden, som holdt nesten 4.8 grader den dagen. Men det var 32 grader i bassenget, så det gjekk veldig fint! Solnedgangen denne ettermiddagen var magisk, men da var eg mobilfri i bassenget. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...