tirsdag 7. januar 2020

Jula 2019

Med heile to vekers ferie til å feire jul og nyttår, samt finne lys og luft i dei mørkaste månadane i året, vart det tid til mykje! Første arbeidsdag etter ferien hadde eg gløymt både koden til ytterdøra og passordet på PC'en.
Vi oppdaga julepynt som vi kjøpte i USA, lagt vekk og gløymd! Denne er frå New York.
Men det meste kom frå loftet!
Her er årets kortaste dag, årets lågaste sol. Og biletebevis på at vi har sol på huset året rundt! Om enn litt kort 21.desember.
Siste søndag i advent gjekk vi opp på Fløyen i strålande (og varmande) solskinn for å få med oss at de tente siste lys i adventsstaken som er synleg frå heile byn. Med så mykje sol og lys kunne vi ikkje sjå at eller om de tente det fjerde lyset, men det gjekk heilt fint! Akkurat denne dagen var det rekordmange som ville få med seg lystenninga og det var så stemningsfullt! Vi hadde med fleire venner og hadde det som plommen i egget med varm drikke og julekaker.

Vi måtte sjølvsagt besøke klatrestativet på Fløyensletten, og sjå på juletreskogen før vi gjekk ned igjen. Lillesøster likte særleg denne turen siden den var så kort.

Førjulskveldsmat med min første Smørgåstårta.
Julaften med tradisjonsTV, kyrkje, julemat og gåver til alle!
I romjula gjekk vi opp på Lyderhorn i 17-tida for å teste ut de nye hodelyktene våre. Det var ikkje alle som var like fornøyde med lyset - og kombinert med masse vind var det ein fantastisk tur for nokon, og "verdens verste tur" for nokon andre. Som i fjor var det nokon som hadde pynta eit juletre på vegen opp!
Rekordmasse regnvær var det fleire gongar i jula. Her frå våt tur i Gullaksdalen for å sjå kor høgt vatnet var blitt.
Florøtur i romjula der vi gjekk i Barnekjippen. De av oss som var vokne fikk også med oss Kjippen som går ved midnatt.
I leigd Tesla på veg heim til Bergen - rett før nok eit regnvær - men låge nok skyer til å nyte naturen til Vestland.
Kartet i Teslaen hadde ikkje fått med seg at vi no ikkje lenger heiter Sogn og Fjordane og Hordaland, men Vestland.
Nest siste feriedag, langt uti januar nesten, gjekk vi opp på Lyderhorn igjen. Men denne gong på dagtid for å nyte det magiske vinterlyset. Vind og snø. Lys og reinspikka turlykke på heile gjengen! Velkommen 2020 - du blir fin!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...