Viser innlegg med etiketten kreative voksne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kreative voksne. Vis alle innlegg

onsdag 7. oktober 2026

September, del 2

Epletreet vårt hadde 7 overlevande epler i år; og de var ifølge eplespisere svært gode!

Eldstebarnet lander førarkort - og vi feirer med bobler frå ulike flasker og kveldssnacks. 
Eg er på ein spanande todagerskonferanse i byn, og mellom dagprogrammet og kveldsprogrammet gjekk eg og ein kollega på eit av byens kjente vannhull - der du før kunne fuktes utvendig kan du nå fuktes innvendig. Men vi åt suppe. Forsåvidt fuktig det også. 
Kveldsprogrammet var på slottet, som dette bygget vart kalla i middelalderen, 
og sidan dette var gjesteliste og raud løpar var valget om sko lett. Også fikk eg brukt det nye skjørtet som eg kjøpte second hand i Bratislava tidlegare i månaden. Det var også fri flyt av vin, og sidan eg har ein son som kan køyre bil utan L; vart eg også henta når dei begynte å blinke med lysa for å få oss ut. Prinsesseliv for ein kveld! :D   
Morgonstemning i Bergen - Festplassen med ein heil måkeflokk, og Ulriken med skydott. 
Sist eg var i Danmark kjøpte eg eit veldig fint sokkegarn som eg nå snart har skrikka eit sokkepar av. Toulouse er skummelt interessert i garnet. 
Ein regnfull laurdag var vi på avduking av nytt monument på Bryggen. Våte og kalde etter to timar ute i regnet var det fint å gå inn på nærmaste bakeri og kjøpe noko varmt å drikke. Det er deilig med regn - og det er deilig å bli tørr igjen!
Eg var heldig og fikk vere gjest på festkonsert - og hadde ein skikkelig fin kveld i møte med musikken og livet til ein artist eg ikkje kjenner så godt frå før. Eit klart og noko uventa høgdepunkt!
Sistemann i familien fikk jobb; og vi skåla i sitronbrus sidan vi alle skulle ut av huset rett etterpå. Også fordi den alt var nedkjølt. Skål og hurra!
Septemberoutfit yogalærarstyle; kort bukse og strikkasokkar i sandaler idet eg syklar bort. Det er fint å bu så nær ettermiddagsjobben. Berliouz er sjeldan langt unna ein av oss. Her var det meg. 
Årets varmaste dag i Bergen falt i år på ein av merkedagane i årsplanen vår på jobb. Det brukar å vere stor stas, men i varmen vart det ikkje det - 
- så eg sneik meg ut bakdøra og bussa heim igjen. Værmeldinga på bussholdeplassen bekrefta heten. Dette var også heilårsbadingdag, og det var 14 grader i vatnet; ein grad meir enn veka før. 

fredag 25. september 2026

September del ein, og bonusferie

September begynte på best mogleg vis med førmiddagsdate med venninne for å måle på servise. Eg måla på ein kopp som no er ferdig brent - og eg gler meg til å hente den og sjå resultatet!

Ei heil veke var eg på jobb/ferietur til Wien. På veg ned drakk eg morgonkaffeen min på flyplassen i Frankfurt - 
- og i Wien var det hetebølge, sol og sommar! Sidan eg var ganske tidleg på plass hadde eg tid til å gå på Beleverde og nyte hagen, slottet og utstillingane som var der.
Denne klassikaren var langt meir spektakulær og fasinerande enn ein kan forstå utan å sjå den på ekte (det gjeld jo for ein god del av dei store verka som ein først ser i bøker, i foredragssalen eller på TV); og eg gjekk frå å synas at Klimt er litt under ok til å bli stor fan!
Hotellet mitt låg med utsikt mot togstasjonen og heildekkande vindaug. Her satt eg og drakk morgonkaffeen min før eg spaserte til kulturhuset der konferansen eg var på vart gjennomført. Det var to fine, men forferdelig varme dagar. 
Etter å ha vore i Wien i tre dagar gjekk eg over på avspaseringsdagane mine, og hadde fleire fantastiske dagar i det som no er ein av mine nye favorittbyar! Eg gjekk mellom 16 000 og 25 000 steg kvar dag - noko som var mogleg sidan hetebølgen trakk seg vestover, og vi fikk komfortable temperaturar. 
Eg bytta også hotell til litt lenger nedi gata. Der var ikkje vindauget like stort, men eg var nærmare toglinjene. Stor stas uansett! Vindauga var heldigvis heilt lydisolerte. 
Eg kan liiiitt tysk, noko som gjør at alt er enklare når eg er i tysktalande land; men dette (som sikkert er brannslange) gjer seg ikkje heilt sjølv. Men artig ord! Lykke til med å stave dette barn :)
Sidan eg var så nær Slovakia, tok eg toget over grensa ein dag og fikk besøke Bratislava. Det var ein spanande by med nydlege mennesker, arkitektur som var skikkelig vakker, og ein del områder som var i motsatt ende av skalaen. Her er eg på veg opp til slottet som er datert heilt tilbake til steinalderen, og går forbi eit smykke av eit hus. 
Det var ikkje mykje igjen av steinalderslottet trur eg, men til tross for sitt noko uinteressante innhold (eller mangel på innhold), var det fleire fantastiske ting å sjå - som denne trappeoppgangen som tok oss mellom etasjene. 
På veg tilbake til toget hadde eg tid til ein tropical matcha, og ein enorm kjeks. Mmmm - deilig!
Eg var innom museer kvar dag, og alle var nydlege! Her fra ein av gangane mellom utstillingsromma i Albertina museum. 
Eg var også innom Sigmund Freud sitt hus (eit høgdepunkt!) og Mozart sitt hus som biletet er frå. Her er utsikta uendra, men romma var (sjølvsagt) endra sidan han budde der på slutten av 1700-talet. Også her lot de romma vere tomme, akkurat som hos Sigmund (vi er på førstenavn no ;)) og i Bratislava slott. 
Eg var vekkreist då det var kongleg begravelse i Noreg, men det var interessant å lese avisene som var i Wien og sjå kva de fokuserte på. 
På veg heim mellomlanda eg i Oslo, og gjekk ein tur ut for å sjå på kveldssola - 
- før eg flaug inn i solnedgangen på veg heim til - 

Jepp. Her har det regna sidan. 

torsdag 3. september 2026

Augusthalvdel

 Kanskje sommarens beste fjelltur gjekk til Telleviksfjellet. Dessverre var det tåke, så eg fikk ikkje sjå den nydlege utsikta som alle lovar er frå toppen, men turen var så bra at eg gladleg går den fleire gonger. Med eller utan tåke. (det var ikkje tåke da eg hadde komt meg litt lågare, gjekk litt feil og tok bilete av dette grønne treet.)

Kvardagen er i gang og koret på jobb er i gang igjen! Det gledast STORT!
Etter fleire år med sylting, lagde eg i år saft av stikkelsbær og den lille ripsavlinga vi fikk. Det vart 2.5 liter saft; det er eksklusivt med kortreist mat.
Strikkekveld hos ei venninne i nabolaget, og eg kan komme meg dit utan buss. Kortreiste venner :)
Inspirert av ein ny favorittur vart eg grådig og ville finne ein til. Turen gjekk til Brattlandsfjellet. Her var det fint, og eg kunne til og med sjå langt; men dette var ikkje noko ny favorittur! Ikkje ein gong blåbærene smakte godt her. Rart. Men det var da nokre fine bileter. Om ikkje anna.
Etter ein lang arbeidsdag vart vegen heim stengt, så eg kjøpte med meg noko middagsaktig og i alle fall ein dessert og gjekk på kino. Det var heilt korrekt. Når kinoen var ferdig var vegen open, og alle kilometerne med kø var løst opp. 
God morgon Bergen, 27.08.26.
Jobben er på befaring og vi øvar oss på sveving. Nokon av oss, deriblandt meg.  
Vi er på premiere av nytt humorshow, men kunne like gjerne ha vore igjen heime.
Ei av kyrkjene i nabolaget fyller 100 år, og barn er med på programmet, medan voksen er med for å filme til sosiale medier (og ta bilete av vakkert bygg). 
Eg fullførte sommarstrikk over alle sommarstrikk - ein bikini! Hahaha, denne er super, og eg har til og med fått brukt den ein liten time da det var sol. 
Det er landesorg, og arbeidsdagane endrar seg litt. 
Og i anledning dette lagde eg ein liten hjarteopnersekvens til yogatimen min på det som var månadens siste dag. 


torsdag 5. mars 2026

Februardagar

Vinternes vinter, og vi fortsetter livet med skøyter på beina heilt til nokon går igjennom isen like etter at vi var der. Det gjekk bra, men da forsvant lysta litt. Også kom mildværet.

Koret eg starta på jobb hadde sin første øving i februar - og i slutten av månaden er det 60 korsongarar på e-postlista! Så utruleg gøy! Eg overhøyrde "Synging er gøyare enn saksbehandling"; og det stemmer jo!
Vi er på arrangement på litteraturbåten, som sjølvsagt hadde papirbåtar i bokhyllene.
Kaldt vær med ingen vind eller nedbør gjør at vi for ei periode gjeninnfører fast heimekontor, og det vart covid-tid med det same. "Eg håpar vi snart kan sjåast på ekte" vart sagt igjen og igjen - nett som i 2020!
Eg trossa dårleg byluft og gjekk på eit fantastisk foredrag om Bergensk teaterhistorie, og derfor såg eg berre scener på denne midlertidige kunstveggen.
Eg inviterte venner til te og strikking; for ei vitamininnsprøyting på ein kald februarfredag!
Eg fikk tid til å lage kort utav trykke- og aktteikningkunsten min som eg laga på kurs under pandemien. Det tok nokre år, men no er dei klare til å bli gitt vekk!
Restegarnprosjekt, chunky hue i ull - som vart tatt i bruk med det samme.
Bursdagsfest i ein av byens flytande badestuer, med utsikt mot Ulriken. 4 grader i vatnet ute og langt varmare inne i badestua. Dette var ein nydleg måndag saman med nydlege folk - vitamin her også!
Prosjektet som eg har jobba med sidan april 2025 tok i februar vegen frå planlegging til dei menneska som skal få nyte godt av jobben som har blitt gjort, og eg kjente på at eit bilete var på sin plass. Eigentlig burde dette ha blitt markert med champagne i lekre glas, men jobben er langt ifrå over - så eit bilete for å markere overgangen for vere nok.
Det snør, og luftkvaliteten kjem seg. Vi feirar med å forlate jobben for å kjøpe kaffe!
Eg lunchar på det som akkurat no er byens største it-plass - og er glad for at staden, folka og maten var verdt all hypen! Det var også lunchdaten min, men det visste eg jo!
Eg arrangerte miniyogaretreat med Hatha, te, yin og noko Yoga Nidra. Dette var nydleg og eg skal absolutt gjøre dette igjen, når eg ikkje er småsjuk slik eg var her.
Siste helga i februar kom med varme solstrålar, god te og ei kunstbok som eg kjøpte i haust ein gong. Deilig vintervær til tross - det var godt med varme og vårkjensle! Velkommen mars!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...