fredag 31. oktober 2014

Fredag!


Frå Vil Vite-besøk tidlegare i oktober.
Lillesøster digga roboten!
Fredagen er her! Det er planleggingsdag i barnehagen, så lillesøster har vore jobbedame i dag. Først hos meg, så hos mannen frå lunch (han har buffet til lunch kvar dag, så det er på sin plass!) Kjekt med assistent på jobb! :) Og tydleg kor mykje energi som ligger inni ein liten kropp som er vandt med barnehagekvardag - ikkje kontorkvardag!

I går skippa eg styrketrening for å heller rydde hus. Når det er oppussing og rot og støv overalt er det ikkje så inspirerande å smårydde. Derfor har det den siste veka vore på grensa til "ÅH EG BLIR GAL!"-rotete, så i går måtte eg berre prioritere. Det er heile 4 veker sidan vi støvsuga! Galskap! Vi skal ha Halloweenfest i helga, så huset må sjå meir (u)hyggeleg enn no! Eg fikk i alle fall rydda ein del i går, medan mannen satte på de siste skapdørene på soverommet og monterte sengelamper. I dag skal vi skjære ut gresskar, lage pai og rydde enda meir.

Soverommet er enda ikkje ferdig, sjølv om vi hadde trudd at det kanskje kom til å vere det, men det utnyttar vi berre ved å bruke det som oppbevaringsrom for alle kommodene og eskene vi snart håpar på å kvitte oss med. Vips så ser huset ok ut, og vi passer på å holde døra lukka på laurdag.

torsdag 30. oktober 2014

Ein god morgon

Ungane kjem ikkje inn til oss i senga lenger. I helgene står de opp, går på badet og slår på TV. Vi sover. I vekene blir de vekt, eller som lillesøster har gjort i det siste, stått opp, tissa, gått ned i senga si igjen og leser bøker medan ho ventar på at eg skal komme. I dag tidleg kom ho listande inn på soverommet kl.06:32. Eg var alt halvvoken, og det var så koselig å få besøk!

I tre veker har eg sove på gjesteseng hos storebror. Det er det lengste eg samanhengande har sove utan mannen sidan 2003. Det er faktisk litt uvandt å dele seng igjen, så eg har sove litt av og på de siste nettene. Lillesøster tar mindre plass i senga enn mannen da, men så ligger ho til gjengjeld så mykje tettare! Kjempekoselig å ligge å synge med ho i senga ein halv time før vi stod opp i dag altså!

Men eg skal be ho om å gå tilbake til rutinene sine i morgon. Dette er nok ikkje like hyggleg kvar morgon :)

onsdag 29. oktober 2014

Konsertoppleving

I går var eg på ein magisk konsert med Real Ones. Eg anbafalar alle å søke de opp og høyre på Misa Criolla. Særleg "Gloria" var fantastisk!
Lukk augene og  lat som om du er på ferie! Det trenger vi no - ein kvardag i slutten av oktober!

tirsdag 28. oktober 2014

- og da var vi tre

I går reiste mannen på jobbreise til Trondheim, så vi var kun tre igjen heime (snart fire da ein tilsynelatande drukna katt kom inn). Ungane var perlevenner, så eg fikk rydda inn i klesskapet. Vi flytta inn på soverommet på søndag, men vi manglar framleis ein del detaljar før eg kan ta "etter"-bilete :)

Heldigvis blir vi fulltallige i kveld ein gong. I mellomtida snakkar vi pølser og potetstapp til middag, korøving, barneTV og regn i bøtter og spann. Ein ordentlig kvardag.

mandag 27. oktober 2014

Peanøttkjeks

Ein dag vi hadde eitt singelegg igjen i kjøleskapet lagde vi superenkle og veldig gode peanøttkjeks! Med vi meinar eg storebror.

Miks saman eit egg, 2.5 dl peanøttsmør og 2.5 dl sukker. Steik på 225 grader i ca ti minutter.  Avkjøl og nyt!

søndag 26. oktober 2014

Middagsinvitasjon

Mannen har ein eldre slektning som bur i Bergen. I dag er vi invitert på middag hos ho for første gong etter at ho fikk nytt kjøkken for 6 mnd sidan. Ho ringte denne veka og sa at no var ho vandt med den nye komfyren, så no ville ho invitere oss på middag! Den gamle komfyren tok kjøkkenbutikken med seg tilbake til butikken, så den står no som del av retr utstilling hos de. Så ein ny komfyr med induksjonstopp var nok på sin plass :)

No har ho også fått oppvaskmaskin for første gong, noko eg er glad for. Det var ikkje alltid like hyggelig å forlate ho med kjøkkendisken full av oppvask! Vi gler oss til å gå på middagsbesøk i dag i alle fall!
Frå kaffebesøk hos besta i sommar.

lørdag 25. oktober 2014

Kveldsrutiner

Kveldsrutinene våre er for tida minnar meg om brødbaking: det er ikkje mykje jobb, men det er mykje venting.

Startskotet går liksom når barneTV begynner kl.18:00. Etterpå er det kveldsmat, og kl.19:00 skal lillesøster på badet. Inkludert det faktum at vi ofte må lure ho inn, få ho på do og få pussa tennene gjør at det tar rundt 10 minutter jobb før vi er ferdig med det. Ca. 5 minutt bok, så i seng der ho vil høyre "So, ro lille mann", også natta. Så ventar vi til kl.19:30 da storebror skal på badet. Han bruker lang tid - han liker å lese blad medan han er på do, så ca kl.19:45 er det tid for å pusse tennene. Vi leser, og han går ned på rommet sitt kl.20:00. Kl.20:30 går vi ned og han leggjer seg i senga og slår av lyset.

God natt!
To og ein halv time etter at kveldsrutinene begynte er de over. Med ca 30 minutter jobb, og 2 timar venting på at neste post på programmet kan starte. Som brødbaking.

fredag 24. oktober 2014

Travle dagar

Denne veka har vore innholdsrik og veldig travel. Samtidig har eg vore potte tett med piggtråd i halsen og intervallnysing. Ein sover liksom ikkje så godt med open munn, så i går kjente eg at det var nådd eit toppunkt, ellr bunn eigentlig. Eg skulle på jobb i barneTV-tid, så etter middag vaska eg kjøkkenet. Ein veit jo at om ein setter seg ned så kjem ein seg ikkje opp igjen. Men så satte eg meg ned eit minutt, og det var det.

Eg skippa både jobb og vekeshandling i går, og det trur eg at eg gjorde rett i. Jobben var ikkje mykje jobb meir som det var å møte opp og representere kontoret. Arrangementet hadde eg gleda meg skikkelig til, men shit au. Mannen stakk på butikken medan eg tok kveldsstellet heime for første gong på ei veke. For å seie det slik; eg fikk ein pakke på måndag som eg ikkje har fått opna enda.

Heime. Ein god stad å vere.
I natt sov eg så godt, og i dag er eg framleis like forskjøla, men eg er i alle fall utkvilt. Fredag, hurra, og berre to dagar til med jobb før det er neste veke, også er det helg igjen om 7 dagar. Heldigvis er helgejobbinga i denne omgang familiearrangement, så alle fire skal vere med. Det roa seg snart ned. I alle fall litt.

torsdag 23. oktober 2014

"Vente på fuglen"

"Vente på fuglen" er tittelen på Frode Grytten sin "Twitter"-bok som vart lansert i sommar. Han kallar de noveller, kanskje mikronoveller - alle skrive på 140 teikn, som for twittere er godt kjent som det antall teikn de har å uttrykke seg på.

Grytten veit kva han driver med. Han treffer meg innimellom rett i magen. Å høyre han lese sine eigne ting er rein magi. Nesten som med Jon Fosse sine tekstar leser eg Grytten annleis enn korleis eg vanlegvis leser. Det går ikkje ann å lese noko av det Grytten har skrive utan å lese det med stemma hans i hovudet. Med hans versjon av kunstpauser.


Kvar morgon finn enkemann (73) fram 
fotoalbumet og stansar ved bildet der kona
(1938-2011) lener seg fram for å kviskre 
noko i øyret hans.

onsdag 22. oktober 2014

Vaffelhjarte

Den Nasjonale Scene spelar i haust "Vaffelhjarte". Ein regnfull laurdag tok vi bussen til sentrum og gjekk på eit av høgtlesingsarrangementa som DNS har nokre laurdagar. Denne gongen skulle de lese frå "Vaffelhjarte", og sjølvsagt servere vaflar og saft og kaffe.

I kø for å hente seg ein nysteikt vaffel!
Det var heilt nydleg å komme hastande inn døra på DNS med våte klær og inn i den varme foajeen der det lukta vafler og kaffe - mmmm! To kapittel vart lest, med vaffelpause både før, mellom og etter :)
Kva er dette? Joda. Vaffelhjarte.
Eit kjempefint arrangement! Stor suksess for alle! :)

tirsdag 21. oktober 2014

Kroppslig oppdagelse

I dag da vi var på veg ut kom det frå ein bekymra storebror; "Eg har fått noko rart her på halsen. Mamma? Kva er det?" - lettare skjelven i stemma.

Det var adamseplet. Når han strekket halsen bak kan han kjenne det, og vi kan sjå det. Eg forklarte at det var noko alle menn hadde, for at stemma skulle få plass - for når han vart større kom han til å få mørk stemme.

"NEEEEIIII!! EG VIL IKKE HA MØRK STEMME!"

Hyl og skrik og lett panikk. Slapp av, det skjer ikkje i morgon! Han roa seg med tidslogikken der eg forklarte at når han hadde levd det han til no har levd - ein gong til - var han 13 år. Også gjekk det minst eit år til før stemma kom til å forandre seg. Ingen grunn til pubertetpanikk enda altså.

mandag 20. oktober 2014

Turboveke

Nok ei turboveke er i gong. Det er travle dagar på jobb, og travle ettermiddagar heile veka. Nye minner skal bli skapt, og de blir gjerne ikkje skapt i vaskekjellaren heime - så no skal humla suse - og eg (av og til vi) skal engasjere meg (av og til oss) i skule, barnehage, kyrkje, dans, oppdragelse, ungdomsmusikk, 2.verdskrig, dukketeater, korkonsert, marsj og trening. Ingenting av dette skjer heime, så bilen har full tank og hjernen er klar for nye tankar!
Soloppgang sist veke - gull!

lørdag 18. oktober 2014

Festivitaslaurdag

I dag feirer lillesøster bursdagen til ein av bestevennane sine, og ho synas det er så kjekt at ho også no har blitt fire år! Hipp hurra!!! Medan ho vimsar rundt i finkjole på fest vimsar eg rundt i pentøy på jobb.
Men så treffast vi ved dette bordet til middag som gutane i familien har stelt i stand til oss. Borte (og i finstasen) bra, men heime (og i shlækkeklær) best! :)

fredag 17. oktober 2014

Endelig!

I dag tidleg var avtalen at storebror skulle sove litt lenger, at eg skulle vekke lillesøster først. Eg sover på rommet hans no medan vi pussar opp soverommet vårt, så etter at alarmen hadde vekt meg i dag skulle eg liste meg ut. Men da kom det frå senga på andre sida av rommet:

"Mamma? Mamma? Eg har mista tanna mi!"

Han sa han hadde vokna av alarmen også hadde han kjent at det låg ei tann laus i munnen. Og der var den!

Mannen er heime med febervarm lillesøster i dag, så for at han ikkje skulle slenge glasset med tanna i i oppvaskmaskina skeiv storebror lapp, TANN.

I kveld vil han pusse den slik at den er skikkelig rein og fin til Tannfeen kjem. Dette må du tru er stas!

torsdag 16. oktober 2014

Syndebukken

Måkje tru tanna har falt ut enda. Tanna som vart laus etter det storebror beskriver som "eit feil bitt" i dette eplet:
Inni denne eplebeholdaren ligger skrotten som, etter informasjonen vi har fått, er årsaken til laus tann hos seksogeithalvtåringen vår. Biletet er tatt (til informasjon) samme dag som det skjedde. Vi har ikkje tatt vare på eplet altså! :)
Han beveger mykje på den, og den kan no stå nesten rett ut i feil vinkel. Men den er framleis inni munnen, og storebror er litt skremt, for det gjør av og til litt vondt. Så den er nok der til den detter ut av seg sjølv. I dag ville han ikkje ha med eple eller gulrot på skulen, fordi tanna gjorde slik at det var vanskelig å spise hard mat.

Ting tar tid altså!

onsdag 15. oktober 2014

Haustkvardag

Det er unntakstilstander heime når vi pussar opp soverom. Ting ballar på seg, men vi har alt vi trenger i hus - no må vi (mannen) berre ha tid til å gjøre jobben.

Ute er det sol frå skyfri himmel! I dag og i morgon lar vi soverommet stå (så kanskje støvet legger seg?) medan vi fokuserer på andre ting. Har eg nevnt at eg er gift med ein arbeidshest? Men no - to dagar "fri".

Lillesøster

tirsdag 14. oktober 2014

Frost

Denne bloggen hadde vore ein stor, feit løgn om eg ikkje nevnte Frost. Vi såg filmen på kino i fjor jul, men først når lillesøster fikk DVD'en i bursdagsgåve i juli kom interessen. Interessen som blåste alt anna av interesse av bana!

Ho synger Frost (vi har CD med de engelske songane) kvar einaste dag. Ho leser Frost i boka som eg bestilte for bursdagspengar på Amazon. Ho maler Frost i maleboka som eg også kjøpte på Amazon. (Ein må nemleg ut av landet om det skal vere noko håp for Frost-effektar. Ho er ikkje den einaste som er hekta!) Ho vil ha enten Elsasveis (ei flette midt bak, som på bilete nr.2) eller Annasveis (to fletter). Ho skal ta strikken ut av fletta "akkurat som Elsa" gjør når ho synger "Let it go" og lagar eit slott av is.

Mannen leser Frost. På engelsk. 
Lillesøster har kledd seg ut som Elsa, og er klar for å setje på musikk.
I august brukte ho utestolputene som utkledning. No kler ho av seg nesten alt og slenger eit teppe rundt skuldrane slik at ho er utkledd som Elsa slik ho er når ho har laga isslottet sitt. Det er nemleg Elsa som er den store heltinna!

Heldigvis er det kvalitet på musikken, til dels historia - og vi digger jo både Svein og Olav! Vi er ikkje leie, men storebror har hatt nokre veker der han har klaga over at det kun blir spela Frost-musikk. Eg trur det er over for no, da han har begynt å ta rollen som snømannen Olav. Artig!

Etter finfint vær i sommar har ungane fått godt bleika hår. Hos lillesøster viser dette no som nokre lysare lokkar, som viser godt når vi setter i klemmer. "Se mamma! Jeg har sånn Anna-hår!" Og det er jo SÅ stas! I dag svarte eg på dette (ho "gjenoppdagar" det titt og ofte) "Ja, men du har ikkje frost i hjartet ditt slik som Anna fikk". Da svarte lillesøster, medan ho held seg på hjarte "Nei, men eg har litt frost i hjartet mitt. Det kan eg kjenne:"

Dette er svada for de som ikkje har sett filmen - men sjå filmen. Den er god! Kvalitetssikra ;)

mandag 13. oktober 2014

Prinsesse Sofia

Første dag i barnehagen etter sommarferien fikk lillesøster ei gåve av bestevennen sin - Prinsesse Sofia-tøfler! Du må tru gleden var stor! No hadde jentene make tøfler i barnehagen og alle hjerter gledar seg!
Men så kjem hausten. Med 8 kalde varmegrader om morgonen og behov for ull. Mellom bomull og ull - frå ein dag til den neste - vart tøflane for små. Eg hadde forbredt meg på eit sinneutbrudd som heldigvis ikkje kom.
Grådig fine da! Men her er de nye. De er ikkje like reine no lenger.
For no har lillesøster fått ein ny helt. Meir om det i morgon!

søndag 12. oktober 2014

Chestnuts

Eg og lillesøster fann chestnuts i Nygårdsparken sist helg. Eg veit ikkje kva de heiter på norsk, så det blir chestnuts. Og da kjem det veitdu -

chestnuts roasting on an open fire

The Christmas Song er ein av mine absolutte julesongfavorittar! Vi begynner med julemusikk i slutten av november, og eg kan ikkje vente! Fleire som gler seg til jul? ;)


lørdag 11. oktober 2014

Helg i Myrkdalen

For to veker sidan lånte vi igjen firmahytta til mannen som ligger i Myrkdalen, utanfor Voss. Sist vi var her var det sol og varme. Denne gongen var det regn og tåke - men pytt pytt - vi hadde jo med oss underholdning i form av venner :)
Eg hadde vore sjuk heile veka før vi reiste, så det passa meg for så vidt bra at været var dårlig slik at eg kunne ligge på sofaen ein heil del!
Men ungane ville ut! Ved hotellet stod det ei lita leikehytte som de kosa seg i og rundt.
Mest var vil likevel inne. Vi hadde med spel, teiknesaker, nokre leiker, nydleg peanøttkake, film, chips
og plastelina. Viktigst hadde vi med fire unger som leika kjempefint saman! Det var så kosleg om morgonen når vi kunne høyre at de gjekk saman på badet alle fire, og prata masse heile tida. To på seks år, ei på fem og ei på fire - ein super gjeng! Helga gjekk fort, og både eg og mannen kjente på lave skuldre og kvilepuls da vi kjørte heim etter middag på søndag. Det er styrete å pakke seg ut av huset for ei helg, men hjelpes kor godt det er å komme seg litt vekk!!

fredag 10. oktober 2014

Oppussingshelg

I dag køyrer eg ungane halvvegs til Florø for å avlevere de til mormor og morfar. Det er planleggingsdag i bhg, og haustferie på skulen - så dette er den einaste sjansen for langhelg før juleferien. Vel tilbake i Bergen skal eg og mannen vere i huset vårt utan nokon barn, for første gong. (Vel - vi hadde to timar utan barn i juli, men da gjekk vi på fjellet) Med to ledige voksne håpar vi å få gjort unna mykje arbeid på soverommet vårt.
Finaste!
Det er vel ingen som lurar på kven som får ei finaste helg? *men snart kan vi lure på kven som har finast soverom! ;)

onsdag 8. oktober 2014

Laus tann!

Første dag på skule er ein stor dag som sjølvsagt er "åj, så stor babyen min har blitt"-aktig. Men likevel er ein forbredt på dagen, og derfor kjem den ikkje badust på.

Det gjør derimot første lause tann. I alle fall når eg og tannlegen var heilt enige om at han kom til å miste tennene sine seint sidan han fikk tenner seint (han har jo ikkje hatt de i seks år ein gong!). Da eg kom og henta han på SFO i går kom han springande mot meg med open munn og "Mamma! Eg har fått ei laus tann!" Eg vart så overraska og glad og rørt på ein gong - har eg verkelig ein unge som mister tenner? Det er jo berre store barn som gjør! Når vart eg mamma til eit stort barn?
Storebror - ikkje lenger noko baby.
Og no er vi så spente! I alle fall eg og han! Han lurer på ALT! Når detter den ut? Er det vondt? Vil den ha røttene framleis? Vil det blø? Når kjem den nye tanna ut? I dag tidleg hadde han meir eller mindre denne refleksjonen:

"Kor mykje får vi for ei tann? Veit du ikkje? Kan du ringe tannlegen i dag og høyre? De veit sikkert. Kanskje er det tannlegane som kjem og hentar tanna også? Nei? Tannfeen? Korleis kjem den seg inn da? Gjennom pipa eller gjennom vindauget? Veit du ikkje? Magi? Nei, det er ikkje magi som gjør at nissen kjem seg ned pipa, han berre setter frå seg sleden på taket. Påskeharen er også magisk. Er tannfeen liten? Kan den komme igjennom eit nøkkelhull seier du? Det er jo veldig lite. Også tar den tanna og legger den i ein pose. Vil den ha tanna i mold eller i vatn? Ja, eg trur vi tar vatn - så ser den at den ligger der."

Lillesøster på sin side fikk lettare panikk da ho fikk sjå den lause tanna og begynte å grine "EG VIL IKKJE MISTE TENNENE MINE!!!!"

- og livet går vidare

tirsdag 7. oktober 2014

Frosne dinosaurar

Eg har begynt å følgje ei side på facebook som dagleg gjer meg tips om enkle og kreative aktiviteter ein kan gjøre med barn. Dette tipset fanga eg opp der. Sist veke kjøpte eg ein pose med billige dinosaurar på nille som eg fraus ned i vatn i ymse små formar.
Vi er i full gang med oppussing heime, og min jobb er å holde ungane happy. Easy Peasy for så vidt, men eg vil ikkje ha TV på - og da blir det av og til verre. No leika de finfint saman heile laurdag, og halve søndag - så da ettermiddagen kom og de begynte å irritere kvarandre hadde eg jo eit Ess opp ermet!

Ute i ettermiddagssola utstyrte eg ungane med kvar sin flaske med lunka vatn - og aktiviteten bestod enkelt og greit i å tine dinosaurane ut av isen sin. "Ånei - eg klarer ikkje å puste!"

Dette var knallgøy! Det gjekk ein del vatn, men det gjør ingenting! Det var kult å sjå at det varme vatnet laga elver gjennom isen!
Flygedinosaur i månesigd. :) Storebror kan navnet på de fleste, eg kan kun ein og det er ikkje denne.
Vi brukte nesten ein time på å tine ut alle dinosaurane, og best av alt: ingen opprydding! Hadde det vore regn ute hadde eg latt de ta over badet. Det vart litt kaldt for hendene å jobbe ute, men alt går når ein reddar dinoliv!

mandag 6. oktober 2014

Sol!

I dag er jammen alle som har haustferie heldige! Sol og varme i oktober er aldri feil! Vi har vore på jobb, i barnehage og på SFO, men veit å utnytte været når vi er heime  
Så godt det er med eige uteområde!
Vi burde vel ha begynt klargjøring av vinteren. Tatt ned trampolina og plukka søppel frå eit halvt år med hageliv. Men akkurat i dag føles vinteren så langt vekke.

søndag 5. oktober 2014

Søndagsro


Etter nokre hektiske timar på Vil Vite-senteret i Bergen avslutta eg og lillesøster formiddagen i dag i Nygårdsparken. Denne parken sykla eg igjennom kvar dag på veg til universitetet i 2001/2002 - og no er eg nesten aldri der lenger. Men kvar gong eg er innom slår det meg kor flott det er der! Og i alle fall i dag, med sol og varme haustfargar!


Storebror og mannen var high på livet inne på Vil Vite. Jentene var high på livet i varm haustsol - nydleg!

Håper de også har hatt gode augeblikk i dag!

fredag 3. oktober 2014

Takk for no joggesko!

Etter oppfølgingstime hos kiropraktor i går fikk eg endelig grønt lys for å trene FORSIKTIG! (kva no enn det betyr!) Eg har den siste veka sikla etter joggarar og tenkt at eg snart er der ute og joggar eg også.

Men hausten har komt, og det er ikkje kjekt å jogge i sidelengs regn og åtte grader. Og skal eg høyre på kva kroppen seier, så er det ikkje "enda fleire kilometer på asfalt takk".
Det er berre å flikke fram visakortet og ta turen på sats igjen. Med ein pause på 6 månader har eg spart 3000 kr! Nesten at er gått ut igjen til kiropraktor, men ein må jo gje og ta litt. No har eg hatt treningsfri lenge nok! På måndag er det spinning, og vi køyrer på med 75 minutter! Forsiktig trening? I alle fall alternativt og ikkje like belastande for leddene!

Ha ei riktig fin og avslappande helg!

torsdag 2. oktober 2014

Lekser

Vi kan trygt seie at den første "endelig-er-eg-førsteklassing-hurramegrundt"'en er over. Heime har førsteklassingen vår de siste vekene vore svært så lettantennelig og frustrert. De gjør så masse gøy på skulen, så vi veit at han stortrivast, men samtidig er det ein heilt ny kvardag som han no, som det faktisk opplevast som kvardag, må bli vandt med.

De hadde i utgangspunktet lekser to dagar i veka. No er det utvida til leselekse kvar dag, i tillegg til aukt mengde lekser på leksedagane. Denne veka har storebror kjent litt på at han no ikkje lenger har heile ettermiddagen til å gjøre som han vil lenger. Han kranglar ikkje lenge på leksene, og jobbar skikkelig med de når han kjem i gong. Han synas det er greie oppgåver som er "sinnsykt enkle!" Men det er ei lita kneik akkurat no.

Lillesøster derimot jobber flittig med lekser kvar einaste dag! Her har ho jobba i Hello Kitty-boka si:
Ellers kopierar ho navn som vi skriver ned, og er blitt riktig flink å skrive lite og jamnt! På måndag laga storebror lekser til ho, noko som var kjekkare enn å gjøre sine eigne lekser! Og ikkje minst veldig god læring for han også!
Mattelekse tidleg i 1.klasse.
Vi legger inn ein del tid i å få gode leksevaner no, og håpar det er ei investering vi vil nyte av iløpet av de neste 10 åra!

onsdag 1. oktober 2014

Back in business

Er ein sjuk i over ei veke er det nok av trådar å ta fatt på når ein omsider klarer å gjennomføre ein logisk tanke. I dag hadde eg første dag tilbake på kontoret etter halvanna veke vekke. Eg hadde hatt mareritt om 150 viktige mail som skreik imot meg, med det var ikkje heilt så ille! ;)

Bileter frå blåtur med jobben til mannen i sommar. Flotte Bryggen i Bergen!
De to siste dagane har eg vore på konferanse med 250 andre kulturfolk - og det er alltid ein sann glede å treffe så mange flotte og inspirerande menneske! Det er stas å stå i dokø og småprate med leiarane av nokon av de største kunstinstitusjonane vi har i landet, og det er fint å bli røska litt i av nytenkjande foredragshaldarar!


Resten av veka står i oppussing og kveldsmøters teikn. Phuu - det er mykje jobbing som må til om ein skal ha nok timar til å få skikkelig juleferie i år!

Haha - her prøvde eg å lage widescreenbilete, men det gjekk berre halvvegs bra! 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...