onsdag 20. januar 2021

Gjennomført: nyttårsforsetter 2020

 Vi gjentok suksessen frå 2019 og satte oss åtte kjekke planar som vi skulle gjøre samen i 2020.

Lillesøster valgte FløyenKids Ziplinepark og skøyter. Førstnevnte fikk vi inntrykk av at var stengt i år, så den ble det dessverre ikkje noko av. I desember var vi på skøyter i 11 varmegrader!



Vi venta på at Sjøfartsmuseet skulle opne.

Storebror valgte Sjøfartsmuseet og Høyt og Lavt. Vi var på Sjøfartsmuseet dager før alt stengte ned. Høyt og Lavt var vanskelig å få til med alle restriksjonane, så det vart det heller ikkje noko av.

Ved Kystmuseet i Øygarden

Mannen valgte ein fjelltur i Os og Kystmuseet i Øygarden. Fjellturen som han hadde sett på vart det heller ikkje noko av (2020 alstå!), men vi gjekk så mange nye turer at han sa seg meir enn fornøyd. Kystmuseet besøkte vi i sommar.

Utsikt frå Veten

Eg valgte tur på Veten og besøk på Akvariet i Bergen. Veten gjekk vi i april og Akvariet besøkte vi Halloweenhelga. 



I tråd med det meste anna vart gjennomføringane ikkje heilt i tråd med planane, men det må det være rom for. Vi køyrer likevel på med gode planar i 2021! 

fredag 15. januar 2021

Hei 2021

Når 2020 slutter med sjukdom begynner 2021 på samme sett. Heldigvis hadde eg heile 24 ulike tear i lausvekt fra A.C. Perch's Thehandel å velge mellom. I tillegg til julehefter og Mandelas bok ""Veien til frihet". Boka er utruleg god - men så krevande at eg måtte levere den tilbake til biblioteket før eg rakk å lese den ferdig.

 
Vakre juleblomar på kjøkkenet!

Det var iskaldt dei første vekene av januar! Eg vart betre og avspaserte ein time på dagtid for å få sol og frisk luft.


Det var krystallklar is på vatnet! Her har eg lagt mobilen nedpå isen og tatt bilete - så fasinerande! Nokre dagar seinare tok vi med oss skøyter og gjekk på isen. Mannen hadde også med drill så vi kunne sjekke dybden - 15 cm både inne ved land og langt utpå.
Nokre dagar etterpå vokna vi til ein søndag med snø! For ei glede! Vi var ute heile dagen! Eg gjekk tre turar og tikka inn på 22 000 skritt før kvelden kom.


No var det krystallklare vatnet ikkje lenger så klart. No tørr vi oss ikkje utpå!

Kveldstur med venninne med Lyderhorn skinnande mot oss! Snø altså!!
Det er ekstra koselig å komme heim når det er snø - hei hei vinterlys!
Utsikt frå verandaen vår i blåtimen. Snø snø og snø (kan ikkje få nok bildeter av slik ein sjeldenhet)!
Dagen etter snøfalldag og mange turar ut vokna eg og var sjuk - igjen! Da valgte eg å teste meg, om ikkje anna så for at eg skulle sleppe å vurdere om eg skulle gjøre det. Under 24 timar seinare fikk eg testresultatet som heldigvis var negativt.
Det betydde nok ikkje at eg var frisk, så eg måtte sitte inne ei heil veke medan det var sol og snø ute. Så langt har 2021 vært ganske under middels vil eg seie. Snø veger litt opp, men thats it. Men når eg etterkvart er betre igjen tenkjer eg at det blir bra!

tirsdag 5. januar 2021

Juleferieliv

Maja Lunde sin "De første dagene" gikk fort å lese. Det er ikkje mange månadane sidan mars 2020, men når eg las om dei kom eg på mykje eg hadde gløymd frå dei første vekene med koronatiltak. 
Nokon tar det heilt med ro.
Andre gjør det motsatte. Eg var med på Adventsulta - 100 km mellom 1.-24.desember. Eg kom i mål (eller til Oslo da - lizzom) 17.desember. Utover nokre gåturar og ein joggetur etterpå var det treninga i desember (men herreminfred det var jo bra det!).
Booka skøytetid i 11 varmegrader på Slåtthaugen. Det er så gøy å suse!!
Vi har oppussingsplaner for 2021, og storebror er alt i gang med å pakke utav rommet. Her er det masse lego som skal oppbevaras til eigne barn :)
Regn og blå himmel. Utsikt frå heimekontoret.
For første gong sidan 2008 bakte vi pepperkaker utan vår faste medbakarfamilie.
Kø utanfor Vinmonopolet nokre dagar før jul.
Ost og kjeks, julebrød og lefser, Kvelden før kvelden.
Lystur 1.juledag.
Trifledessert med gele, klementiner, knust pepperkake, vaniljekrem og rips (og enkelte solbær).
Det hev ei rose sprunge. Også midt på vinteren. 
Romjulstur i skogen med gode venner. Mitt første (seriøst!) bål der eg hadde heile ansvaret!
Vi hadde oss ein bydag med middag og dessert på den nye crepe-resturanten i gågaten. Nam! Nett som i Paris!
Årets pepperkakebyggverk til nedstøving og eting vart eit tog. Nokon hadde forelska seg i ein pepperkakeutedo på instagram og ville absolutt lage det! Det var meg. Kom inn om du må!

2020 vart avslutta med sjukdom slik at vi måtte avlyse den planlagte nyttårsfesten vår med fire gjester. Nyttårsafta vart likevel fin med veldig masse fyrverkeri heile kvelden! De fleste av oss synas det var knall, men Toulouse var redd heile kvelden stakkar. Vi lot han bruke huset som han ville slik at han kunne finne ein stad han følte seg trygg. Lenge var det i sofaen hos meg, men så gjekk han ned på badet nede og la seg. Det tok nokre dagar før han var heilt seg sjølv igjen.
Men - takk for følget 2020. Du kunne ha vore betre. Men du kunne også ha vært verre!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...