tirsdag 5. januar 2021

Juleferieliv

Maja Lunde sin "De første dagene" gikk fort å lese. Det er ikkje mange månadane sidan mars 2020, men når eg las om dei kom eg på mykje eg hadde gløymd frå dei første vekene med koronatiltak. 
Nokon tar det heilt med ro.
Andre gjør det motsatte. Eg var med på Adventsulta - 100 km mellom 1.-24.desember. Eg kom i mål (eller til Oslo da - lizzom) 17.desember. Utover nokre gåturar og ein joggetur etterpå var det treninga i desember (men herreminfred det var jo bra det!).
Booka skøytetid i 11 varmegrader på Slåtthaugen. Det er så gøy å suse!!
Vi har oppussingsplaner for 2021, og storebror er alt i gang med å pakke utav rommet. Her er det masse lego som skal oppbevaras til eigne barn :)
Regn og blå himmel. Utsikt frå heimekontoret.
For første gong sidan 2008 bakte vi pepperkaker utan vår faste medbakarfamilie.
Kø utanfor Vinmonopolet nokre dagar før jul.
Ost og kjeks, julebrød og lefser, Kvelden før kvelden.
Lystur 1.juledag.
Trifledessert med gele, klementiner, knust pepperkake, vaniljekrem og rips (og enkelte solbær).
Det hev ei rose sprunge. Også midt på vinteren. 
Romjulstur i skogen med gode venner. Mitt første (seriøst!) bål der eg hadde heile ansvaret!
Vi hadde oss ein bydag med middag og dessert på den nye crepe-resturanten i gågaten. Nam! Nett som i Paris!
Årets pepperkakebyggverk til nedstøving og eting vart eit tog. Nokon hadde forelska seg i ein pepperkakeutedo på instagram og ville absolutt lage det! Det var meg. Kom inn om du må!

2020 vart avslutta med sjukdom slik at vi måtte avlyse den planlagte nyttårsfesten vår med fire gjester. Nyttårsafta vart likevel fin med veldig masse fyrverkeri heile kvelden! De fleste av oss synas det var knall, men Toulouse var redd heile kvelden stakkar. Vi lot han bruke huset som han ville slik at han kunne finne ein stad han følte seg trygg. Lenge var det i sofaen hos meg, men så gjekk han ned på badet nede og la seg. Det tok nokre dagar før han var heilt seg sjølv igjen.
Men - takk for følget 2020. Du kunne ha vore betre. Men du kunne også ha vært verre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...