fredag 15. januar 2021

Hei 2021

Når 2020 slutter med sjukdom begynner 2021 på samme sett. Heldigvis hadde eg heile 24 ulike tear i lausvekt fra A.C. Perch's Thehandel å velge mellom. I tillegg til julehefter og Mandelas bok ""Veien til frihet". Boka er utruleg god - men så krevande at eg måtte levere den tilbake til biblioteket før eg rakk å lese den ferdig.

 
Vakre juleblomar på kjøkkenet!

Det var iskaldt dei første vekene av januar! Eg vart betre og avspaserte ein time på dagtid for å få sol og frisk luft.


Det var krystallklar is på vatnet! Her har eg lagt mobilen nedpå isen og tatt bilete - så fasinerande! Nokre dagar seinare tok vi med oss skøyter og gjekk på isen. Mannen hadde også med drill så vi kunne sjekke dybden - 15 cm både inne ved land og langt utpå.
Nokre dagar etterpå vokna vi til ein søndag med snø! For ei glede! Vi var ute heile dagen! Eg gjekk tre turar og tikka inn på 22 000 skritt før kvelden kom.


No var det krystallklare vatnet ikkje lenger så klart. No tørr vi oss ikkje utpå!

Kveldstur med venninne med Lyderhorn skinnande mot oss! Snø altså!!
Det er ekstra koselig å komme heim når det er snø - hei hei vinterlys!
Utsikt frå verandaen vår i blåtimen. Snø snø og snø (kan ikkje få nok bildeter av slik ein sjeldenhet)!
Dagen etter snøfalldag og mange turar ut vokna eg og var sjuk - igjen! Da valgte eg å teste meg, om ikkje anna så for at eg skulle sleppe å vurdere om eg skulle gjøre det. Under 24 timar seinare fikk eg testresultatet som heldigvis var negativt.
Det betydde nok ikkje at eg var frisk, så eg måtte sitte inne ei heil veke medan det var sol og snø ute. Så langt har 2021 vært ganske under middels vil eg seie. Snø veger litt opp, men thats it. Men når eg etterkvart er betre igjen tenkjer eg at det blir bra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...