fredag 16. oktober 2026

Oktobergleder

 Syngebollen som eg kjøpte for min første yogalærerlønn har no blitt brukt meir i jobbsamanheng enn i yogaundervisning. I oktober brukte eg den som lydbeskjed då eg leia ein konferanse med stor grad av medvirkning; og derfor behov for å styre deltakarane og holde tida. Denne lagar ein roleg lyd som folk responderar til. Men ikkje så høg lyd, derfor fikk den eigen mikrofon. 

I september henta eg det nye, sjølvmåla, kruset mitt! Dette skulle vere ein haustkopp, men eg synas ikkje det vart heilt det. Den er for lys, men ganske så søt likevel, så eg brukar den som haustkopp uansett. Her er eg aleine heime etter jobb, og eg spiser middagsrestar og drikker te i ettermiddagssola som varmar så godt også i oktober! 
Ein av flere klissvåte regnværsdager starta eg dagen på kafe med ei venninne; og idet vi kom inn var vi de einaste kundane; og det har aldri skjedd! Det var så koselig å sitte inne og drikke kaffe medan det sprutregna ute! Ein god start på veka! Også kom det etterkvart nokre andre inn også, våte og kalde. 
Etter ein lang arbeidsdag gjekk eg direkte på biblioteket for å vere med på innspeling av immateriell kulturarv; og lærte mykje, lo mykje og vart heilt varm inni meg. Mennesker altså!
Det var opning av ei ny utstilling med ein spanande bergenskunstner; og eg og ei venninne tok turen og fikk bobler i glaset, ein liten vise-konsert og fleire gode kunstsamtalar.
Ute er det enten strålande sol eller enormt med regn. Og denne dagen var det sol rett på rosene våre. Det har de sikkert ikkje godt av, men dei vart ekstra fine i lyset. 
Haustens kulaste og mest energiske kveld var i eit av byens kulturhus saman med fleire hundre ungdommar. Vi satte oss på bakerste rad og lot oss rive med av stemninga i salen - og ei av byens beste dansarar på scena (som også er datteren vår ;))
Another night, another gallery - denne gongen er det opning av utstilling til ein spanande Hawaiibasert kunstnar med røtter frå Seoul. Dette var krevande verk, så hit må eg tilbake. Men det er fint på opningar sjølv om det er fullt over alt. Eg brukte tida til å sjå litt på utstillinga, men mest til å snakke med kollegaer og venner; og drikke champagne. Men spesielt likte eg det han hadde måla direkte på veggen; og derfor ikkje kjem til å eksistere lenger enn sjølve utstillinga. Det eine veggmåleriet er her: 
Siste helga i haustferien reiser vi til Austevoll og legger oss inn på gjestgiveriet der. Været var fint; og vi fikk gjort masse hyggeleg; deriblandt ein time i denne badestua med fleire bad i 12 graders sjøvatn. 
Dette er eigentlig eit "drikke kaffe i hotellseng-bilete", men eg vinkla mobilen for langt opp, så koppen er ikkje med. Men den var uansett mindre estetisk verdt enn den nydlege hemsen der eg og mannen sov. Ungane hadde kvar sitt soverom i 1.etasje; så her hadde vi det midt i blinken alle fire!
Denne frå shy girl var på veggen ikkje langt frå der vi sov. 
Etter nokre dagar med sol skulle det snart komme nok eit uvær - og her kan ein sjå skyene på veg frå ein tur eg gjekk i skogen ein ettermiddag. Utsikt mot vest. 
Det har blitt mange overtidstimar på jobb, så eg tar halv dag og går på kino med lunchkjøleskapsgraut i veska. Som forventa vart eg trøtt i mørket, og sov ganske så lenge der eg satt på aleine på bakerste rad. Men det går fint, det var ein roleg film og eg trur ikkje eg gjekk glipp av noko viktig. 
Mot midten av månaden vart vi vinterbadarar igjen når vi bada i 10 grader. Herleg!
Saman med ei venninne er eg på boklansering; og vi får te som forfattaren hadde laga til alle med tørka blomar frå eigen hage. Ho sa kva det var, men det har eg heilt gløymt. Dette var nok ein fin kveld med tankevekkande historier, god musikk og venninnetid. 


onsdag 7. oktober 2026

September, del 2

Epletreet vårt hadde 7 overlevande epler i år; og de var ifølge eplespisere svært gode!

Eldstebarnet lander førarkort - og vi feirer med bobler frå ulike flasker og kveldssnacks. 
Eg er på ein spanande todagerskonferanse i byn, og mellom dagprogrammet og kveldsprogrammet gjekk eg og ein kollega på eit av byens kjente vannhull - der du før kunne fuktes utvendig kan du nå fuktes innvendig. Men vi åt suppe. Forsåvidt fuktig det også. 
Kveldsprogrammet var på slottet, som dette bygget vart kalla i middelalderen, 
og sidan dette var gjesteliste og raud løpar var valget om sko lett. Også fikk eg brukt det nye skjørtet som eg kjøpte second hand i Bratislava tidlegare i månaden. Det var også fri flyt av vin, og sidan eg har ein son som kan køyre bil utan L; vart eg også henta når dei begynte å blinke med lysa for å få oss ut. Prinsesseliv for ein kveld! :D   
Morgonstemning i Bergen - Festplassen med ein heil måkeflokk, og Ulriken med skydott. 
Sist eg var i Danmark kjøpte eg eit veldig fint sokkegarn som eg nå snart har skrikka eit sokkepar av. Toulouse er skummelt interessert i garnet. 
Ein regnfull laurdag var vi på avduking av nytt monument på Bryggen. Våte og kalde etter to timar ute i regnet var det fint å gå inn på nærmaste bakeri og kjøpe noko varmt å drikke. Det er deilig med regn - og det er deilig å bli tørr igjen!
Eg var heldig og fikk vere gjest på festkonsert - og hadde ein skikkelig fin kveld i møte med musikken og livet til ein artist eg ikkje kjenner så godt frå før. Eit klart og noko uventa høgdepunkt!
Sistemann i familien fikk jobb; og vi skåla i sitronbrus sidan vi alle skulle ut av huset rett etterpå. Også fordi den alt var nedkjølt. Skål og hurra!
Septemberoutfit yogalærarstyle; kort bukse og strikkasokkar i sandaler idet eg syklar bort. Det er fint å bu så nær ettermiddagsjobben. Berliouz er sjeldan langt unna ein av oss. Her var det meg. 
Årets varmaste dag i Bergen falt i år på ein av merkedagane i årsplanen vår på jobb. Det brukar å vere stor stas, men i varmen vart det ikkje det - 
- så eg sneik meg ut bakdøra og bussa heim igjen. Værmeldinga på bussholdeplassen bekrefta heten. Dette var også heilårsbadingdag, og det var 14 grader i vatnet; ein grad meir enn veka før. 

fredag 25. september 2026

September del ein, og bonusferie

September begynte på best mogleg vis med førmiddagsdate med venninne for å måle på servise. Eg måla på ein kopp som no er ferdig brent - og eg gler meg til å hente den og sjå resultatet!

Ei heil veke var eg på jobb/ferietur til Wien. På veg ned drakk eg morgonkaffeen min på flyplassen i Frankfurt - 
- og i Wien var det hetebølge, sol og sommar! Sidan eg var ganske tidleg på plass hadde eg tid til å gå på Beleverde og nyte hagen, slottet og utstillingane som var der.
Denne klassikaren var langt meir spektakulær og fasinerande enn ein kan forstå utan å sjå den på ekte (det gjeld jo for ein god del av dei store verka som ein først ser i bøker, i foredragssalen eller på TV); og eg gjekk frå å synas at Klimt er litt under ok til å bli stor fan!
Hotellet mitt låg med utsikt mot togstasjonen og heildekkande vindaug. Her satt eg og drakk morgonkaffeen min før eg spaserte til kulturhuset der konferansen eg var på vart gjennomført. Det var to fine, men forferdelig varme dagar. 
Etter å ha vore i Wien i tre dagar gjekk eg over på avspaseringsdagane mine, og hadde fleire fantastiske dagar i det som no er ein av mine nye favorittbyar! Eg gjekk mellom 16 000 og 25 000 steg kvar dag - noko som var mogleg sidan hetebølgen trakk seg vestover, og vi fikk komfortable temperaturar. 
Eg bytta også hotell til litt lenger nedi gata. Der var ikkje vindauget like stort, men eg var nærmare toglinjene. Stor stas uansett! Vindauga var heldigvis heilt lydisolerte. 
Eg kan liiiitt tysk, noko som gjør at alt er enklare når eg er i tysktalande land; men dette (som sikkert er brannslange) gjer seg ikkje heilt sjølv. Men artig ord! Lykke til med å stave dette barn :)
Sidan eg var så nær Slovakia, tok eg toget over grensa ein dag og fikk besøke Bratislava. Det var ein spanande by med nydlege mennesker, arkitektur som var skikkelig vakker, og ein del områder som var i motsatt ende av skalaen. Her er eg på veg opp til slottet som er datert heilt tilbake til steinalderen, og går forbi eit smykke av eit hus. 
Det var ikkje mykje igjen av steinalderslottet trur eg, men til tross for sitt noko uinteressante innhold (eller mangel på innhold), var det fleire fantastiske ting å sjå - som denne trappeoppgangen som tok oss mellom etasjene. 
På veg tilbake til toget hadde eg tid til ein tropical matcha, og ein enorm kjeks. Mmmm - deilig!
Eg var innom museer kvar dag, og alle var nydlege! Her fra ein av gangane mellom utstillingsromma i Albertina museum. 
Eg var også innom Sigmund Freud sitt hus (eit høgdepunkt!) og Mozart sitt hus som biletet er frå. Her er utsikta uendra, men romma var (sjølvsagt) endra sidan han budde der på slutten av 1700-talet. Også her lot de romma vere tomme, akkurat som hos Sigmund (vi er på førstenavn no ;)) og i Bratislava slott. 
Eg var vekkreist då det var kongleg begravelse i Noreg, men det var interessant å lese avisene som var i Wien og sjå kva de fokuserte på. 
På veg heim mellomlanda eg i Oslo, og gjekk ein tur ut for å sjå på kveldssola - 
- før eg flaug inn i solnedgangen på veg heim til - 

Jepp. Her har det regna sidan. 

torsdag 3. september 2026

Augusthalvdel

 Kanskje sommarens beste fjelltur gjekk til Telleviksfjellet. Dessverre var det tåke, så eg fikk ikkje sjå den nydlege utsikta som alle lovar er frå toppen, men turen var så bra at eg gladleg går den fleire gonger. Med eller utan tåke. (det var ikkje tåke da eg hadde komt meg litt lågare, gjekk litt feil og tok bilete av dette grønne treet.)

Kvardagen er i gang og koret på jobb er i gang igjen! Det gledast STORT!
Etter fleire år med sylting, lagde eg i år saft av stikkelsbær og den lille ripsavlinga vi fikk. Det vart 2.5 liter saft; det er eksklusivt med kortreist mat.
Strikkekveld hos ei venninne i nabolaget, og eg kan komme meg dit utan buss. Kortreiste venner :)
Inspirert av ein ny favorittur vart eg grådig og ville finne ein til. Turen gjekk til Brattlandsfjellet. Her var det fint, og eg kunne til og med sjå langt; men dette var ikkje noko ny favorittur! Ikkje ein gong blåbærene smakte godt her. Rart. Men det var da nokre fine bileter. Om ikkje anna.
Etter ein lang arbeidsdag vart vegen heim stengt, så eg kjøpte med meg noko middagsaktig og i alle fall ein dessert og gjekk på kino. Det var heilt korrekt. Når kinoen var ferdig var vegen open, og alle kilometerne med kø var løst opp. 
God morgon Bergen, 27.08.26.
Jobben er på befaring og vi øvar oss på sveving. Nokon av oss, deriblandt meg.  
Vi er på premiere av nytt humorshow, men kunne like gjerne ha vore igjen heime.
Ei av kyrkjene i nabolaget fyller 100 år, og barn er med på programmet, medan voksen er med for å filme til sosiale medier (og ta bilete av vakkert bygg). 
Eg fullførte sommarstrikk over alle sommarstrikk - ein bikini! Hahaha, denne er super, og eg har til og med fått brukt den ein liten time da det var sol. 
Det er landesorg, og arbeidsdagane endrar seg litt. 
Og i anledning dette lagde eg ein liten hjarteopnersekvens til yogatimen min på det som var månadens siste dag. 


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...