mandag 18. februar 2019

På agendaen sidan sist

Siden sist har det gått ein heil månad og det er nesten blitt vår! I alle fall er det lyst utover ettermiddagen, og ein dag sist veke da eg begynnte på jobb kl.08:15 - var det nesten litt lyst da eg gjekk av bussen i byn. Nesten.
Lillesøster og eg flotta oss med jentehelg i Oslo i slutten av januar! Saman med gode venner var det fjas, vandring, naturhistorisk museum, reptilpark, Disney on ice og hotell.Kun halvanna døgn, men maks feriefølelse og mange nye opplevelser!

Vi har hatt snø i dagesvis, nesten vekesvis. Vi har gått på ski to gonger, vi har aka kjempemasse og eg har jogga på snø og is. Det er nesten litt lettare enn svart asfalt, i alle fall visuelt når lyset reflekterar seg i snøen som her. Ellers er denne vegen et svart område der det berre er å håpe at ein ikkje trakkar rett i ein dam.
Det har vore hotelliv med fint servise. Her frå Bergen, men også over fjellet.
Vinterens jakt på sol var framleis reell da eg reiste til Oslo på jobbreise seint i januar. Sjølvsagt velger eg sete mot sør! Altså høgre side bort, venstre side heim. Alltid :)
Eg tar alltid bilete av hotellromma eg sover på. Også slettar eg de etter nokon veker. Men dette rommet var så ekstra fint! Også sov eg veldig godt!
Med planleggingsdag fikk lillesøster endelig ein heil dag på jobb. Det har opplevast som litt urettferdig at storebror har vore med oss på jobb medan ho har vore på SFO. No er han stor nok til å ha andre planar, ho har slutta på SFO, og da er det omsider hennes tur! Denne gongen vart dagen avslutta med middag i byn (med denne bybildeutsikta) før eg og ho gjekk på DNS og såg "Folk og røvere i Kardemommeby".
Sola! Rett over haugen på eigendommen vår. Litt inn i stua ein laurdags førmiddag.
Nok eit joggeturbilete! Denne gongen fordi eg hadde tid til å jogge på dagen og slapp refleksvest.
Lav og skarp vintersol på stien vår mellom hus og garasje.
8 km langrennstur på Rolland på Osterøy i strålande solskinn og varme kinn!
Kom-deg-ut-dagen på Fløyen! Ungane fikk med seg kvar sin venn og hadde det som plommen i egget! Eg og mannen flytta oss etter sola og prøvde å ikkje fryse for mykje.

Snikstart på verandaliv! I sola, utan vind, er det varme og velstand! Vi har også innvia den nye verandaen ved kjøkkenet ei helg. Sola forsvinner snart ikke lenger bak svingen. Utemøblar kan godt bli brukte med sausskinnefell og teppe medan vi ventar på varmare vær.
Stearinlys og hygge inne. Gode filmar og sofaliv.

Søndagstur opp på Stoltzekleiven i går. Lunch i le inne blant høge trær og mose. Nysteikte bollar på Fløyen før turen ned til bilen. Årets første fjelltur!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...