søndag 16. oktober 2022

September og seinsommardagar

Bonusfri og moglegheit til å besøke Sunnfjord museum i strålande sol!

Seinsommarværet varte og varte, og vart digga i så stor grad som det bør - når ein veit at det snart blir lenge til neste gong.
Etter å ha komme meg igjennom sommeren utan eit einaste bad i Noreg, bada eg fleire gongar i september. Det var framleis ok temperatur i vatnet, og varmt i sola. Nydelig!
Ei publikumsprøve på Vestlandske Teater midt i veka.
Også vandre tilbake til bilen langs Lille Lungegårdsvannet.
Ettermiddagssol, kaffe og katt.
Fullmåne og hengekøye. 
Morgonkino med barn som er store nok til å sitte for seg sjølv, men ikkje store nok til å komme seg til og frå byn på eigen hand. 
Blå himmel og vekstglade roser!
Medan nokon trenger litt voksenblikk, trenger andre ingenting og overnatter aleine i skogen saman med venner. Da er det eit godt tidspunkt å ta sesongens første hodelykttur og snike litt på ungdommeane.
Også badast det. Sjeldnare enn eg hadde ønska, men eg må jo ha med badevakt!
Kombinasjonen heimekontor og bykontor er herlig! Her bykontor på biblioteket der det var frukostseminar.
Nypremiere på nysirkusforestilling, og vi hadde fått plasser på scena!
Premiere på kino med raud løper og champagne. Og litt medbrakt. 
Ein finfin september vart avslutta på keramikkurs der eg fikk henge med venner og laga (det eg trur blir) fine skåler!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...