Det er snålt at månaden begynte med feriedagar i fleng. No, i regnvær ein septemberkveld føles det som ei evighet sidan. Her dokumentert på veg vestover etter nesten tre veker på ferie i Sverige - prøvekjøring på fine vegar.
Det var godt å komme heim til denne pelsballen. Det var ein god og varm sommar i år, men dagen etter vi kom heim kom storm og innevær. Han trengte litt kaldare vær for å hente seg litt inn igjen, så det passa han perfekt. For oss andre var det meir ein brå og ubehagelig overgang frå sommarferie til kvardagslivhaust.Heimekontor og matcha-te i fin kopp.
Det er valghaust, og vi er på debatt og podcastinnspilling. Smarte ting vart sagt og mindre smarte ting vart sagt. Vi stemmer og håper på det beste.
Heilårsbading i august er ingen sak. Vi har være mellom 16 og 18 grader i august. Og vi har hatt sol kvar gong. Nydelig! Bilete frå sykkelvegen dit.
Fin kollega takker for seg i fine lokaler.
Vi er invitert til "privat event", aka bursdagsfest, og storkoser oss med skikkelig god mat og skikkelig fine folk!
Det store vegprosjektet i nærleiken av oss stenger stadig nye veger, og no har eg laga versjon fire etter at de stengte den vanlege joggeruta mi (og alternativrute 1, 2 og 3). Denne er jo fin, men eg gler meg til at nokon av de gamle favorittane åpnar igjen.
Den lille stilken av eit epletre leverer maks i år! Eg har ikkje telt kor mange epler det er, men opp mot 20 trur eg. Det er bra levert når ein er så høg og tynn!