søndag 6. oktober 2013

Jamie Olivers pannekaker

Ein av mine yndlingskaffekopper - frå teaterhøgskulen i Helsinki.
I fjord såg eg på Jami Olivers matprogram der han lagde julemat, Oliver-style. I programmet lagde han og døttrene amerikanske pannekaker som var så enkle i oppskrifta at eg hugsa den til eg hadde skrive den ned. Også gløymte eg den heilt til ein dag i september.
Oppskrift på Jamie's american pancakes

1 kopp mjøl
1 kopp mjølk
1 klype salt
1 egg

Rasp i eit eple eller vår favoritt - banan. Steik tre små pannekaker i ei varm steikepanne med smør. Når du har vendt de presser du de ned. Kvifor veit eg ikkje, men eg gjør det likevel :)

Server på fin-fine prinsessefat som du har hatt liggane på kjøkkenbenken i to månadar.
Server det til ei halvsjuk jente som spiser litt av den eine før ho kjem på at ho jo ikkje liker flat mat. Så serverar du resten til de to gutane du er så heldig at du bur saman med som elsker både flat mat og deg litt ekstra fordi du lager pannekaker på morgonen. Spis også nokon sjølv :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...