Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg

tirsdag 14. juli 2026

Juillet, vacances d'été

Juli starta med velfortjent ferie. Vi var heime da de vi bytter hus med i sommer kom til Bergen og vi var saman med de her ein dag. Vi laga kveldsmat med nokre norske delikatesser; som de likte - trur eg. 

Bortsett frå julidag nummer ein i Noreg, har vi vore i Frankrike sidan. Her frå slottsparken nokre minutter unna huset vi bur i (vi bur ikkje i slott, men vi bur veldig fint!).
Eg tok toget under Den engelske kanalen og var i London nokre dagar.
Eg var på konsert med 70 000 andre,
og eg besøkte Tate 50/50 for kunsten og 50/50 for air-conditioning.
Før eg toga tilbake til sommarheimlandet, åt eg vegansk, engelsk mat som slett ikkje var noko særlig. Men engelske folk? 10 av 10!
Vi hadde ein liten utflukt til Lille, der vi var inni ein nydleg katedral som var ein hybrid mellom gotisk og moderne. Vi åt nydleg sein lunch/tidleg middag på den eine staden som hadde aircon. 
Og vi stakk oppom Belgia for å sjå på ein annan katedral, og spise dessert. 
Og overalt er det hetebølge. Her frå skuggen i sommarferiehuset vårt, ein dag det var sånn midt på treet for varmt. Vi hadde 42 grader som det varmaste.  
Verdens finaste lunchutsikt, i ein nydleg liten by med tidenes slott!
Slottet i "heimbyen" var også verdt å besøke, men ikkje like Disneyslottete på utsida.
Også denne draumen, med vollgrav og den nest største kunstsamlinga i Frankrike, utenom Louvre.
I fjor kjøpte eg ei reisepresse, og eg pressar blomar frå hagen vår, med innlagte nedkjølingspauser der eg måtte gå inn og stå i vifta.
Midt i juli kom endelig ein formiddag under 30 grader, og vi kan ligge i skuggen på verandaen og lese før temperaturen stig. 

søndag 5. juli 2026

Juniliv -sommaravslutningar og ferieskål

Etter 19 år i nabolaget oppdager vi ei maritim perle vi ikkje visste om. Dessverre er den privat, men vi fikk henge der ein kveld for å feire de flotte ungdommane våre som no gjekk ut av 10.klasse. Det er litt trist at vi ikkje skal kunne følgje gjengen meir, og litt meir enn litt trist at foreldregruppa forsvinner. 

Spasere frå jobb kl.8 for å drikke kaffe på kafé kjennes meir og meir korrekt ut. Den beste starten på dagen!
Eg fullfører eit restegarnprosjekt; eit trekantsjal som eg ikkje trenger før det har gått nokon månader. Så her er den på fuglen for bilete, og no ligger den i vinterskuffa. 
Vitnemålsutdeling er emosjonelt, så medan yngstebarnet er på restaurant med klassen sin og feirar, sitter eg heime, tenkjer på kor lenge og kort 10 år er, og nyter litt kveldssol i penkjole.
Venner på øy flytter til ny øy, og vi rekker å besøke dei i "gamlehuset" før det ikkje lenger er i vår vennekrets. Der hjalp vi med å spise noko av all maten meglar ville at de skulle ha ståande framme på visning. Ja, og det regner framleis nesten kvar dag.
Vi badar framleis - i slutten av månaden er det 19 grader, og vi kjem oss nesten ikkje ut av vatnet. Men vi hadde sommeravslutning her også!
Eg fant ein fin topp som eg ville stikke, men etter to garnnøster ferdigstrikka såg eg at den vart stygg. Bomullsgarn er vanskelig å få fint. Så eg snurra alt inn i nøster igjen, kamuflert bak ein presentasjon på eit jobbmøte der eg hadde kamera av. Det er ikkje stas å ødelegge timar med arbeid, så da er det lurt å gøyme det bak anna arbeid. 
Eg tar med meg ei lita flaske, pynter meg med falske perler, og spaserer på venninnebesøk for å skåle for ferie.
Og eg blir kjørt til venninne som bur i dette nabolaget for å skåle for at langt vennskap og sommarferiestart også her. Det fortjente champagne i stor flaske.
Siste dag i juni - eg joggar i fine temperaturer for slik aktivitet, og ferien er i gang!


tirsdag 16. juni 2026

Juniliv i haustvær

Eit av prosjektene eg leiar var delvis fullført i mai, og i juni var eg onsite for å hauste erfaringar frå dei som har gjennomført. Det ligger så stor innsats bak - og da er det så godt å høyre kor mykje dette har betydd for dei som har deltatt. Delmål bør også feirast!

Eg er i Håkonshallen på ein nydleg konsert, og kongshallen er så majestetisk og vakker i lyssettinga.
Arbeidsdag i historiske omgivelser - og uendelege mengder med smågodt!
Kosten vår har likt seg i regnværet - og hadde vokst ut ein elegant liten sopp.
Vi inviterte familie på bursdagsfeiring til begge ungane våre, som har fylt eller skal fylle dag i ferier. Dette var kanskje den første dagen med sol på vekesvis, så vi kunne finne fram puter til utemøblane. Det har ikkje vore sjølvsagt så langt i år.
Eg er i Kristiansund for å holde eit innlegg, og vere med i ein debatt. Morgonkaffe i fin kopp på hotellet før dag ein. 
Vi er heldige og får besøke Grip. For ei perle! Hadde det vore lov skulle eg gjerne ha vore der ei veke. Minst.
Vi kjenner dei rette folka og får billettar til showet til ein skotsk komikker. Eg trur han var skikkelig morsom, men det var vanskelig å skjønne kva han sa. Likevel - verdt å vere der!
Lillesøster feira 16-årsdag med venner, og vi ---
--- forlot huset for å henge med venner som har denne utsikta frå hagen. Ja, også hadde vi ei helg med sol midt i månaden! Det var nesten så sommarfølelsen kom!

torsdag 4. september 2025

August

Det er snålt at månaden begynte med feriedagar i fleng. No, i regnvær ein septemberkveld føles det som ei evighet sidan. Her dokumentert på veg vestover etter nesten tre veker på ferie i Sverige - prøvekjøring på fine vegar.

Det var godt å komme heim til denne pelsballen. Det var ein god og varm sommar i år, men dagen etter vi kom heim kom storm og innevær. Han trengte litt kaldare vær for å hente seg litt inn igjen, så det passa han perfekt. For oss andre var det meir ein brå og ubehagelig overgang frå sommarferie til kvardagslivhaust.
Heimekontor og matcha-te i fin kopp. 
 
Tre av fire vart forskjøla i værskiftet, så første arbeidsveke var meir hard en den burde ha vore. Men fint å komme tilbake til gode kollegaer! Og få ting kviskrar vel meir haust enn varm te, c-vitaminer (eller klementin som ein også kaller det) og halstabletter. 
Ein dag med sol, og i staden for å hente meg inn på sofaen (dette var fredag i første arbeidsveke) køyrte eg vestover for å gå meg vill/tur på svaberg.
Det er valghaust, og vi er på debatt og podcastinnspilling. Smarte ting vart sagt og mindre smarte ting vart sagt. Vi stemmer og håper på det beste.
Heilårsbading i august er ingen sak. Vi har være mellom 16 og 18 grader i august. Og vi har hatt sol kvar gong. Nydelig! Bilete frå sykkelvegen dit. 
Fin kollega takker for seg i fine lokaler. 
Vi er prøvepublikum på generalprøve. Vi er litt seint avgårde og tar sjansen på å parkere ulovleg like bak teateret. Det gjekk fint - og vi vart heller "belønna" med nydleg kveldshimmel etterpå.
Årets utandørskonsertar i parken skjer i år med blå himmel og varme! Eg får med meg siste halvdel av konsert nummer to, og burde heller ha hatt bilete og tekst om det eg såg og høyrde før denne konserten, men der var det fotoforbud. Uansett - ein innholdsrik kveld saman med nydlege mennesker!
Vi er invitert til "privat event", aka bursdagsfest, og storkoser oss med skikkelig god mat og skikkelig fine folk! 
Det store vegprosjektet i nærleiken av oss stenger stadig nye veger, og no har eg laga versjon fire etter at de stengte den vanlege joggeruta mi (og alternativrute 1, 2 og 3). Denne er jo fin, men eg gler meg til at nokon av de gamle favorittane åpnar igjen.
Den lille stilken av eit epletre leverer maks i år! Eg har ikkje telt kor mange epler det er, men opp mot 20 trur eg. Det er bra levert når ein er så høg og tynn!

lørdag 9. august 2025

Juliliv

Det er teater på Fløyen, og sidan det blir vist ganske seint på kvelden kan ein gå ned til sjølve utsikta i pausen - og få sjå nydeleg solnedgang. 

Av alle viktige uviktige ting er denne karaffelen med kaffe. Vi har hatt Nespressomaskin i 15 år, men dette var siste gong vi brukte ei slik maskin (i alle fall i eigen heim). Vi har hatt 5 ulike maskiner gjennom årene, men vi bruker nesten ikkje kapselkaffe lenger; så da gir vi den vekk. Fint, men også the end of a (småbarns)era😭
Laaangt uti juli pakka vi i bilen og køyrte til Fredrikstad. Her var vi kun i nokre timer, men for ein fin by! Solnedgang frå Kongsten fort. 
Neste dag køyrte vi vidare til Gøteborg, over denne stilige brua! 
Gøteborg kunstmuseum var akkurat passe lite, men med fantastisk variasjon! Sidan eg hadde dagsbillett gjekk eg til og frå - og det må eg prøve å hugse at er lurt. Ein kan jo bli litt visuellt fornøyd etter ei stund. Og da er det fint å gå vekk litt også komme tilbake. Resten av familien gjorde andre ting. 

Vi bytta hus i Småland, og vi hadde strålande sol og varme så og seie kvar einaste dag. Vi hadde fleire dagar på stranda, som låg 10 minutter unna huset vi budde i. For ein luksus!
Vi var i Granna to dager, og vart ikkje lei av å sjå på folk som laga sukkerstenger. Eller polkagriser da.
Eg las masse i sommar, både på stranda og i ettermiddagssola ved huset "vårt". Her i drivhuset som hold oss med grønnsaker.
Ein restaurant hadde lånebriller på disken! Så gøy!
Vi hadde oss ein dag på Visningsø. Vi hadde planlagt å bade, men her var det kald vind og skyer. Men øya var eit sommarparadis, også utan sol!
Hausting frå hagen,  squash, agurk og gul squash. 
Også enda meir lesing. Åhh, som eg saknar denne hagen!
Og strand. Og bok. Og sol. Siste dagen i juli, og dagen før vi reiste tilbake til Bergen. 
Vi gjorde mykje anna enn å lese, bade og spise grønnsaker, men der hadde eg folk på alle bileta. Sommerferie i Sverige er i alle fall heilt nydeleg, og etter tre veker der var vi fullt ut ferierte alle fire! 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...