Kanskje sommarens beste fjelltur gjekk til Telleviksfjellet. Dessverre var det tåke, så eg fikk ikkje sjå den nydlege utsikta som alle lovar er frå toppen, men turen var så bra at eg gladleg går den fleire gonger. Med eller utan tåke. (det var ikkje tåke da eg hadde komt meg litt lågare, gjekk lit feil og tok bilete av dette grønne treet.)
Kvardagen er i gang og koret på jobb er i gang igjen! Det gledast STORT!Etter fleire år med sylting, lagde eg i år saft av stikkelsbær og den lille ripsavlinga vi fikk. Det vart 2.5 liter saft; det er eksklusivt med kortreist mat.
Strikkekveld hos ei venninne i nabolaget, og eg kan komme meg dit utan buss. Kortreiste venner :)
Inspirert av ein ny favorittur vart eg grådig og ville finne ein til. Turen gjekk til Brattlandsfjellet. Her var det fint, og eg kunne til og med sjå langt; men dette var ikkje noko ny favorittur! Ikkje ein gong blåbærene smakte godt her. Rart. Men det var da nokre fine bileter. Om ikkje anna.
Etter ein lang arbeidsdag vart vegen heim stengt, så eg kjøpte med meg noko middagsaktig og i alle fall ein dessert og gjekk på kino. Det var heilt korrekt. Når kinoen var ferdig var vegen open, og alle kilometerne med kø var løst opp.
God morgon Bergen, 27.08.26.
Jobben er på befaring og vi øvar oss på sveving. Nokon av oss, deriblandt meg.
Vi er på premiere av nytt humorshow, men kunne like gjerne ha vore igjen heime.
Ei av kyrkjene i nabolaget fyller 100 år, og barn er med på programmet, medan voksen er med for å filme til sosiale medier (og ta bilete av vakkert bygg).
Eg fullførte sommarstrikk over alle sommarstrikk - ein bikini! Hahaha, denne er super, og eg har til og med fått brukt den ein liten time da det var sol.
Det er landesorg, og arbeidsdagane endrar seg litt.
Og i anledning dette lagde eg ein liten hjarteopnersekvens til yogatimen min på det som var månadens siste dag.













Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!