fredag 22. juni 2018

Coming up: sommarferie

Fase en av sommarferien er i gang. Den fasen der fleire og fleire av jobbmailane ein sender ut kjem med umiddelbart svar "Jeg er på sommerferie.". Arbeidsprosesser stopper opp og sakte men sikkert sitter ein der utan arbeidsoppgaver - for det er ikkje masse ein gjør utan at andre er involverte. Ungane er ferdige på skulen, og med det har leksene forsvunnet og når middagen er ferdig trenger vi ikkje lenger å gå igjennom det som vart gjort før vi kom heim/hjelpe med det som var vanskelig/lese/oversette/signere. Vi kan drikke litt espresso og berre sitte der. Alle fritidsaktivitetane er over, så vi har ei oppgåve heile veka. Handle mat. Ellers? Fri tid. Fri og ledig tid.
Men berre sist veke var det motsatt. Innspurt på jobb og "vi må ta dette møtet før ferie, så da tar vi det no!". Lekser som verken vi eller ungane skjønte poenget med (ikkje det at vi sa det da!) og avslutninger og bursdagsfester for de som har bursdag i juli.
Det er ikkje så rart at hovudet ikkje henger heilt med. Derfor er det fint at det er slik no i nokon veker før vi begynner på VÅR ferie. Tid til å la hovud venne seg til eit lite hav av tid. Tid til å la jobb og kvardagsliv ta litt mindre plass slik at det blir meir plass til å oppleve andre ting. Det er luksus å finne i denne fasen! Før alt det gøye og mens alt det som også var gøy, men som no ein gong er kvardagen, kan lande og ligge til august.

Bileta er frå vandrande skogstur på ein sti eg ikkje har gått sidan i vinter. Skiftande vær med høljregn og vind; og så sol og varme. Eg var våt da eg kom heim, men åhh så deilig det var!

tirsdag 12. juni 2018

Hektiske førferiedagar

Juni, til dels mai og i alle fall desember er hektiske månader. Sist veke forsvann i ei sky av aktiviteter, turar og varmt vær. Vi såg oss nødt til å kjøpe basseng - no har det vore varmt så lenge, og det er ikkje alle dagar vi kan reise på stranda. Her bak huset skal de straks komme ein veranda - det gled vi oss til! I mellomtida er det poolarea.

Denne blå og slitte trappa skal vekk. Her har vi vore masse!
Sist veke starta med to dagar på vakre Solstrand. Det er femte gongen eg har vore der, og eg trur det blir vakrare og vakrare for kvar gong!
Nydelig hotellrom, som alltid, fantastisk mat, bading og faglig påfyll (overdose :))

Her satt vi og drakk spruddlings etter hektiske timar i konferanserommet.


God morgon Solstrand! Det var så varmt at eg knapt nok sov heile natta, men å åpne augene til denne utsikta er jo heilt herleg!! Etter endt dag 2 køyrte eg direkte til Flesland for å fly over til hovedstaden.
Utsikt mot Haakonsvern.

Der hadde eg fått eit mindre fancy rom, men med aircondition!! Hurra! Eg rakk å skifte før vi spaserte til Grand Cafe for fireretters i vinkjelleren. Menyen var så fancy at eg smakte to ting eg aldri har smakt før - gøy!
Etter masse mat og drikke var det godt å dukke opp i frisk luft og sjå stortinget varme seg i kveldssola. Neste dag var også full av program, så vi lot by vere by og tusla tilbake på hotellet. DA var det godt å sovne da! Neste ettermiddag gjekk turen heim igjen. Det var absolutt ikkje feil det heller!
Toulouse har likt bassenget, både som drikkeskål og luftmadrass. Medan to av fire var på speiderleir i helga hang de to andre rundt heime med kvilepuls og egeninitierte aktiviteter. Vi tømte bassenget, vaska og tørka det før vi no har lagt det vekk. Supervarmen er vekke for denne gong, og om ikkje lenge kjem det jobbefolk og bygger veranda.
Denne veka inneheld ikkje at eg er vekke i tre dagar, men det er avslutninger, oppussingsstart og bursdagsfest for lillesøster på programmet. I dag har vi hatt eit vaskebyrå heime og på torsdag får vi levert mat. Litt luksus og masse "kjøpe-seg-tid". I finværsperioden har vi ikkje vaska huset, kun kosta litt, så det var på tide å få det gjort! I helga har vi fleire planer med venner i og utanfor kommunen, og det blir fint. Med reint hus og fult kjøleskap! :) Tenk at vi gjør alt dette i desember også! I tillegg til å pakke inn gåver og lage julekaker! Alt neste veke er det litt rolegare, og til og med siste skuleveke for i år! Da er ikkje sommarferien langt unna!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...