mandag 23. september 2019

Hausthelg på Kvamskogen

Tidleg i september lånte vi oss ei finfin hytte på Kvamskogen og kryssa fingrane i nokon månader for at været skulle vere så bra at vi kunne gå på fjellet. Som ein liten oase midt i dårleg-vær-hausten kom helga med både opplett, varme og solskinn!
Vi hadde plukka oss ut eit skikkelig høgt fjell som vi skulle prøve å nå toppen til. Byrkjefjellet stod på kartet med sine 1046 moh. På vegen opp snakka vi med nokon andre som sa at vi først kom til å komme til ein topp som ikkje var den eigentlige toppen, men at det var ok å seie at vi var på Byrkjefjellet der det var varde og toppbok! På vegen opp var det så tungt for nokon at vi vart enige om at den første toppen var god nok, sidan kjentsfolk sa det.
Men etter ei pause ved varden og toppboka med den neste toppen berre eit steinkast bortenfor vart vi enige om å ta den siste toppen også! Det var så dumt å vere så nær, også ikkje gå opp! Så vi spratt opp med ekstra ny og god energi i føttene - til 1046 moh! Det var det stor feiring; ungane sin første topp over 1000 meter! DET er stas! No begynner vi ikkje akkurat på havnivå når vi er på Kvamskogen, men turen var bratt og god, så det er stor respekt for turgåarar på litt kortare bein!


Vel heime i hytta måtte alt tørkast sidan vi hadde gått gjennom ein del myr. Så fin utsikt altså! Vi satte opp hengekøyecamp like ved hytta på ettermiddagen.
Lillesøster tok med seg dyna ut og sovna som ein stein. Eg la meg ut med teppe og bok, og kunne godt å sovna eg også! Det var fint å ligge i hengekøye!

Sidan det var planleggingsdag på måndagen hadde vi heile søndagen til tur også! Den dagen var det meir sol. Vi var litt tunge i beina etter o'stor fjelltur dagen før, så denne dagen gjekk vi oppover bak hyttefeltet og opp mot Bårfjellet som låg på 801 moh. Bak dette fjellet låg Botnanuten som også var over 1000 meter, så vi skulle sjå an formen på tur og sjå om vi skulle gå vidare.
Vel oppe var det vanskelig landskap å finne ut av utan skikkelig kart. Vi gjekk oppover mot Botnanuten for å finne ein fin rasteplass, og for å sjå om lysta på fleire høgdemeter kom saman med maten. Det gjorde den ikkje, så da vandra vi rundt på platået med høge stup og nydleg utsikt nedover mot Kvamskogen.
Vi stoppa ved ei elv der ungane lagde demning, vi vassa og plukka bær. Og berre satt i ro og såg mot Hardangerjøkulen. Det var så varmt og godt, vindstille, nesten ingen andre og god ro. Det er fint med slike turar også. Ja takk til litt av alt!

Takk for oss igjen Kvamskogen! Dette er tredje hyttetur og vi har hatt strålande vær kvar gong! Vi kjem nok tilbake!

mandag 16. september 2019

Vår pepperkakefjellhage

Når regnet piskar, skyene ligger tungt ned i dalen og vindkastene tar med seg blader og bær - da er det lett å gløyme korleis verda utanfor stueglasset også kan sjå ut. Flaks at eg tok nokre bileter på seinsommaren då hagen var frodig og fin etter sommaren - og etter at vi hadde vore på sal på Plantasjen! :D

Eg er blitt så glad i å ta inn grønt frå hagen! Akkurat her står vasa med greiner frå hekken som står mellom oss og naboen og gliser ute på verandaen. På 70% seinsommarsal kjøpte vi det fantastiske utandørsteppet som er nesten 3 meter på tvers! Det passar perfekt inn på den eine verandaen vår! Vi lot teppet ligge ei vekes tid, så tok vi det inn ein kveld det var meldt regn. No ligger det på loftet og blir nok gløymt til neste år. Da blir det fint å gjenoppdage det! Det er så stort at eg har trua på at vi finner det igjen!
Sommarglade blomar på verandaen ved kjøkkenet! Disse stod fint nokre veker heilt til de stod for lenge med røttene i vatn og vart både brune og slappe.
Vi kjøpte med oss den største ananasen vi har sett frå butikken. Men da vi kom heim såg vi at den var full av små fruktfluer. Då fikk den stå ute nokon dagar før vi åt den. Det var eigentlig fint!
Denne vasa kjøpte eg for 20 kr på Kremmerhuset - og den liker eg så godt! Her havnar ofte småblomar og strå som eg finner i grøftekanten når eg er ute og går. Da trenger eg ikkje så masse, sidan det ikkje skal være ein bukett. Ein blomst er nok!
Den kvite rododendron vår blomstrar alltid to gonger. Her er frå andre blomstringstid i slutten av august.
Vi kjøpte oss eit amerikansk blåbærtre til å ha i hagen. Det kom med masse blåbær som vi har kosa oss med etterkvart som de har blitt modne. De smaker så friskt og godt! Eg håper det overlever og vil trivast hos oss!
Epletreet vårt hadde rekordmange blomar i vår, men ikkje eit einaste eple! Derfor har vi kjøpt eit nytt epletre som vi har planta i fin flygeavstand frå det som har stått der sidan 2010. No krysser vi fingrane for epler i 2020!
Denne triste, lille rosebuska kjøpte vi også med oss. Den vart berre trist og slapp, og no har den mista alle rosebladene også. Det skal den kanskje, eg veit ikkje, men eg håper den kjem seg til neste år!

Etter uværet som har vore i helga ser hagen vår meir ut som ei slagmark enn noko anna! Heldigvis har vi hausta inn det meste som er der, men det ser ikkje bra ut! Det gjør ikkje det.

tirsdag 10. september 2019

Our Savannah garden

Åh, som eg drøymer om hagen vi hadde i Savannah! Den var ganske stor, men viktigare - den var inndelt i små områder slik at den var variert å gå i. Flat var den også - og det liker vi jo ekstra godt vi som bur i ein bakke!
Rett utanfor framsida av huset var det satt opp eit lite minihus. Det er jo så enkelt og fint at eg har lyst å finne noko liknande til vår hage!
Her er lillesøster på veg mot bassenget (som sjølvsagt var det beste av det beste i hagen!). Det var laga stiar som dette i hagen - herleg å vandre på. Sjeldan har eg vel gått så mykje i ein hage som eg gjorde her. Det var så tilrettelagt til å gå utan sko, og det var så masse sjå på overalt!


Denne frukten hang på palmen som var bak der eg og mannen satt medan vi hadde bassengtid. Den modnast veldig de vekene vi var der, og mot slutten hang det ei tung, søt lukt rundt oss. Lurer på om den kunne etast?
Eg har ei lita Japan-interesse, så slike små asiatiske detaljar er eg ekstra svak for!
Halvstore statuer var plassert i hagen - så fine!

Også denne da! Hammock i tre som var overgrodd av noko klatreplanter på taket. Biletet er tatt på kvelden, da var sola bak. Her satt eg om morgonen med ein stor kopp kaffe (de hadde kaffebønnekvern, så vi drakk nydleg nykverna kaffe kvar morgon!) og kosa meg i morgonsola. Sola tok ikkje heilt inn her rundt kl.09:30 om morgonen, så da kunne ein fint sitte her og gynge litt, få sol på føttene i "oppovergynginga" og berre nyte den nye dagen. Det var fleire fargerike fuglar i hagen, og nokon gøye ekorn som var aktive om ein satt heilt i ro. Her satt eg også ein gong det kom ei skikkelig regnbyge! Klatreplanten gjorde det nesten tett! Det var framleis 35 grader, så det gjorde heller ikkje så mykje om eg vart litt våt!
De hadde hengt opp nokon slike som lagde lyd når det blåste. Eg har ikkje skjønt opplegget med det før, det er jo så plagsomt med lyd heile tida. Men når det ikkje blåser så masse, og det innimellom kjem eit lite vindpust, da er det heilt nydleg! Eg kan framleis høyre lyden av denne mørke, og den litt lysare som hang i treet lenger bak.
Bilete frå morgonstund i hammocken! Utsikt mot bassenget og palmer og små mykje anna som eg ikkje tok bilete av, men som eg hugsar. For ein hage, for eit hus, for ein sommarferie!

mandag 2. september 2019

Augustdagar

August starta på veg nordover frå Orlando til London. Ein månad seinare er vi alt langt inni kvardagane - noko som er heilt greit!
Ungane laga camp i Oslo (øverste delen av hagen vår), men eit telt måtte stå på tørt grunn sidan den MÅTTE inneholde ein saccosekk. Her er teltet ein båt med livbåt (med mat og drikke i). Den er også fortøyd til sofaen med eit hoppetau. No har dette stått inni stua ei god stund, og blir brukt kvar dag av både lillesøster og Toulouse.


Vi fikk storfint besøk frå Paris! De vi bytta hus med i 2017 kom tilbake til Bergen, og vi inviterte de på pizza og vafler heime hos oss - huset de jo kjenner så godt! Det var så koselig! Vi fikk nydleg sjokolade som vi nyter særleg til ein kopp espresso. Nam!
Lillesøster fikk sykkel til bursdagen. Det er absolutt sykkeltid! Slik ser det ofte ut utanfor huset. Nokon har besøk!
Innimellom har det vore skikkelig varmt og deilig! Her  køyrte vi rett på stranda etter middag midt i veka for å utnytte seinsommarsola! Det var herleg i vatnet, og med mine nyinnkjøpte badesko frå USA var det lett og smertefritt å springe uti! 
Etter tidenes mest late ferietur har det vore ein veg tilbake til vanleg aktivitetsmønster. I august tikka eg inn på 25 km jogging, 58 km tur i skog og fjell, samt 47 km sykling.
Teater og ein kveld på byen bryter opp kvardagsmønsteret! Synd det går utover heile neste dag!

September - vi er klare for deg!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...