tirsdag 10. september 2019

Our Savannah garden

Åh, som eg drøymer om hagen vi hadde i Savannah! Den var ganske stor, men viktigare - den var inndelt i små områder slik at den var variert å gå i. Flat var den også - og det liker vi jo ekstra godt vi som bur i ein bakke!
Rett utanfor framsida av huset var det satt opp eit lite minihus. Det er jo så enkelt og fint at eg har lyst å finne noko liknande til vår hage!
Her er lillesøster på veg mot bassenget (som sjølvsagt var det beste av det beste i hagen!). Det var laga stiar som dette i hagen - herleg å vandre på. Sjeldan har eg vel gått så mykje i ein hage som eg gjorde her. Det var så tilrettelagt til å gå utan sko, og det var så masse sjå på overalt!


Denne frukten hang på palmen som var bak der eg og mannen satt medan vi hadde bassengtid. Den modnast veldig de vekene vi var der, og mot slutten hang det ei tung, søt lukt rundt oss. Lurer på om den kunne etast?
Eg har ei lita Japan-interesse, så slike små asiatiske detaljar er eg ekstra svak for!
Halvstore statuer var plassert i hagen - så fine!

Også denne da! Hammock i tre som var overgrodd av noko klatreplanter på taket. Biletet er tatt på kvelden, da var sola bak. Her satt eg om morgonen med ein stor kopp kaffe (de hadde kaffebønnekvern, så vi drakk nydleg nykverna kaffe kvar morgon!) og kosa meg i morgonsola. Sola tok ikkje heilt inn her rundt kl.09:30 om morgonen, så da kunne ein fint sitte her og gynge litt, få sol på føttene i "oppovergynginga" og berre nyte den nye dagen. Det var fleire fargerike fuglar i hagen, og nokon gøye ekorn som var aktive om ein satt heilt i ro. Her satt eg også ein gong det kom ei skikkelig regnbyge! Klatreplanten gjorde det nesten tett! Det var framleis 35 grader, så det gjorde heller ikkje så mykje om eg vart litt våt!
De hadde hengt opp nokon slike som lagde lyd når det blåste. Eg har ikkje skjønt opplegget med det før, det er jo så plagsomt med lyd heile tida. Men når det ikkje blåser så masse, og det innimellom kjem eit lite vindpust, da er det heilt nydleg! Eg kan framleis høyre lyden av denne mørke, og den litt lysare som hang i treet lenger bak.
Bilete frå morgonstund i hammocken! Utsikt mot bassenget og palmer og små mykje anna som eg ikkje tok bilete av, men som eg hugsar. For ein hage, for eit hus, for ein sommarferie!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...