fredag 26. september 2014

Hyttetur!

I dag reiser vi innover til Myrkdalen Fjellandsby der firmaet mannen jobbar for har ei leilighet som ein kan låne. Vi var her sist haust også, den gongen med foreldra mine. Denne gongen er vi der med venner med barn.
Vi var faktisk på hyttetur UTAN barn for nokre veker sidan da yngste broren min fylte 30 år. (Her vil eg skrive lillebror, men det blir kanskje litt dumt når han har runda 30?) Da var vi i Bremanger, og sjå kor kjekt det var å komme opp på rommet vi skulle få låne for natta! Snacks er aldri feil! :)
Her går mellom andre eldste broren min (til høgre) med ei gammal postvogn full av grillmat og drikke, vi skulle ned til eit naust som høyrer til hytta/huset for å grille der.
Sjå den nydlege kveldssola! Varmt og godt var det også - i sola vel å merke - ellers var det fint å få låne ei ulljakke av ei svigerinne!
Ut frå naustet.

Hunden til bursdagsbarnet var sjølvsagt med, men var ikkje heilt i partyhumør :) Men veldig fin da!
Her har vi yngste broren min til venstre, mannen i midten og eldste broren min til høgre. Knakandes kjekke karar alle tre! Her bygger de grue som vi kunne grille i.
Sola gjekk ned og det var nydlege fargar på himmelen i vest! Heilt herleg å sitte ute med denne utsikta! Sidan eg skulle springe halvmaraton veka etter drakk eg kun eit glass vin, men det glasset brukte eg god tid på å nyte altså! Maten var for øvrig toppers - vi var så mette at vi var dårlege heile gjengen. Nam!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...