Viser innlegg med etiketten LikenShare. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten LikenShare. Vis alle innlegg

onsdag 3. juni 2015

Puste sin 3-vekersutfordring

I april fikk vi tilsendt ein liiiten pose med kattemat som Puste skulle få prøve. Saman med lillesøster snekra vi saman eit innlegg på størrelse med posen vi fikk; les den her. Men så var vi så heldige at vi fikk vere med på ei 3-vekersutfordring der Puste skulle spise Purina ONE i tre veker, og vi fikk tilsendt fleire posar med kattemat! Kjempestas; og sidan Puste nesten var tom for maten ho vanlegvis spiser rett før vi fikk kattemat i posten har ho no spist Purina ONE i snart to veker.
Kooor er pusen?
Liker ho framleis maten? Åja, det gjør ho! Ser vi nokon forskjell på ho no som ho spiser noko anna? Nei, det gjør vi ikkje. Vanlegvis får ho Royal Canin, enten den som er for seniorar, eller den som er for utekattar. Det er dyr kattemat, men vi trur det er betre for ho, også bæsjer ho halve mengden i forhold til det ho gjør med til dømes Friskies.
Titt titt!
Så vidt oss bekjent (ho går stort sett på do ute, så vi har ikkje heilt oversikt) går alt i den samme tralten som før. Ho er happy. Vi er happy.
Trøtt på hyttetur
Bileta er frå nokre veker tilbake da storebror lagde hytte over pianokrakken vår. Puste flytta umiddelbart inn, så vi lot hytta stå nokre dagar. Ho var der inni nesten heile tida! Vi tok oss ein tur på dyrebutikken for å sjå på eigne sovehuler for katter, men rygga fort ut igjen - prisane er jo heilt bak mål!
Og ein skikkelig kattevask!

søndag 24. mai 2015

Egomat

I dag har vi venner på besøk og lager eit stor heimelaga fiskegrateng med røykt og lettsalta torsk i ein deilig miks - mmm! Vi serverer gele med rips frå 2014 til dessert, og storebror som imponerte med heimelaga muffins frå sfo på tysdag skal lage lyse muffins.

Det skjer nesten aldri at eg spiser porsjonsmat, så da eg fikk tilbod om å prøve Grandiosa Pizzarull gjennom Liken*Share takka eg sjølvsagt ja!
Dette er vist ein nyhet - ein nyhende - men en meiner at slike porsjonsting har vore i frysaren ein stund? Det samme som HoldIt som eg ein gong kjøpte da eg var student for over 10 år sidan?
Eg digga "grandis for dummies" på pakken, med tydlege merker på "Trykk Her", "Åpne her", og min favoritt "ikkje opne her!" Det var slik at etter oppvarming så kan ein ete den medan ein held i boksen den kom i. Ganske så lurt om ein har micro på lesesalen og vil ha noko varmt å spise.

Det var litt mykje brød, og lite smak på fyllet. Det likna ikkje litt på biletet på boksen - det var liksom mest ost. Lite smak, veldig varm ost og tørt brød. Ikkje ein favoritt. Men eg var veldig sulten på kvelden da eg åt den, så den glei ned. Stod ikkje på det :)

tirsdag 19. mai 2015

Vi serverer saus!

Som eg har skrive før brukar vi 7-vekers meny. Men den siste månaden har det vore så mange veker der vi har spist heime 3-4 gongar; så da har vi benytta høve til å prøve ut nye rettar. Gjennom Liken'Share har eg fått tilsendt tre posesausar frå Knorr. I 7-vekers menyen vår er det ingen ferdigsausar. Vi har oppskrifter vi bruker, og det er ikkje vanskelig å lage gode sausar utan pose! Men vi er villige til å prøve sjølvsagt! Denne veka har det vore 17 mai med rømmegraut, grilling hos familie ein dag, grilling heime ein dag - og vi har satt opp tre posesausmiddagar.
I går avspaserte eg nokre timar på jobb, så eg rakk ein deilig joggetur i snart pollenfri luft - og middagslaging! Fløytesausen gav inspirasjon til kjøttboller. Gode kjøttboller med masse chilli smaker god, men er ikkje ein av de 49 rettane våre. Hadde det vore det kan det vere at det hadde blitt middagen med posesaus, for brun saus kan eg ikkje lage!
Utgangspunkt!
Kjøttbollane er altså laga av karbonadedeig, tørka chilli, griljermel og mjølk. Eg serverte det kvar for seg sidan storebror får heilt hetta av saus ("Eg likar ikkje at maten er blanda!" *dont ask)
Resultat!
Kjøttbollane var gode (hehe), sausen også. Kanskje litt like smak? Saman med chillieksplosjonen smakte det lite. Også var den ganske tynn. Den skal kun koke i eitt minutt. Eg lot den putre i nærmare 10, og først da var den litt tjukkare, men ikkje tjukk nok etter min smak.
Heimelaga ripsgele er snadder saman med mat i brun saus!

I dag skal mannen lage Pasta Carbonara med posesaus. Dette er ein rett vi har på menyen vår, da med oppskrift frå Jamie Oliver. Denne er klart enklare - vi får sjå :) I morgon lagar vi lettsalta torsk og serverer det saman med fiskesausen - istadenfor kvit saus som vi vanlegvis brukar.

Posesaus er raskt! Men med mindre de to neste dagane gjer meg store kulinariske opplevelser tviler eg på at vi kjem til å bytte ut sausane våre med posesaus. Kva er vitsen med at det tar 3 minutter å lage saus om det tar 20 minutter å lage resten av maten?

onsdag 8. april 2015

Puste prøver kattemat

Eg fikk tilsendt ein liten prøvepakke med Purina One frå Liken'share.
Puste hadde omsider vokna i går ettermiddag og lillesøster skulle prøve å gje ho mat.  I sofaen, kun fordi det var test på gong.
Veldig interessert alt før jo har smakt noko. Vi kalte det for snacks sidan det var i ein liten snacksaktig pose. Ho skjønte vel at det var godsaker på veg!
Godkjent!  Ho heiv i seg ein del i sofaen, resten la vi i matskåla. Det har gått ned på høgkant, så ein av ein katt i denne familien anbefaler Purina One :)

tirsdag 24. mars 2015

Lypsyl

Frå LikenShare fikk eg tilsendt den nye lypsylen frå Lypsyl - Active Rescue Lypsyl. Måtte eg reise til ei aude øy og kun fikk ha med meg tre ting hadde lypsyl vore ein av de tre tinga! Eg har prøvd alle av Lypsyl sine lypsylar (kor mange gongar kan eg skrive lypsyl i eit innlegg?), og av de er denne absolutt den beste de har!
Den er lett på, men held lenge - og den reparerar også små munnsår. Very nice! Finfin å ha med på tur no i vårværet - vind og sol tørkar fort ut leppene, i alle fall når det er kombinert med få eller ingen varmegrader!

søndag 22. mars 2015

Beef Yerky og Clausthaler

I veka fikk eg tilsendt Beef Yerky Peppered og Clausthaler Pale Lager frå LikenShare. Så i går diska vi oss med nye smakar og "Dum og dummere 2".
 Beef Yerky er eit fenomen i USA,  eg hugsa at folk snakka om det, og eg har høyrt om det i filmer. Men eg har aldri smakt, så eg var veldig spent. Designet på Clausthaleren er så fin at eg nesten kjøpte det her ein dag eg var på butikken i solskinn - den lillafargen appellerte veldig til vårhungrige meg!
 Yerkyen var veldig god dei første bitane. Litt søte, perfekt peppra og gode. Men så vart de litt seige, de kunne med fordel ha vore tynnare. Eg er ikkje ein kjøttelskar, så faktisk vart eg litt uvel av å snackse kjøtt - sjølv om eg delte denne lille posjonspakkningen på 25 gr. med mannen. Han likte den ikkje så godt. Men det er i alle fall perfekt som turmat, som alternativ til salte og usunne kjeks!

Lageren var veldig god! Frisk og smakfull!  Begge likte denne, så den kjøper vi nok igjen!
 Digger oksygenfjernaren som låg saman med Beef Yerky! ! Slike ting fasinerar meg!
Eg ba storebror om å rydde golvet før han gjekk på besøk. Eg veit ikkje om dette var betre ;)
I skrivande stund er ungane på besøk hos venner medan eg og mannen skulle tapetsere. 20 minuttar før ungane skulle gå las vi på tapetlimet at veggane og rommet måtte vere minst 18 grader før vi kunne tapetsere. Gangen vår er eit påbygg, og iskaldt no som det har stått utan isolasjon og indre tak i halvanna månad. Derfor jobber mannen no med å isolere taket og varme opp rommet, så kanskje; om vi er heldige;  får vi tapetsert i ettermiddag. Så masse for å sende ungane vekk så vi fikk jobbe i fred!

torsdag 5. mars 2015

Hauk og due

Den nye lydboka som gjer vegen heim i rushtrafikken bra er Henrik H. Langeland sin "Hauk og due". I skrivande stund er eg på siste spor på CD 4 av 5. 4-5 CD'ar er det eg rekker på lydbok før eg må levere den tilbake, eg sitter nok ikkje så lenge i bil som eg innimellom trur eg gjør :)
No skal eg få prøve Storytel. Storytel er ein tjeneste som gjer deg tilgang til tusenvis av lydbøker og e-bøker på mobilen, nettbrettet eller datamaskina di. Eg skal ha det på mobilen, noko som passar supert sidan eg neste veke skal busse ein del, og eg kan jo ikkje ta med meg walkmanen min ( ;))! Eg skal høyre Anita Krohn Traaseth sin "Godt nok for de svina" og gler meg til det!
Takk til Likenshare som lar meg prøve ut. Håper eg ikkje blir hekta! 

mandag 16. februar 2015

Jif!

Etter at eg fikk vere med i Likenshare sin kampanje med Jif Skurekrem gjekk det kun få dagar før vi fikk tilsendt ei flaske. Eg la den saman med resten av badvask-utstyret vårt og venta spent.

Mannen vaska som vanleg badet i helga, og da eg kom på kampanjen skunda eg meg inn; "Er du ferdig alt eller?" Ja, det var han. "Ånei, men du må prøve den nye skurekremen som vi fikk!" "Var ikkje den til kjøkken da?" "Ehh, eg veit ikkje. Men kan du ikkje vaske vasken med den da?" "Igjen?" "Ja?"

Køyr reklame:
Det vart veldig reint og fint!
Men altså, vi bruker tydlegvis alt Jif på badet! Spray på og vask av, det blir heilt reint det! Men skurekrem er nok betre til oss til bruk på kjøkkenet. Rundt vasken og slikt. Så vi har flytta den inn der, men ikkje fotodokumentert bruken. Eg liker lukta. Litt. Men eg liker Jif! Veldig!

mandag 2. februar 2015

Arbeidsfordeling

Innimellom merker eg kor stor forskjell det er på generasjonane - korleis vi tenkjer at ting skal vere. Det trenger ikkje å vere mange år, og det kan like godt ha samanheng med kor gamle eins eigne foreldre var, personlegheit og ønskjer. Men folk er forskjellige.

Heime hos oss fordelar vi husarbeidet. Eg vaskar klær, mannen vaskar huset. Eg lagar middag i helgene, mannen lagar middag i vekene. Vi ryddar kjøkkenet annan kvar dag. Ingenting å lure på.

Eg kan jo ikkje vaske do med Dior-negler!?
På veg i posten er ei prøveflaske av Jif Skurekrem Sitron.

Det er frå Likenshare, der eg innimellom får prøve ut produkter. Mannen er mykje betre enn meg til å vaske, så denne blir til han. Eg liker best "spray-på-og-tørk-av". Men når eg gjør det får eg høyre av mannen at eg også bør vaske med ein fuktig klut. Så da kan ein vel like godt bruke skurekrem? Eg skal rapportere tilbake :)

Men under på ein slik reklameposter bør det like gjerne stå - Mann, 33

herrejemini!

onsdag 17. september 2014

D-pearls

Frå LikenShare fikk eg tilsendt ein pakke med D-pearls til utprøving. Etter denne knallsommaren er det vel knapt eit menneske i dette land som lider av D-vitaminmangel - men det er jo opplest og vedtatt at det er vanskelig å få nok D-vitaminer her oppe i nord. Hos oss går det i tran, sana-sol eller vitaminbjørner på vinterhalvåret (alt etter kven du spør), så i år har eg tjuvstarta på tilskotssesongen med ein liten gul pille kvar kveld.
Pillen er så liten at ein fint kan svelge den ned utan vatn, og ein kan også tygge den. Vitaminen er "blanda" med god olivenolje - så når eg tygger den smaker det faktisk godt! Frisk olivenoljesmak er deilig - nesten så eg burde ha dyppa litt focaccia i det! ;) Det hadde blitt vanskelig, for det er ikkje store perla:
So far so good! I tillegg utnytter eg sola så mykje eg kan, så det er vel nummeret før det blir vitaminoverdose her. Neida. Joda.

tirsdag 19. august 2014

Skulestart!

I går var det skulestart for storebror - og vi hadde planlagt mange kjekke overraskelser gjennom store deler av dagen! Vi dekte på eit fint frukostbord med levande lys, finservice, eggerøre og oppskåren frukt. Vi åt lenge før eg fann fram dagens overraskelse nummer ein: skuletut. Eg fikk mail frå Liken'Share for ei vekes tid sidan om eg ville ha ein gratis skuletut. Skuletut er ein tysk tradisjon der ungane får dette på første skuledag - fylt av utstyr de trenger til skulen. Mykje av det eg kjøpte til å ha oppi hadde eg kjøpt uansett:
... med unntak av Donaldbladet sjølvsagt! Sjølve skuletuten er laga i hard papp, og er diger!
Eg hadde nok ikkje kjøp denne om det ikkje var for at eg fikk den. Men den er jo kul, og som sagt kjempestor, og storebror leika ein del med den i går. Det var ikkje noko problem å fylle den heller. Storebror viste ikkje kva det var før han fikk det, og no kallar han det for "den du la alle tingene mine oppi". Skuletut er jo eit litt dumt ord...
På førskuledagen fikk storebror ei bok der han skulle lime inn minner frå sommaren. Boka har vi jobba med fleire gonger i sommar! Her ser du bileter frå Preikestolen, billett til Stavanger Kunstmuseum, litt av forpakninga til Ninja Turtles-snop som han fikk, bilete frå hotellet vi sov på i Stavanger, og billetten etter Brann-Rosenborg-kampen som han og mannen var på Stadion og såg på søndag. Denne tok han med seg på skulen i går.
Her har han fått skuletuten, og jublar over alt som låg oppi! Supermanntruser - check!
Skulen hadde flagga for alle de nye førsteklassingane! Rektor gav ein fin liten tale, og alle elevane fikk raude roser.
Det regna mykje idet talen begynte, så vi gjekk inn i gymsalen. Lillesøster hadde fått fri frå barnehagen for å vere med på første skuledag. Ho var tolmodig og stille heile tida.
I klasserommet satt de på gruppebord, 4/5 på kvart bord. Storebror hadde fått plass heilt framme. De satt også i "ringen", der de mellom anna hadde ein namneleik. I ringen låg det ein pakke som alle fikk gjette på. De fikk ei lita teikneoppgåve der de skulle teikne det de trudde var inni pakken og etterpå fikk de stå foran alle og seie kva de hadde teikna. Til slutt sang de ein sang, før de stod ved plassane sine og sa "ha det" - og da var første skuledag over!
Læraren hadde satt alle rosene i ei vase, så etter at alle var klare til å gå fikk de komme fram - eit og eit bord - og hente rosa si igjen.
Store, flotte skuleguten vår! Klassen verkar veldig flott, og læraren er trygg, tydleg og roleg - heilt supert! Vi trur dette kjem til å gå så fint!

Etter at skuledagen var over reiste vi på Bowling - for første gong! Etter bowlinga var det jo McDonalds; også var vi slitne alle saman og reiste heim. Storebror satte seg i stua med lydbok og puslespel heile ettermiddagen. Det tar på å gjøre så mange nye ting! Sjølv måtte eg leggje meg og sove litt - heilt utslitt eg også!

tirsdag 24. juni 2014

Ei mil!

I går runda eg mila - faktisk 10.14 km. Langt? Ja. Slitsomt? Njaaa, i oppoverbakkane var det slitsomt. Det er mykje opp og ned på den ruta eg valgte i går. Men ein kjem inn i ein tralt der beina går av seg sjølv og tankane flyr. Da eg var på kurs i jobbeteknikk sist veke fikk eg tilbakemelding "eg har ingenting å utsette på deg" - men eg tenkte likevel på teknikken i går slik at det vart gjort skikkelig. I dag har eg litt gangsperre i lår og leggar - det er vel ikkje mindre enn ein kan forvente.

I ettermiddag har vi ingen planer, og det er bra! Stillaset som har stått oppe i nesten 7 veker vart tatt ned i går, så i ettermiddag skal vi kose vekk rusk og rask etter taklegging, skifting av kledning og ikkje minst skraping og maling av alle yttervegger i tre. Eg gler meg til å få det ryddigare og koslegare rundt huset!

Vaske og rydde! Er det ingen jobb til ungane lagar vi jobb. Skum og vatn er alltid populært!
I går fikk eg tilsendt spray i posten gjennom Liken'Share:


Den tok eg med meg på jobb i dag og prøvde den ut etter mange timar foran dataskjermen. Den er luktfri, og kjennes ut som ein lett dusj. Sommarregn eller som når ein er i nærleiken av ein stor foss. Kaldt og ganske så deilig! Eg var redd at huda ville kjennas tørr etterpå, men det gjør den absolutt ikkje. Ein god erstatning for ein kopp kaffe ;)

tirsdag 17. juni 2014

Ein ny tur?

I dag melder eg meg som interessert til å vere testfamilie gjennom LikenShare, der eg - om eg er superjulenisseheldig - får reise på ein ny "Syden"-ferie med mann og barn! Vi reiste med Apollo i mai når vi var på Mallorca, og var kjempefornøyd med de! Eg og mannen har reist på chartertur ein gong før, til Grand Canaria i 2003; og da reiste vi med Star Tour. Vi var fornøyde da også :) Reisen vi no kanskje får er med Star Tour, og går til ein av deira Blue Village-hoteller. Der får ein teste ut eit Blue Village-hotell og tilboda som er der. Kjempespanande!

Eg falt heilt for dette - på Rhodos:

Bilete lånt frå nettsida til Star Tour.

tirsdag 10. juni 2014

Roe-seg-ned-veke


Glad lillesøster snurrer i ny snurrekjole på Mallorca.
Når sist veke var overhektisk er denne veka den strake motsetning! Ikkje berre startar vi med ein fridag - det er stille segling heile veka! Men det tar seg godt opp i helga! Blåtur med jobben til mannen på fredag, og festival i helga! Da skal eg jobbe litt, men igjen er mann og barn med, så det er lett-tjente avspaseringstimar ;)

Ellers ventar eg i desse dager på eit nytt prøveprodukt frå Likenshare; Avène Kildevann.

Produsentane skriver at: Kildevannet er særlig rikt på mineraler og sportstoffer og inneholder legende og anti-irriterende silikater som reduserer hudcellenes følsomhet. Kildevannet bidrar til å gjøre huden mindre reaktiv og styrker cellene.

Høyres knall ut - eg gler meg til å prøve!

onsdag 28. mai 2014

Kveldsmat og trening

Vi utnytta sola til fulle i går, og klipte heile plenen, samt ein del av hekken. Dette er første gong vi klipper plen i sommar; og no ser den flott ut! Mosen også;)

For nokre veker sidan fikk eg tilsendt Smørbar Sheddar frå Likenshare. Eg har spist den som pålegg på knekkis, men den kan også brukast på andre måtar. Eg likar godt cheddar på hamburgere, og overgongen til pålegg var ok - men smaken er veldig mild - slik at ein faktisk må ha ganske masse på (mykje meir enn eg har på mine knekkebrød) for at smaken skal komme fram. Men da er den god altså!

Hæ? Trur du eg har stæsja kveldsmaten min? Neida...
Eg er litt opphengt i mat akkurat no. Treninga til halvmaraton er hard, og målet er å bygge muskler og utholdenhet - ikkje å gå ned i vekt. De dagane eg trenar må eg spise mykje meir til kveldsmat enn det eg gjorde i går (biletet), eg må berre finne på noko som er godt! I dag kjenner eg det i begge armar, og mage/rygg etter å ha jobba i hagen i halvanna time, så kveldsmaten burde sikkert ha vore større i går også.

I dag er det intervalltrening som står på planen. Pyramideintervall - heilt forferdelig tungt, men fantastisk effektivt!

tirsdag 25. mars 2014

Vaffeldag

Musikalsk ettermiddag. Duett. 
SOL SOL SOL SOL! Do we LOVE it?? Jeppsipeppsi! I dag er det vaffeldagen, så vi benytter høve til å bruke opp både kremfløyte og rømme som snart går ut på dato, og lager feit og god vaffelrøre som vi skal servere med rømme og siste lille rest av heimelage ripsgele til kveldsmat. Etter den steinharde styrketimen eg hadde på sats i går er det på sin plass å fylle på med sikringskost dagen derpå! Eg er stiv og støl overalt, og digger det!
Vi skal sjølvsagt utnytte ettermiddagen ute, før vaffelspising. Eg skal sage vekk ei gammal ripsbusk eller to som vi ikkje klarer å kave oss fram til å juli når de er fulle av blader og rips. Ellers skal vi rydde litt på naturtomta vår (for det er eigentlig det den er) og glede oss over spirane som jobber seg veg gjennom rusk og rask som ikkje vart rydda vekk etter hausten.

I dag fikk eg ein sjanse gjennom LikenShare som eg ikkje kunne la gå frå meg. Eg leser bok på senga kvar kveld, men har enda ikkje prøvd meg på e-bok. No har eg fått sjansen, og gler meg til å prøve det og sjå om eg trivast med å lese bok på nettbrett. Boka, som eg gler meg skikkelig til å lese, er "Mannen som ville dø lykkelig" av Knut Georg Andresen. Den får ligge på vent til været blir verre, for desse dagane som kjem skal eg vere uteuteute så mykje eg berre kan!

tirsdag 1. oktober 2013

Pre-forskjøla og til dels hårete

Dorullkunst på kjøkkenbordet
I heile september har eg klart å unngå å bli sjuk. Dette er ein stor sak - ALLE på jobb har vore heime med feber, vond hals og bomull mellom øyrene, utanom meg. I dag er det 1.oktober, og eg vokna med vond hals og rennande nase - i tillegg til evna til å svette berre eg løfter ei arm. Men show must go on, i alle fall før eg evt får feber. Derfor håpar eg at Fribol Hoste/Hals-lakrisdrops som eg får tilsendt av LikenShare er i posten alt i morgon.
Riktig så artig med gøye klistermerker! Dorullkunst er undervurdert :)
Det er vist ikkje berre helsa som forfaller desse dager. I går tok eg meg heilt ut på trening, men spensthopp, armhevingar, sprellemannfakter og ikkje minst utfall. Eg tok så grådig i på utfall nummer 48 at eg smelte høgre kne nedi gulvet, noko som resulterte i blåmerke som eg da eg kom heim igjen ville vise til mannen.

"Sjå, eg har blått kne!"
Mannen kaster eit blikk på kneet mitt.
"Ja, du har hår på kneet."
"Hår? Nei! BLÅ! Eller vent no litt - ja litt hår også ja."

På tide å finne fram barberhøvelen igjen?

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...