tirsdag 19. august 2014

Skulestart!

I går var det skulestart for storebror - og vi hadde planlagt mange kjekke overraskelser gjennom store deler av dagen! Vi dekte på eit fint frukostbord med levande lys, finservice, eggerøre og oppskåren frukt. Vi åt lenge før eg fann fram dagens overraskelse nummer ein: skuletut. Eg fikk mail frå Liken'Share for ei vekes tid sidan om eg ville ha ein gratis skuletut. Skuletut er ein tysk tradisjon der ungane får dette på første skuledag - fylt av utstyr de trenger til skulen. Mykje av det eg kjøpte til å ha oppi hadde eg kjøpt uansett:
... med unntak av Donaldbladet sjølvsagt! Sjølve skuletuten er laga i hard papp, og er diger!
Eg hadde nok ikkje kjøp denne om det ikkje var for at eg fikk den. Men den er jo kul, og som sagt kjempestor, og storebror leika ein del med den i går. Det var ikkje noko problem å fylle den heller. Storebror viste ikkje kva det var før han fikk det, og no kallar han det for "den du la alle tingene mine oppi". Skuletut er jo eit litt dumt ord...
På førskuledagen fikk storebror ei bok der han skulle lime inn minner frå sommaren. Boka har vi jobba med fleire gonger i sommar! Her ser du bileter frå Preikestolen, billett til Stavanger Kunstmuseum, litt av forpakninga til Ninja Turtles-snop som han fikk, bilete frå hotellet vi sov på i Stavanger, og billetten etter Brann-Rosenborg-kampen som han og mannen var på Stadion og såg på søndag. Denne tok han med seg på skulen i går.
Her har han fått skuletuten, og jublar over alt som låg oppi! Supermanntruser - check!
Skulen hadde flagga for alle de nye førsteklassingane! Rektor gav ein fin liten tale, og alle elevane fikk raude roser.
Det regna mykje idet talen begynte, så vi gjekk inn i gymsalen. Lillesøster hadde fått fri frå barnehagen for å vere med på første skuledag. Ho var tolmodig og stille heile tida.
I klasserommet satt de på gruppebord, 4/5 på kvart bord. Storebror hadde fått plass heilt framme. De satt også i "ringen", der de mellom anna hadde ein namneleik. I ringen låg det ein pakke som alle fikk gjette på. De fikk ei lita teikneoppgåve der de skulle teikne det de trudde var inni pakken og etterpå fikk de stå foran alle og seie kva de hadde teikna. Til slutt sang de ein sang, før de stod ved plassane sine og sa "ha det" - og da var første skuledag over!
Læraren hadde satt alle rosene i ei vase, så etter at alle var klare til å gå fikk de komme fram - eit og eit bord - og hente rosa si igjen.
Store, flotte skuleguten vår! Klassen verkar veldig flott, og læraren er trygg, tydleg og roleg - heilt supert! Vi trur dette kjem til å gå så fint!

Etter at skuledagen var over reiste vi på Bowling - for første gong! Etter bowlinga var det jo McDonalds; også var vi slitne alle saman og reiste heim. Storebror satte seg i stua med lydbok og puslespel heile ettermiddagen. Det tar på å gjøre så mange nye ting! Sjølv måtte eg leggje meg og sove litt - heilt utslitt eg også!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...