tirsdag 19. desember 2023

Desember 1/2

Desember kom med for kort adventstid, for mykje gøyt å gå glipp av - og mange gode minner! 

Vi fikk med oss ein av de første Jan Eggum-konsertane i rekka - og sjølv om vi kun hadde høyrt nokre få songar tidlegare, lot vi oss stort underholde av gode tekstar, hysterisk artige anekdoter, eit publikum som ikkje berre hadde høyrt alt før, men som også kunne tekstane godt - og generelt skikkelig god stemning. Første søndag i advent.
Dagen etter konsert i kjellarlokalet på Ole Bull var eg på konsert i byens storstue for å sjå og høyre ei anna bergensk legende - Sissel Kyrkjebø. Dette var ein heilt anna konsert; sjølvsagt; men også fint å få oppleve. Vi hadde varma opp med OL i -94 på YouTube, og Se ilden lyse; så det var stor stas å høyre den live!
Ute var det iskalde og klåre dagar med isstjerner på vindauget, og snø utanfor.
På Mozart sin dødsdag, 5.desember, var vi på ein fantastisk konsert i Nykirken - seint på kvelden. Eg er så glad i dette verket; og det var heilt fantastisk å sitte der og høyre. Det var også noko fint ved å spasere ut i minus 10 grader og snøfall, i 23-tida på kvelden, saman med masse andre folk - fulle av musikk og storhet.
Apropos storhet var det sjølvsagt på sin plass å få med seg Jon Fosse Ord for ord. Eg hadde billett til de fire første lesningane, også såg eg fleire lesningar heime. Vi skåla i bobler på søndagen, og såg overrekkelsen i Stockholm. Ein stor dag!
Med lovnad om regn, var det berre å utnytte ein heimekontordag og komme seg ein liten tur ut. Sola ligger knapt over horisonten no, to veker unna årets mørkaste dag.
Luciadagen starta grytidleg med konsert i Domkirken. Med kun levande lys og barnekor var det ein roleg start på dagen. Dagen slutta heilt i andre enden med ein dansefest av de sjeldne - dette må da ha vore ein av de beste Luciadagane nokon sinne! Ja takk til litt av kvart! Noko av dagen var brukt i selskap med denne utsikta. Luftig og pent!


onsdag 6. desember 2023

Novemberhøgdepunkt

November med sine iskalde og klåre dagar. Ein overskotsmånad med fleire høgdepunkt!

Søndagstur opp på Sotra sin høgaste topp; ikkje spesielt høgt, men spesielt vakkert frå toppen. Og no, ein månad seinare, hugsa eg aller mest den hygglege mannen eg snakka med både på veg opp og på veg ned. Fine folk på fjellet altså!
Eit scenografisk høgdepunkt i Grieghallen, da Bergen Nasjonale Opera viste Katja Kabanova. For ei forestilling (og for eit oppsett!)! Aldri har eg opplevd at ein buar under applausen, men det gjorde ein her. Svigermødre har det ikkje lett, og ho som spelte svigermor her vart bua (med latter) da ho kom inn på applausen. Bonusoppleving!
Kurt Nilsen markerte 20 år på scena, og her ville vi vere med (til tross for at nokon av oss ikkje stemte på Nilsen i finalen av Idol). Det er eigentlig heilt utruleg kor mange songtekstar ein kan, sjølv om ein ikkje har høyrt på songane på mange år.
Visste ein ikkje at det var fleire minusgrader ute, kan det sjå ut til at det er reine sommaren! (uten blad på trærna)
Diktatorharselering og brølelatter på DNS. Ein god kveld å dingle over publikum (gøy med oversikt over ein stor gjeng når vi alle kvepper skikkelig)! Bonusoppleving nummer 2!
Ei lita jobbreise til Stavanger. Fine koppar på Stavanger kunsmuseum, gode foredrag, ei fantastisk danseforestilling og fire heilt ok, spanande mennesker, 
og ei nydleg utstilling på staden med de fine koppane. Eg drøymer fortsatt om disse rommene.
Stavanger gjorde seg klar til desember, og på veg til bussen kunne byen sjå ut som ein metropol. Min indre storbyelsker veit å spotte det som kan sjå ut som nettopp det. Trenger ikkje å være det. Glad likevel.
Litterær og musikalsk lunch for å sjekke ut ein av byens mange musikalske heltar. 

Og ein spasertur - siste dag i november - i låg vintersol, i fleire minusgrader enn komfortabelt og i godt humør. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...