tirsdag 19. desember 2023

Desember 1/2

Desember kom med for kort adventstid, for mykje gøyt å gå glipp av - og mange gode minner! 

Vi fikk med oss ein av de første Jan Eggum-konsertane i rekka - og sjølv om vi kun hadde høyrt nokre få songar tidlegare, lot vi oss stort underholde av gode tekstar, hysterisk artige anekdoter, eit publikum som ikkje berre hadde høyrt alt før, men som også kunne tekstane godt - og generelt skikkelig god stemning. Første søndag i advent.
Dagen etter konsert i kjellarlokalet på Ole Bull var eg på konsert i byens storstue for å sjå og høyre ei anna bergensk legende - Sissel Kyrkjebø. Dette var ein heilt anna konsert; sjølvsagt; men også fint å få oppleve. Vi hadde varma opp med OL i -94 på YouTube, og Se ilden lyse; så det var stor stas å høyre den live!
Ute var det iskalde og klåre dagar med isstjerner på vindauget, og snø utanfor.
På Mozart sin dødsdag, 5.desember, var vi på ein fantastisk konsert i Nykirken - seint på kvelden. Eg er så glad i dette verket; og det var heilt fantastisk å sitte der og høyre. Det var også noko fint ved å spasere ut i minus 10 grader og snøfall, i 23-tida på kvelden, saman med masse andre folk - fulle av musikk og storhet.
Apropos storhet var det sjølvsagt på sin plass å få med seg Jon Fosse Ord for ord. Eg hadde billett til de fire første lesningane, også såg eg fleire lesningar heime. Vi skåla i bobler på søndagen, og såg overrekkelsen i Stockholm. Ein stor dag!
Med lovnad om regn, var det berre å utnytte ein heimekontordag og komme seg ein liten tur ut. Sola ligger knapt over horisonten no, to veker unna årets mørkaste dag.
Luciadagen starta grytidleg med konsert i Domkirken. Med kun levande lys og barnekor var det ein roleg start på dagen. Dagen slutta heilt i andre enden med ein dansefest av de sjeldne - dette må da ha vore ein av de beste Luciadagane nokon sinne! Ja takk til litt av kvart! Noko av dagen var brukt i selskap med denne utsikta. Luftig og pent!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...