Det kjennes som om det er meir enn eit år sidan, men i dag feirar eg at det er eitt år sidan eg fikk godkjent eksamen min - og vart sertifisert yogalærar innan Hatha og Yin. Utdanninga, eller kurset kanskje, var 200 timar; og med unntak av sjølve yogatreninga såg det slik ut; på kjøkkenbordet med te og notatbok, nettbrett og støttelitteratur.
Før eksamenstimen min, som var ein del av den langt større eksamensinnleveringa, inviterte eg nokre venner på besøk og laga stua om til eit lite yogastudio. Eg hadde plass til 6 yogaelevar, som var dei første eg underviste i ein heil time. Rett etter at eg hadde levert inn eksamen, og nokre veker før eg fikk den godkjent, fikk eg jobb som yogalærar. No - eit år etter - har eg undervist tre ulike grupper; og utdanna meg vidare innan Yoga Nidra. Eg feirar dagen med kunstutstillingsopning og champagne, og eg sender ein Namaste til Swami Satyananda, kvar han no enn er.Namaste også til deg :)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!