April har inneholdt all slags vær, men mest av alt knallvær! Ein søndag vokna vi til snø! Vi kasta ut begge ungane for ein siste runde i akebakken bak huset! Det var også ein gylden moglegheit til å snakke om at snø er snø, gøy er gøy, uansett kva månad det er! Smelte fort gjør den og.
Kveldssol på joggetur i fine omgivelser medan storebror var på sjakkurs.
Søndagstur til Stoltzen - over skyene for å sjå at morgondisen trakk seg vekk fra byen.
Lunchgrilling og hengekøyetesting i Alvøskogen.
Også - påskeferie!
Solnedgangtur(er) til Lyderhorn før vi tok bilen og køyrte austover.Sola midt imot - på veg over Hardangerbrua!
Løpe-i-snøen-pause på Hardangervidda.
Påske, sommar og sol på vestkysten av Sverige.
Vi tok oss årets første, andre, tredje, fjerde og femte bad! 7 grader i havet, men varmt og godt på land! Også stranda heilt for oss sjølve da!
Svensk skjærgårdsidyll!
Vi besøkte Nordens Ark som er ein dyrepark med hovedsakleg nordiske dyr. Oooog nokon ikkje fullt så nordiske :)Med magen full av sild, smørgåstårta, påskmust (svensk påskebrus) og loff, kroppen full av total kvilepuls, overskot, badeglede og sommerminner kjørte vi heim til gamlelandet. Som venta var den første veka tilbake på jobb tøff - for nokon meir enn andre på grunn av bjørka som hadde skrudd seg på!
April enda med dagesvis i sofaen ettersom all bjørk hadde full spredningsfest i finværet. No ser det omsider ut som om varmen tar ein pause og snart er det kanskje mogleg å gå ut igjen - og til og med puste skikkelig. Det gledast.
Utsikt frå stuevindauget ein kveld som hadde vore perfekt å trene i. Snart! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!