Yogalæraren sitt privilegium er å settje opp ein ekstra Yin-yoga-time, slik at eg sjølv - etter tre veker med sjukdom- får løyst opp og starta igjen. Vi var fleire som framleis kom oss etter influensa, så dette var kjærkomment.
Med friskare kropp kan ein også isbade igjen, knapt 6 grader i vatnet midt i mars. Her har eg tatt bilete av lyset, like ved parkeringsplassen.Toget tar meg på jobbreise til Oslo ein regnfull morgon.
I Oslo har eg sein innsjekk på hotellet, så eg jobbar frå kafé, med matcha-latte i koppen.
Verste hotellrommet på fleire år, men ei veldig fin trapp opp i 6.etasje.
Eg prøver de billigste billettane på operaen, og ser rundt 70% av scena. Det eg såg var 100%, og hadde eg hatt moglegheit, hadde eg gått tilbake og sett alt ein gong til! Årets absolutte sceniske høgdepunkt!
Dårleg rom, men god kaffe frå resepsjonen.
Og heldigvis skulle eg vidare til eit langt betre hotell! Her frå den einaste morgonen eg hadde der, med god kaffe i fin kopp.
God morgon på veg til Praha! Upåklagelig utsikt og trivleg nabo på rad 12!
Også - god morgon frå suiten vår i den tsjekkiske hovedstaden.
Mars avslutta vi på påskeferie i vakre Praha, med magen full av skikkelig god mat og hovudet fullt av gode opplevingar. Og fullmåne!











Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!